Tidsskrift for livssynsdebatt

Kristian A. Bjørkelo
Av Kristian A. Bjørkelo

Eit manifest for framtida

Anders Behring Breiviks myte om seg sjølv og sin motivasjon

Dei som i framtida søkjer svar på kva Anders Behring Breivik sto for, vil først finne det i manifestet han etterlet seg. Her er alle spørsmål besvart, med historisk bakgrunn, ritual, dagbok og intervju med gjerningsmannen. Lik hovudpersonane i Focaults pendel skapar Breivik ei myte som historia vil kunne puste liv i. Difor må ein lese manifestet og avsløre løgnene. Difor må vi syne han fram som den skrønemakaren han er.

Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist og fri­lans­skribent og til daglig ansatt ved Uni­versitetet i Bergen. Han er hovedansvarlig for den burleske salongen Absalong i Bergen.


Foto: Arnfinn Pettersen

Om ein skal tru hans «manifest» har terroristen og massemordaren Anders Behring Breivik levd i eit univers dominert av konspirasjonsteoriar og pseudohistorie1. I denne verda står tempelridderar og korsfararane sentralt. Desse førestillingane er han ikkje åleine om. Tempelriddarordenen er ein fast bestanddel i moderne mytologi, og du har ikkje ein verkeleg sprø konspirasjonsteori før du har klart å forklare Tempelriddarordenen si rolle i det heile.

Som Umberto Eco skriv i Focaults pendel: «The lunatic is all idée fixe, and whatever he comes across confirms his lunacy. You can tell him by the liberties he takes with common sense, by his flashes of inspiration, and by the fact that sooner or later he brings up the Templars.»

Og dette stemmer pent med Anders Behring Breivik, som hevdar å representere eit nettverk av tempelriddarar, klare til å kjempe i mot den muslimske invasjonen. Hans tempelriddarorganisasjon hevdar han vart grunnlagt i England med dette formålet – korsfarande riddarar for ei ny tid. Som frimurar er han godt kjend med mytologien som omringer dei, og han har vevd frimurarreferansar inn i si omtale av ordenen. Kva skal ein tru av det han skriv? Og kva skal vi tru om det? Er det ville fantasiar eller har det ei alvorleg kjerne?

Riddar Breivik

Ifølgje han sjølv, var han tilstade då ei gruppe menneske frå heile Europa i 2002, meir presist i april og mai det året, var samla for å skipe eit motstandsnettverk tufta på ideala til dei opphavlege tempelriddarane:

“I am the Norwegian delegate to the founding meeting in London, England and ordinated as the 8th Justiciar Knight for the PCCTS, Knights Templar Europe. I joined the session after visiting one of the initial facilitators, a Serbian Crusader Commander and war hero, in Monrovia, Liberia. Certain long term tasks are delegated and I am one of two who are asked to create a compendium based on the information I have acquired from the other founders during our sessions. Our primary objective is to develop PCCTS, Knights Templar into becoming the foremost conservative revolutionary movement in Western Europe the next few decades. This in relation to developing a new type of European nationalism referred to as Crusader Nationalism. This new political denomination of nationalism will become the foremost counterweight to National Socialism and other cultural conservative political denominations, on the cultural right wing. Everyone is using code names; mine is Sigurd (the Crusader) while my assigned mentor is referred to as Richard (the Lionhearted). I believe Im sic the youngest one here.”2

Det er slik dagbok-delen av manifestet hans tar til. Han skriv lite vidare om kontakt med korkje mentor eller andre, men han skriv om korleis han gradvis legg grunnen for aksjonen sin. Dagboka er openbart skriven i ettertid fleire stadar, då det går lang tid mellom kvart punkt dei første åra. Dette første avsnittet legg grunnen for tankeverda som dominerar resten av dagboka. Det handlar om han som fridomskjempar og som tempelriddar. Dette gjennomsyrar og skildringa av privatlivet hans, om gjestane på ein fest i 2008 skriv han:

“If only they had any idea that one of their guests was a Justiciar Knight of an organisation affiliated with the Norwegian and European Resistance Movement, I would be thrown out immediately most likely.”3

Han er overtydd om at hans tittel som Justiciar på eit eller anna vis eller tidspunkt skal tyde noko. Slik skriv han seg inn som ein slags agent i sitt eiga liv, han underheld seg sjølv med at han veit sanninga som kviler under den mundane overflata til Anders Behring Breivik. For alle rundt han er han berre nok ein vestkantgut som ikkje har utretta noko av tyding, men han veit at han er ein riddar og ein motstandskjempar. Og han vil at vi som mottakarar av hans bodskap skal forstå han på same vis.

Som tempelriddar, eller Justiciar, tar Breivik på seg ei leiande rolle i det han opplev som nær ein krigssituasjon. Justicar-riddarane er frontkjemparane i ordenen han ser for seg, dei er soldatar, dommarar og bøddel:

“A Justiciar Knight is a destroyer of mlticulturalism, and as such; a destroyer of evil and a bringer of light. I will know that I did everything I could to stop and reverse the European cultural and demographical genocide and end and reverse the Islamisation of Europe.”4

Manifestet er stappfull av tips til korleis ein skal finansiere aksjonar og unngå å verte oppdaga. Noko av dette har han henta frå ulike kjelder rundt omkring, medan anna har han frå si eiga «erfaring». Manifestet er ikkje berre ei forklaring på kvifor han har gjort som har gjort eller ei utgreiing av motivasjon (og la det vere soleklart, motivasjonen er å kjempe mot islam og dei som har forrådt Europa ved å sleppe muslimar inn på kontinentet), men ein manual i korleis ta del i kampen og verte ein Justiciar. Manifestet inneheld alt ein treng for å verte ein einsleg krigar eller starte ei celle, inkludert eit initieringsritual inspirert av hans virke som frimurar.

Skildringa av ritualet strekk seg over fleire sider, og egner seg difor ikkje til å verte sitert her5. Breivik skildrar ikkje berre ritualets gang, men omgjevnadane og den naudsynte klesdrakta er med, og detaljar som kvite hanskar kjenner ein att frå frimurarseremoniar.

Å vere ein tempelriddar i Breivik sin orden er for dei som er villige til til døden å forsvare Europa, og lik dei originale medlemmane av Tempelriddarordenen må dei forsake verdsleg gods og førebu seg på martyrdøden:

“To qualify to act as a ”Justiciar Knight” the individual has to pledge the Knights Templar oath by completing the “Initiation Rite” (see: The PCCTS, Knights Templar Oath – Initiation Rite) and swear to follow the principles of the PCCTS, to protect the interests of all free, indigenous Europeans, European cultures and Christendom in general through armed struggle. Choosing the path of the Justiciar Knight is to walk the path in pursuit of becoming “The Perfect Knight”. Any candidate prepared to walk this road must be willing to forfeit his materialistic ambitions and embrace voluntary poverty and martyrdom.”6

Faktisk nyttar Breivik så mykje tid på å skildre det å verte martyr for saka og argumentere for at dette ikkje er å rekne som sjølvmord, at ein kan anta at han var førebudd på å ikkje verte tatt i live. Martyrdøden er noko ein assosierar med ein heilag krig i disse dagar – og i utvida forstand med det korstoget som Breivik låner inspirasjon frå.

Den historiske ordenen

Tempelriddarordenen, eller meir presist Pauperes Commilitones Christi Templique Solomonici, vart grunnlagd av Hugues de Payens i 1119, med det formål å beskytte pilgrimsvegen til Jerusalem. Dei oppretta sitt hovudkvarter på staden for Kong Salomons tempel (derav namnet), på den såkalla Tempelhøgda, der Al Aqsa-moskeen står. Under korstoga var tempelriddarane, eller tempelherrane som dei òg vert kalla, særs sentrale og har fått eit rykte på seg for å vere elitestyrkar.

I all hovudsak var ordenen ein ny form for munkeorden, og eit alternativ for adelege søner utan store arva å sjå fram til, eller for medlemmar av adelsstanden som ville tene kristendommen utan å faktisk måtte verte kysk prest eller munk. Det var cistercianermunken St. Bernard av Clairvaux som i 1129 kjempa gjennom ordenens offisielle status, og i 1139 kunne Pave Innocent II frita ordenen frå lokale og nasjonale lover, då dei offisielt vart ei kyrkjeleg orden.

I løpet av to århundre erverva tempelriddarordenen ikkje berre eit godt renomè, men og store rikdomar, donert av medlemmar, vunnen i strid eller gjennom ågerverksemd. Dette er i hovudsak det historikarar meiner er årsaka til at Smukke Filip, den franske kongen, med pave Clement V si motvillige velsigning, rykka ut mot tempelriddarane i Frankrike fredag 13. oktober 1307. I eit tilfelle av ein verkeleg konspirasjon, slo kongen til mot tempelriddarane på same dag, og arrestere dei med ei bannlysing i hand. Ordenen var tiltalt for å ha fraternisert med muslimane, for å ha tilbedt Baphomet og for kjetteri og trolldom generelt. Visse anklager om sodomi låg og i lufta.

Jaques deMolay, den siste stormeisteren av tempelriddarordenen, gjekk på bålet i 1314, etter først å ha tilstått sine brotsverk og deretter trekt den same tilståinga i møte med dommens fullbyrding. Tempelriddarordenen vart med dette utsletta, men har likevel levd vidare som ein sentral del av europeisk mytologi, alternativ historie og konspirasjonsteoriar. Og Anders Behring Breivik har prøvd å skrive eit kapittel i Tempelriddarordenen si historie for framtida.

Kva skjedde med Tempelriddarordenen?

Sjølv om ordenen vart bannlyst, forfølgd og utsletta, har Tempelriddarordenen klart å leve vidare. Avhengig av kven du høyrer på, stakk ordenen enten til Skottland, med sine store skattar henta ut frå Salomons tempel (inkludert den heilage graal, eventuelt sanninga om Jesu etterkommar), der dei involverte seg i politikk og slo seg saman med laug av vandrande murarar. Eventuelt overlevde delar av ordenen i Aust-Europa, og har haldt liv i ritual og visdom der. Resultatet er fleire organisasjonar som sjølv hevdar, eller som vert anklaga for, å vere Tempelriddarordenen i ny form – og med ny identitet. Ein kan trygt hevde at nær samtlege okkulte samfunn i Europa kan knytast til Tempelriddarordenen på eit eller anna mytologisk eller konspiratorisk vis.
Fremst av desse er frimurariet, som allereie på 1700-talet hadde medlemmer som ville knytte sin organisasjon til Tempelriddarordenen. Og det er her teorien om deira flukt til Skottland kjem inn i biletet. Ifølgje mellom anna Michael Baigent, redaktør for Freemasonry Today og medforfattar av Holy Blood, Holy Grail, var det tempelriddarar i eksil som tryggja skotsk siger i det berømte slaget ved Bannockburn i 1314. Eit slag de kanskje hugser frå slutten av filmen Braveheart.

Tilhengjarane av desse teoriane inkorporerte denne mytologien i avanserte grader i frimurariet, gradene som følgjer etter det som tradisjonelt er den tredje graden – meister. Difor finn ein att tempelriddargrader i fleire ulike frimurarsystem, inkludert York-rituset, det skotske ritus og det svenske ritus. Sistnemnte er rituset som er aktivt i Noreg.

Tempelriddargradane har sitt faktiske opphav i Frankrike, og ikkje i dei tidlege skotskbaserte gradane. Desse gradane har ei rik historie i frimurarordenen frå 1700-talet fram til i dag, og har gjort Frimurarordenen til den organisasjonen med størst og mest synleg krav på arva etter tempelriddarane og til mytologien rundt7.

Sidan Breivik hevda å vere ein tempelriddar, og det vart kjendt at han var frimurar, var det naturleg at mange blikk retta seg mot organisasjonen. Særleg frå dei som ville trekkje parallellar mellom dei øvre gradane og Breivik sitt tankeunivers.

I motsetnad til Frimurarordenen, hevdar dei færraste organisasjonar som hentar namnet sitt frå Tempelriddarordenen som å vere noko meir enn åndelege arvtakarar. Namnet har eit historisk sus og legg grunnlaget for symbolverda til desse ordenane. Til dels vert ordenane sine aktivitetar legitimert av historia til Tempelriddarordenen, sjølv om dei berre har eksistert i hundre, femti eller tjue år.

VG slo stort opp at den internasjonale Tempelriddarorden tok avstand frå Breivik, og viser til storkommandør Robert C.G. Disney i frå Ordo Supremus Militaris Templi Hierosylmitani (OSMTH). Det er ein orden med band til NATO og FN, og som hovudsakleg består av veteranar. Dei vert òg nemnt av Breivik i manifestet, som ein kontrast til hans PCCTS. Tempelherreordenen O.S.M.T.H, som er ein utbrytarorden frå OSMTH og som står sterkt i Skandina8via (Storpriorat Skandinavien), kom òg med ei pressemelding for å ta synleg avstand til den sjølverklærte tempelriddaren9. Likeeins ville avhaldsforbundet Godtemplarordenen, IOGT, ta avstand og leggje ut ei offisiell kondolanse10, i lag med deira Tempelriddarorden (TRO)11. Sistnemnte er eit ordenssystem som liknar på Frimurarordenen, men som praktiserar totalavhald frå alkohol og som står sterkt i Skandinavia.

Dette er berre nokre av dei meir synlege ordensforbunda som har tatt i bruk namnet eller arva til Tempelriddarordenen og som følte at Breiviks bruk av det same stilte dei i eit dårleg lys. Dei måtte ta avstand, og gjere det offentleg, for at ingen skulle finne på å knytte dei til Breivik på grunn av namnet. Erfaring har vist at det er uomgjengeleg. Kort tid etter bomba small og rapportane kom frå Utøya, var det allereie spekulasjonar på gong blant konspirasjonsteoretikarane – kven stod eigentleg bak?

Løvehjarte sin orden

For media sin del, vart søkjelyset snøgt retta mot ein mindre kjendt Tempelriddarorden, ein orden som hadde fleire likskapstrekk med den Breivik skildra i manifestet sitt. Denne Tempelriddarordenen har som sitt mål å vidareføre kampen mot islam – og å drive ut invasjonen. Dei er nominelt kristne, har band til høgreekstreme miljø og teller ein og annan hooligan mellom sine medlemmar.

Ikkje minst gjeld dette leiaren Paul Ray, som bloggar under namnet Lionheart (Løvehjarte), som sjølv hevdar å vere ein av grunnleggjarane av English Defense League (EDL), men seinare har brudt med organisasjonen12. Paul Ray og dei andre likar å verte avbileta i kvite hettegenserar med det raude korsfararkorset på brystkassa, og dei framstår på alle vis som den løyndomsfulle, paramilitære motstandsrørsla som Breivik skildrar i sitt Manifest.

Vidare vert merksemda retta mot Paul Ray, ettersom han kunne vere den engelske lærarmeisteren som Breivik skal ha fått tildelt på skipingsmøtet i 2002:

“Everyone is using code names; mine is Sigurd (the Crusader) while my assigned
mentor is referred to as Richard (the Lionhearted). I believe Im the youngest one here.”13

Kodenamnet Richard (The Lionhearted) speler sjølvsagt på Rikard Løvehjarte, den britiske kongen som utmerka seg i strida om Jerusalem, og historia om han óg kurdiske Saladin er ein av dei lengstlevande sogene frå korstoga. Er det då tilfeldig at leiaren for den eksisterande høgreorienterte tempelriddarordenen allereie bloggar under namnet Lionheart? For pressa var det openbart samanheng nok, og dei byrja så snart dei oppdaga det å hamre på døra til Paul Ray og grave rundt i fortida hans.

Det var viktig for Ray å understreke at han ikkje har noko kjennskap til Breivik, og at hans Tempelriddarorden ikkje var den same som den omtala i manifestet. Dette sa han til journalistar, og dette skreiv han endelaust om i bloggen sin. Han meinte seg nærast forfølgd og utsatt for ei svertekampanje. Ein forståeleg reaksjon, like forståeleg som søkjelyset. Men hadde vi kunne forventa ein annan reaksjon dersom det faktisk er han som er mentoren til Breivik? Ville det ikkje vere naudsynt for han, og for organisasjonen som heilskap, å distansere seg frå aksjonen i den næraste framtid? Det gavnar jo ikkje dei på noko vis å verte stempla som terroristar på dette tidspunktet, dersom dei har ein langsiktleg plan om motstand mot det eurabiske prosjektet.

Eg er tilbøyeleg til å gje dei tvila til gode. Vi har så langt ikkje anna enn Breivik sin insinuasjon om at dei er medansvarlege. Og den er skadeleg nok for gruppa, noko det intense brannslukkingsarbeidet til Paul Ray vitna om. Men skada er kanskje allereie gjort for deira del på lang sikt. For kven kjem til å hugse Ray sine fortvilte protestar i bloggen hans, eller at han stilte seg sjølv til tilgjengeleg for politiavhøyr i Noreg, i staden for det allereie notoriøse manifestet til Breivik, og likskapane mellom dei to organisasjonane? Om skoen passar, seier dei, og her passar jo skoen så godt. Kanskje altfor godt?

Myte – når fiksjon vert realitet

Om vi skal vende attende til Umberto Eco, som så presist påpeikte at ein kvar gærnings konspirasjonsteori på eit eller anna vis må omfamne Tempelriddarordenen, så vart denne observasjonen gjort i Focaults pendel, ein av hans klassiske, utforskande romanar. Temaet for boka er den type hermeneutikk som pregar konspirasjonsteoriar og ville spekulasjonar om løynde ordenar. Og med fare for å øydeleggje lesegleda for dei som ikkje har komen så langt som å lese boka, så må eg no avsløre eit av dei avsluttande poenga. Karakterane i boka har fått det for seg at dei skal skape litt kontrafaktisk historie, og finn opp ein konspirasjon, som sjølvsagt involverar tempelriddarar. Mot slutten av boka opplev dei at denne konspirasjonen har blitt ein realitet. Historia dei sjølv brukte år på å skape, har inspirert nokon til å ta på seg rolla som konspiratørane.

For å ta eit anna døme: Howard Phillip Lovecraft skreiv i si tid om boka Necronomicon, av den gale arabiske poeten Abdul Alhazred. Boka inneheld sanningar om universet som ikkje er meint for menneskelege sinn, inkludert ritual og formular som vil bringe utenkjelege vesen inn i vår verd og dimensjon. Lovecraft har ikkje vore åleine om å vise til boka, og den har dukka opp i både film og musikk, saman med resten av det mytologiske universet boka symboliserar. Resultatet har vore at Necronomicon har fått sitt eige liv, og ein treng ikkje å vandre lang før ein finn dei som meiner boka er reell nok. Og det har dei rett i, for fleire forlag har sidan 1977 gjett ut denne fiktive boka i varierande kvalitet. Ei av dei inneheld til og med berre dei same avsnitta med vrøvl om att og om att gjennom heile boka. På same vis har òg mytologien til Lovecraft fått sin plass som kanon i ymse okkulte retningar14.

Fiksjonen, påstanda om ei bok og skildringa av ei okkult verd har blitt ein handfast realitet. Det er freistande å trekkje parallellar til ulike samfunn som hevdar å vere rosikrusianske, men det held lenge med å vise til dei overnemnte organisasjonane som svøper seg i Tempelriddarordenens ære og mystikk.

Ei myte i framtida

Men kva har dette å seie for korleis vi skal forstå Breivik? Breivik har etterlate seg eit omfattande dokument med sitt manifest, der han blandar fantasi og analyse. Særleg har det vore tydleg at hans eigenpresentasjon, som rik og vellukka intellektuell, ikkje akkurat stemmer med realitetane. Kvifor denne presentasjonen av seg sjølv? Og kvifor dette fokuset på ein tempelriddarorganisasjon av tvilsam eksistens?

Når nok tid har gått, medan Breivik sitt og kosar seg i eit norsk fengsel, vil det meste av tabloide oppslag verte gløymd, men det som vil stå att, her i Noreg og i utlandet, er manifestet.

I manifestet kan ein lese om korleis ein skal gå fram for å verte ein Justiciar, ein som følgjer i Breivik sine fotspor, om korleis ein kan initiere seg sjølv og seinare initiere andre. Det er eigentleg ikkje så mykje det står på, berre vilja til å ta opp hansken og ta del i arbeidet. Med tid og stunder må ein mann ta på seg å vere ein «overseer», ein som står utanfor tempelriddarane sine aktivitetar og som bind dei saman. Manifestet inneheld både instruksjonar for korleis ein slik «overseer» skal utveljast og for korleis han skal utføre sitt arbeid. Slik legg han grunnen til at organisasjonen kan vidareførast, sjølv om det ikkje eksisterar noko struktur frå før.

Om hans tempelriddarorden er den same organisasjonen som Paul Ray leiar, eller ikkje eksisterar i det heile tatt, vil ikkje ha noko å seie for korleis Breivik ser for seg at ordenen skal leve vidare etter han har utførd sitt oppdrag. Han har forfatta ei myte om seg sjølv og sin motivasjon – og ei myte om korleis aksjonen vart planlagd og utførd – og denne vil leve i lang tid framover. For avisartiklar og debattinnlegg som avslørar hans fantasifulle løgner, er ikkje like levedyktige som mysteriet Breivik.

Dei som i framtida søkjer svar, vil først finne det i manifestet han etterlet seg. Her er alle spørsmål besvart, med historisk bakgrunn, ritual, dagbok og intervju med gjerningsmannen. Alt du treng å vete for å forstå mannen Breivik latar som han er, og alt ein treng å vete for å verte som han, og plukke opp sverdet han rekk dei. Sjølv om vi veit at Breivik skrøner på seg millioninntekt og gründerverksemd, vil det nok i framtida vere dei som tar dette for god fisk når dei les manifestet – på dette tidspunktet i framtida utgjeven i bokform, anten med eller utan kommentarar.

Likeeins har dei ikkje anna enn manifestet å forholda seg til når dei skal vurdere korvidt Breivik var åleine eller ikkje. Frå manifestet kan dei høyre om eit etablert nettverk som dei sjølv kan ta del i om dei vil ta del i motstandskampen. Byggesteinane er der for at dei sjølv kan skape ordenen, gjere om på Paul Ray sin orden eller ta del i ordenens verkelege funksjon, alt ettersom kva sanninga viser seg å vere. Lik hovudpersonane i Focaults pendel skapar Breivik ei myte som historia vil kunne puste liv i. For sjølv om organisasjonen ikkje eksisterar på eit reelt plan, så gjer den det på eit mytisk plan, og det er kort steg derifrå til røynda, når oppskrifta òg er tilgjengeleg i det same manifestet.

Og dette er kanskje målet hans, å strø såkorn for organisasjonen som han har sett for seg. Det gjer det enno viktigare å jobbe i mot hans mytebygging. Difor må ein lese manifestet og avsløre løgnene. Difor må vi syne han fram som den skrønemakaren han er. Slik at det er vi, og ikkje han, som eig historia og myta om tempelriddar, Justiciar, Anders Behring Breivik.

Noter


1. Sidetal i manifestreferansane vil variere, då ein jobbar med ei word-fil som gjerne vil verte lest ulikt av ulik programvare. Eg nyttar ein original docx-fil distribuert 22. juli 2011, lest i Open Office.
2. Berwick, Andrew: 2083 A Declaration of Europian Independence. s. 1443 i original wordfil.
3. ibid s. 1444
4. ibid s. 1464
5. ibid s. 1140-5
6. ibid s. 842
7. For meir om gradssystem i frimurarordenen kan ein mellom anna lese Bogdan, Henrik 2007: Western Esotericism and Rituals on Initiation.
8. VGnett: Tempelridderne fortviler: – Breivik er ikkje en av oss! og OSMTH
9. Tempelherreordenen
10. IOGT Kondolerer
11. Tempel Ridder Ordenen (TRO)
12. Bach, Tor: Breiviks mystiske riddere
13. Berwick, Andrew: 2083 A Declaration of Europian Independence. s. 1443 i original wordfil.
14. For meir om dette sjå Søderlind, Didrik: «H.P. Lovecraft, den ufrivillige profet. Ateisten og skrekkforfatteren som ble okkult hjørnestein», i Humanist 2/2011.

Artikkelen stod opphaveleg på trykk i Humanist #3, 2011. Publisert på nett 1. juni 2012.