Kategorier
Konspirasjonstenkning og ekstremisme

Identitærane kjem!

Med både ungdommeleg og akademisk preg, freistar dei identitære å vere eit svar på postmodernitetens plager, bortanfor venstre og høgre. Men når ein ser etter er dei fascistiske røtene tydelege.

Kristian Bjørkelo

Kristian Bjørkelo

Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist. Han har gitt ut bøkene Gi meg en scene! om norsk blogghistorie og Ekstremisme, etter å ha fulgt ulike ekstreme miljøer i 15 år.
Kristian Bjørkelo

Latest posts by Kristian Bjørkelo (see all)

Frå 3/14. 

Eit bokessay om fascisme i fåreklede

Med både ungdommeleg og akademisk preg, freistar dei identitære å vere eit svar på postmodernitetens plager, bortanfor venstre og høgre. Men når ein ser etter er dei fascistiske røtene tydelege.

Dei meiner dei representerer noko nytt, dei er redninga for Europa. Dei står for eit nytt verdssyn, ein ny kultur og ei politisk rørsle som både avviser den gamle ordenen med globalisering og røverkapitalisme, samstundes som dei tek vare på dei beste ideane og verdiane den vestlege sivilisasjonen har skapt.

Dei produserer profesjonelle propagandavideoar med stor appell hjå ungdomar. Dei arrangerer intellektuelle symposium i Sverige, England og andre stader i Europa, der leiande høgreradikale tenkjarar gjev det heile eit stovereint preg. Dei har gatekjøkken der dei berre serverer mat med svinekjøt for å ekskludere muslimar og jødar, og arrangerer storarta marsjar og aksjonar, slik som å invadere og okkupere moskear i Frankrike. Dei kallar seg identitære, og dei gjer sitt beste for å riste av seg støvet av fascismen. Men er dei framleis fascistar?

Identitarismen

Identitarismen kom til Norden med Nordiska förbundet, som starta som ei rein nazigruppe med visse intellektuelle trekk. Utover på 2000-tallet omdefinerte dei seg til «identitære». Nordiska förbundet kollapsa i 2010, men miljøet lever vidare, mellom anna i forlaget Arktos, bloggportalen og tankesmia Motpol, og det årlige seminaret Identitär idé. Dette miljøet fører eit kultivert ytre, og dyrker alt frå klassisk høgkultur til populær- og folkekultur.

Lambdaen er identitærenes symbol.
Lambdaen er identitærenes symbol.

Identitarismen stammar i all hovudsak frå Frankrike. Nærare bestemt “Det nye høgre” (Nouvelle Droite), med tenkjarar som Alain de Benoist og Guillaume Faye i spissen. Dei freista å vinne nye tilhengjarar for tradisjonell høgreradikalisme med å vektleggje aktuelle saker som innvandringsmotstand og miljøvern.

Eit barn av “Det nye høgre” er Bloc Identitaire (Identitær blokk) og ungdomsfløyen Génération Idententitaire (Identitær generasjon) som i all hovudsak rekrutterer rotlaus og misnøgd ungdom. Génération Identitaire såg dagens lys i 2002, og har dei siste åra vakse til å verte ei uavhengig rørsle med oppslutnad blant høgreradikale både i og utanfor Frankrike. Organisasjonen er på overflata ikkje rasistisk, og har gjort halvhjarta forsøk på å rekruttere og samarbeide med minoritetar.

Det er i dag ikkje uvanleg å finne deira Lambda-symbol i høgreradikale kretser. Lambda er den ellevte bokstaven i det greske alfabetet, og er solid plassert i populærkulturen gjennom filmen basert på Frank Millers teikneserie 300, der spartanske soldatar i antikken bar Lambda på skjolda sine. Slik spartanarane i 300 forsvarar seg mot den persiske invasjonen, står dagens identitære på barrikadane mot ein multikulturell invasjon.

I 2013 forfatta den 21 år gamle austerrikaren Markus Willinger manifestet Génération Identitaire. Den korte boka vart snøgt omsett til fleire språk, og er utgjeven på Arktos med undertittelen “ei krigserklæring mot 68-arane”[1]. Det er 68-arane som får skulda for multikulturalisme og “masseinnvandring”, at dagens unge vert nekta sin europeiske, kvite identitet, og at muslimar får ta over.

Identitærenes formspråk kan minne om venstresidas.
Identitærenes formspråk kan minne om venstresidas.

Ei anna identitær krigserklæring er youtube-videoen “A declaration of War”. Videoen er satt saman av andleta til ei rekkje ungdom som talar om sine bekymringar for Frankrike og Europa, for deira identitet. Dei fortel om kva dei er redde for å miste, og kva dei vil kjempe for. Dette er ikkje eit manifest, vert det fortalt, men ei krigserklæring. Videoen er i svart-kvitt, og musikken er dramatisk. Det er ikkje til å nekte for at resultatet er suggererande. Den har då òg gått som ein farsott i dei høgreekstreme miljøa i Europa, og vorte forsøkt kopiert av fleire, melllom anna Sverigedemokraternas ungdomforbund[2].

Ein viktig figur for dei identitære var den omstridte historikeren Dominique Venner. Han var del av “Det nye høgre”, og på 60-talet var han i fengsel i 18 månadar for kontakt med den høgreekstreme, paramilitære organisasjonen Organisation de larmée secrète (OAS). 21 mai 2013 spaserte han inn i Notre Dame-katedralen i Paris og skaut seg sjølv. I brevet han la att[3] skreiv han at handlinga var ein protest mot homofilt ekteskap, mot muslimsk innvandring, amerikanisering og forvitringa av fransk kultur.

Identitære driv ikkje berre med politiske markeringer. Den åndelege sida av tilværet appellerer òg til fleire av dei, og her er det tradisjonalismen kjem inn. Tradisjonalismen er ein filosofi som retter fokus på mysteriereligionar og inviingar, og som i si radikale form avvis den moderne verda som eit uttrykk for Kali Yuga eller Ragnarokk; endetida for det kulturelle mennesket. Tradisjonalismen ser vår tid gjennom dommedagsliknande prismer. Den vestlege, europeiske sivilisasjonen står for fall, eit fall representert av moderne, liberale verdier.

Tradisjonalisten Julius Evola fremja ideen om ein åndeleg, intellektuell krigerkaste – ksatriya – som skulle verne om tradisjon og kultur i denne endetida. Det var ikkje berre teori, men praksis: Evola tenestegjorde for Mussolini og SS under krigen, og inspirerte deler av den nyfascistiske valden i Italia på 70-talet. Draumen er eit nytt samfunn prega av hierarki, autoritet og åndeleg kraft.

Naiv reise i identitarismen

Ein som har latt seg fascinere er den svenske forfattaren Thomas Nydahl. Hans ferske bok, Identitärt – Om rötter, identitet & politisk aktivism (2014), er ei utforsking av det identitære miljøet. Boka er kort, lettlesen og gjev eit godt innblikk i kva som er appellen til identitarismen.

Nydahl er sjølv ikkje høgreradikal, han er tvertimot ein tidlegare kommunist, men han finn tida etter den kalde krigen vanskeleg. Multikultur og postmodernisme skaper rotløyse. Nydahl opplev at hans identitet som svensk mann er under åtak, og søkjer difor å forstå identitarismen som lover å kjempe for å verne denne identiteten.

Nydahl baserer boka i all hovudsak på lesing av tekst. Dette er det beste ved prosjektet hans, korleis han lar dei identitære sjølv kome til orde, med flittig bruk av sitat og ei ganske oppriktig attgjeving av deira sjølvpresentasjon. For dei som vil vete kva identitære meiner om seg sjølv, så er dette bra, men boka manglar rett og slett analyse og kontekst. Det gjer at Nydahl si reise i identitarismen vert naiv. Det vert som å prøve å forstå eit politisk parti ved berre å halde seg til programmet og valløfta deira, medan alle som veit noko som helst om politikk har teke inn over seg omgrep som “valflesk”. Noko av det mest interessante med politiske rørsler er jo kva dei ikkje seier.

Nydahl attgjev dei identitære sin eigen påstand om at dei er noko som er mellom, eller utanfor, både høgre- og venstresida. Ser ein derimot på kven dei identitære er, og kven dei støtter seg til, så er det i all hovudsak eit persongalleri frå det ytste høgre.

På papiret tek identitarismen avstand frå rasisme og nasjonalistisk sjåvinisme. Identitære hevder å vere tilhengjarar av ein etnopluralisme der alle folkeslag og kulturar er like mykje verd og har krav på sin fridom. Der multikulturalismen lar kulturar leve samanblanda og vert anklaga for å vatne ut eller øydeleggje unike folkeslag og kulturar, så vil ein etnopluralist at kulturar skal leve side om side, men kvar for seg. Det er vanskeleg å komme utanom ord som “apartheid”. Men Nydahl vel berre å såvidt kome innom rasismen og antisemittismen. Han ignorerer at fleire av forfattarane knytt til identitarismen ikkje berre har ei grumsete fortid, men framleis band til opne brune miljø[4].

Roger Griffin, ein av verdas mest velkjende ekspertar på fascisme, vektlegg at den fascistiske ideologien er ein ultranasjonalisme som søkjer til ei gyllen, mytisk fortid som ein vil attskape med moderne midler. Men marxismen har alltid oppfatta fascismen som eit uttrykk for kapitalismens forfall og krise, og ignorert at fascismen og har røter i sosialisme og anti-kapitalisme. Den anti-kapitalistiske identitarismen vert difor ikkje kjent att som fascisme av tidlegare dogmatiske kommunisten Nydahl.

Dugins fjerde veg

Samstundes som identitarismen veks fram i Frankrike og Vest-Europa, veks òg ei særeigen russisk form for nasjonalisme fram i aust. Ein sentral skikkelse i denne nasjonalismen er filosofen Alexandr Dugin.

Dugin starta si politiske karriere som medlem av den russisk-ortodokse nasjonalistgrupperinga Pamyat. I følgje nokre kjelder hadde han òg vore ein del av ei nazigruppe som kallar seg “Svarte sol – SS orden”, ein referanse til dei tradisjonalistiske og okkulte røtene til Himmlers SS[5]. I lag med sine meiningsfeller hadde dei utforska ulovleg fascistisk og okkult filosofi. I 1994 var han ein av dei første til å omfamne det nystarta Nasjonalbolsjevikpartiet. Nasjonalbolsjevisme er eit uttrykk nytta om fleire miljø gjennom historia, men felles er den heller vanskelege kombinasjonen av kommunisme og nasjonalisme. Nasjonalbolsjevismen som vaks fram på 90-talet var stuntprega, det var framfor alt ei punkrørsle, og Dugin var ein sentral premissleverandør for politikken. Då partiet vart bannlyst i 2007, gjekk Dugin vidare.

Dugins nye hjartebarn vart Den nyeurasiske rørsla. Nyeurasianismen ser for seg ei ny politisk og kulturell blokk reise seg i møtepunkta mellom Asia og Europa (med Storrussland i sentrum, så klart). Den eurasiske blokka skal vere basert på tradisjonelle verdiar og religiøsitet, på autokrati og hierarkiske samfunnsmodeller. Slik skal den vere ei motvekt til den vest-atlantiske blokka sin liberalisme, demokrati, kapitalisme og sekularisme. Det er ikkje rart dette slår an blant dei identitære i vesten, derfor er det ikkje overraskande at han talte på seminaret Identitär ide i Stockholm i 2012. Men det er òg tydeleg at Dugin har latt seg inspirere like mykje av dei identitære, som dei har latt seg inspirere av han.

I dag er Alexandr Dugin ein velposisjonert, om enn omstridt, akademikar ved Universitetet i Moskva og har vore inn og ut av maktas korridorar i Kreml i fleire år. For tida samsvarar hans visjonar om ei eurasisk blokk med Putin sine tankar om eit trygt og mektig Storrussland. Dugin har gjeve Putin ein ideologisk legitimitet for politikken som vert ført. Om Dugin har noko makt og påverkingskraft utover dette, er vanskeleg å seie, men slik som det er no, virker deler av russisk politikk å vere prega av den same anti-vestlege anti-liberalismen og autokratiske modellen som Dugin forkynn. Kva er undertrykkinga av homofile og sanksjoneringa av “homofil propaganda”, om ikkje eit steg attende til tradisjonelle og religiøse verdier? Annekteringa av Krimhalvøya og sabelrasling overfor austlege Ukraina ber preg, ikkje berre av ein idé om Storrussland, men om eit eurasisk fellesskap.

Dugins idear kan bokstaveleg talt vere vanskelege å få grep på, om ein ikkje kan russisk, men nå er det ein introduksjon til tenkninga hans utgjeven på det identitære forlaget Arktos, under tittelen The Fourth Political Theory.

Den fjerde teorien vart til i eit møte mellom Alain de Benoist og Alexandr Dugin i Russland, etter dette har dei beggje teke i bruk dette uttrykket som namn på den ideologiske pakka dei freister å selge.

I The Fourth Political Theory argumenterer Dugin for at tida er inne for ein fjerde politisk teori og ideologi, som kan vekse ut av ruinane av dei tre føregåande: liberalismen, kommunismen og fascismen. Den fjerde teorien veks fram fri og uavhengig av desse, etter at den sigrande ideologien, liberalismen, slutter å vere ein ideologi og vert ein meiningslaus tilstand.

Argumentasjonen til Dugin kviler ofte på at ein må ta hans ord for kva liberalisme, kommunisme og fascisme er for noko. Når han skal ta prinsipielt avstand frå fascismen, så gjer han det avslørande nok ved å slå i bordet med at nazismen var rasistisk og at dette er avskyeleg. At han sjølv har gjeve uttrykk for antisemittiske tankegods i tidsskriftet Elementy og seinare avisa Zavtra, som han òg var medansvarleg for, vert elegant hoppa over. Han følgjer opp argumentet med at kommunismen var like rasistisk, fordi den spelte på ulikskapen mellom klassane. Eit artig filosofisk poeng, men har Dugin eigentleg då teke avstand frå fascismen? Eller forklart kommunismen? Dette er sjølvsagt satt på spissen, men det er eit døme på den type retoriske grep som preger dei tidvis magiske resonnementa hans.

The Fourth Political Theory er for all del godt skriven, den er faktisk kjekk å lese om ein ikkje heng seg opp i desse framstillingane hans, og det er ingen som skal hevde at Dugin ikkje er kunnskapsrik. Det er berre ikkje overtydande.

Kulturverk: Identitarisme på norsk?

Dugin har fleire tilhengjarar i Noreg. Eit av dei framste talerøyra for hans filosofi er nettmagasinet Kulturverk, der hans tekster ikkje berre får omtale, men vert omsatt til norsk. Omsetjingsarbeidet er hovudsakleg gjort av ein av dei tidlege drivkreftene og tidlegare redaktørane for Kulturverk, Jo Hammerstad. Dei same tekstane vil ein finne på den norske portalen til The Fourth Political Theory: Beyond Left and Right but against the center. Denne nettstaden er ei samleside for identitære artiklar og stoff venleg innstilt til den fjerde politiske teorien frå heile verda.

Ved første blikk verker det som om hovudfokuset til Kulturverk er alt anna enn politiske spørsmål. Du finn artikler om natur- og miljøvern, om økologisk mat og landbruk og om kultur og kulturhistorie. Artiklane har eit preg av svermeri for naturmystikk. Dette er ei grei sjekkliste for ting som kjenneteiknar moderne motkulturar og som interesserer folk i særs ulike miljø. Eit døme på korleis motkulturar kjem til orde, er ein artikkel av antroposofen, biologen og filosofen Trond Skaftnesmo, som slepp til med ein artikkel der han klagar over korleis maktkritikk vert stempla som konspirasjonsteoriar[6]. Ein kritikk i all hovudsak retta mot Human-etisk forbund sin kampanje Ingen likar å bli lurt, som har provosert vaksinemotstandarar som Skaftnesmo.

Redaksjonen trekk inn ei rekkje viktige motstemmer inn i artiklane sine og presenterer arbeid av mellom anna Slavoj Žižek og Jean Baudrillard, men den tenkjaren som får mest breidde er Alexandr Dugin. Dugin får følgje av Alain de Benoist, som altså er grunnleggjaren av “Det nye høgre”.

Det er freistande å sjå dette i lys av ein av dei sentrale tankane i identitarismen, nemleg metapolitikken. Metapolitikk er utvikla av kommunisten Antonio Gramsci, og er ei lære om korleis ein vinn hegemonisk og politisk makt. Tanken er at ein metapolitisk aktivist skal endra sjølve premissen for korleis politikk skal verte utførd (til dømes ved å leggje føringar på kva politiske diskusjonar som er stovereine). Dei identitære drøymer nok om å kopiere 68-arane sin “lange marsj gjennom institusjonane”, men har ikkje fått heilt det same gjennomslaget i akademia. Derimot engasjerer dei seg ofte i kulturelle samanhengar, og då spesielt sammenhengar med eit motkulturelt preg, slik som Kulturverk.

Kvifor Kulturverk vel å promotere tenkjarar som Dugin og de Benoist vert meir forståeleg når ein ser nærare på nokre av bidragsytarane. Til dømes skriv ein av dei faste bidragsytarane òg for Målmannen, eit tidsskrift som har utmerka seg med entusiastiske reisereportasjer frå nazimarsjer.

Eit døme på korleis Kulturverk freister å fly under radaren er artikkelen “Ættegård 2013”, publisert i desember 2013[7]. Artikkelen er ein hyllest til den norske odelsbonden, signert Kurt Jarle Øvrehus, presentert som “økobonde, kulturverner og nybrottsmann”. Det mest interessante er kva som vert utelate. Øvrehus er nemleg ei av drivkreftene bak tidsskriftet KulturOrgan Skandinaujo (KultOrg). Medan KultOrg ved første augekast – som Kulturverk – kan virke uskuldig, hr det opphav i Allgermanische Heidnische Front, Hedensk front, grunnlagd av Varg “Greven” Vikernes. Gruppa var nok mest ein internett-tiger, men skapte bølgjer med eit politisk program som var ekstremt, sjølv for eit nazimiljø. Og som ein av leiarane for den norske avdelinga finn vi nett Kurt Jarle Øvrehus.

For å understreke bandet mellom Kulturverk og KultOrg, så vert KultOrg skrytt opp i skyene av medredaktør Alexander Viken i ein artikkel[8]. Med andre ord er ikkje KultOrg eller historia bak ukjend for redaksjonen i Kulturverk. Samstundes som denne artikkelen vart ferdigstilt, publiserte Kulturverk ein artikkel som eit forsvar mot det dei meinte var ei svertekampanje, denne artikkelen inngår i. Artikkelen er hovudsakleg eit forsvar av Alexander Viken, som er eit pseudonym, sin posisjon i redaksjonen, i lys av at han har vore politisk aktiv på ytste høgre fløy[9].

Det er vanskelig å karakterisere Kulturverk politisk. Men det er like vanskeleg å unngå å leggje merke til at den politiske bodskapen som vert formidla passar som hand i hanske med identitarismen, og at sambanda til høgreekstreme miljø er tydelege.

Den stadbundne identitet

Den postmoderne, liberale og kapitalistiske verda vi har fått etter den kalde krigen, er kaotisk. Innvandring gjer at fleire europerarar kjenner seg under press og søkjer mot sin eigen identitet. Det er denne identiteten som Thomas Nydahl etterlyser, og som han leiter etter i utforskinga av identitarismen. Det er denne identiteten, i si storslagne form, Alexandr Dugin hyllar. Det er ein stadbunden identitet, der folket står i nær kontakt med sin bustad. Det heile er til forveksling likt Blut und Boden-tanken til nazistane: at blod og jord heng saman. Den same identiteten finn vi i Kulturverk sitt svermeri for ættebonden.

Den identitære rørsla har ei slagkraft og eit rekrutteringspotensial som nyfascismen lenge har sakna. Det har ikkje dukka opp over natta, men er eit produkt av prøving og feiling over tid, samstundes som samfunnet har utvikla seg. Den fascismen som slo an i mellomkrigstda, vil ikkje lenger fungere i dagens samfunn, ikkje berre fordi vi har sett kva resultata er, men fordi samfunnet har andre utfordringar og behov.

Dagens store stridsspørsmål er ikkje berre den økonomiske krisa, men innvandring og islam. Samstundes opplever den oppveksande generasjonen at dei ikkje har dei same moglegheitene som foreldregenerasjonen. Identitarismen gjev stemme til denne frustrasjonen og byr på tryggleik i form av røter i nasjon, tradisjon og historie. Den har òg kasta av seg dei brune og svarte skjortene og erstatta dei med moderne, ungdommelige klær.

Difor er identitarismen ein fascisme for vår tid, og difor er identitarismen ein langt meir utspekulert trugsel mot det liberale demokratiet enn vi kanskje innser. Det er berre å sjå til Russland og Alexandr Dugin og kva som skjer i dagens Ukraina.

 

Litteraturliste

Thomas Nydahl

Identitärt – Om rötter, identitet & politisk aktivism

Occident forlag, 2014

Markus Willinger

Generation Identity. A declaration of war against the ‘68ers

Arktos, 2013

Alexander Dugin

The Fourth Political Theory

Arktos, 2012

Magne Stolpnessæter (webred.)

Kulturverk – magasin for kultur og natur

Nettmagasin, lansert 2011

Fotnotar:

  1. Génération Identitaire: A Declaration of War, https://www.youtube.com/watch?v=fYJB-wjrGsM
  2. SDU: Salute to the European Youth, https://www.youtube.com/watch?v=VR-lAGj_dlQ
  3. Dominique Venner“Les Raiosns d’une mort Volontaire” http://www.ndf.fr/poing-de-vue/21-05-2013/exclusif-les-raisons-dune-mort-volontaire-par-dominique-venner?fb_source=pubv1#.U4iVnvl_sg8
  4. Som mellom anna dokumentert av Øyvind Strømmen i Den sorte tråden (2013)
  5. sjå til dømes Magnus Ljungreen, “Fascistpropganda på bästa sändningstid”, http://www.svd.se/kultur/understrecket/fascistpropaganda-pa-basta-sandningstid_3536734.svd
  6. Skaftnesmo, Trond (2014) “”Konspirasjonsteori” – Det magiske ordet som struper samfunnsdebatten”, http://www.kulturverk.com/2014/07/06/konspiranoia-det-magiske-ordet-som-struper-samfunnsdebatten/
  7. Kurt Jarle Øvrehus 2013, “Ættegård 2013”, http://www.kulturverk.com/2013/12/07/aettegard-2013/
  8. Viken, A. (2012), “KultOrg – Kulturtidsskrift for varige verdier”, http://www.kulturverk.com/2012/01/18/kultorg-kulturtidsskrift-for-varige-verdier/
  9. «Redaksjonen» (2014), “Et angrep på meningsfriheten”. http://www.kulturverk.com/2014/09/30/et-angrep-pa-meningsfriheten-2/

Av Kristian Bjørkelo

Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist. Han har gitt ut bøkene Gi meg en scene! om norsk blogghistorie og Ekstremisme, etter å ha fulgt ulike ekstreme miljøer i 15 år.