Kategorier
Redaksjonelt

Mistydingar um Målmannen

gjest

gjest

gjest

Latest posts by gjest (see all)

Frå 4/14. 

Kristian Bjørkelo hevdar i eit sokalla “bok-essay” i Humanist nr. 3 2014 at Målmannen er “eit tidsskrift som har utmerka seg med entusiastiske reisereportasjar frå nazimarsjar”. Det stemmer ikkje. Det som stemmer er at Målmannen hev utmerka seg med sannferdige reportasjar frå minnemarkeringar for tyske krigsoffer i Dresden og Magdeburg. Medan norske media hev klypt og limt frå utanlandske nyhendemeldingar som dømde desse store minnemarkeringane nord og ned, so var Målmannen – som einaste norske media – til stades for å gjeva lesarane eigne fyrstehandsrapportar.

I Dresden vart hundradtusundtals uskuldige menneske drepne den 13. februar 1945, og minnemarkeringane i Dresden hev vore med på å styrkja medvitet um dette. I dei beste åri so samla minnemarsjen i Dresden upp mot 10.000 menneske. Det er eit breidt spekter av tjodlynde parti og organisasjonar som hev slutta upp um desse markeringane, men i media hev dei alle vorte skorne yver ein kamb som “nazistar”. Det er nett dette gapet millom framstellingi i media og røyndomen som hev motivert Målmannen til å sjølv møta fram og laga eigne reportasjar.

Når eit medium rapporterar frå ei hending so tyder det kort og godt at ein tykkjer hendingi er av ålmenn interessa. Ein skribent som Bjørkelo skulde vita det godt. Målmannen er i 2014 Noregs einaste høgnorsktidsskrift, og me tykkjer det vert rimelegt absurd når Bjørkelo freistar minka tidsskriftet ned til eit “nazimarsj-blad”. Me hev artiklar um dei mest mangslungne emne, og eit vidt spekter av skribentar – både kulturelt og politisk. Jamvel humanistar av Bjørkelo sitt kaliber er velkomne til å skriva hjå oss – på det flottaste og norskaste målet, vel å merkja.

Påstanden um at Målmannen aktivt er med på “nazimarsjar” vart fyrste gongen sett fram i Næravisa, ei øvingsavis for studentar ved Høgskulen i Volda. Millom personane som vart nytta som kjeldor for reportasjen finn ein ingen ringare enn Kristian Bjørkelo sjølv – attåt Didrik Søderlind som ogso burde vera eit velkjent namn for lesarane åt Humanist. Næravisa vart felt i Pressens Faglige Utvalg for brot på god presseskikk. Bjørkelo kann ikkje syna til eit einaste stykkje seriøs og reideleg journalistikk som underbyggjer den konspirasjonsteorien som han og meiningsfrendane hans hev freista utbreida. At “ekspertpanelet” kring Humanist endelegt sjølve kjem på banen i deira eigi blekka vil eg soleides helsa velkomen. Semjast kann me nok um at det norske ordskiftet er på syrgjeleg lågt nivå, so eit reideleg ordskifte um kva det enn måtte vera, det tek me gjerne på ståande fot.

Eg vil elles slå fast at endå um eg personlegt tykkjer Kulturverk er eit forvitnelegt alternativ i ålmenta, so hev ikkje Målmannen nokor slags form for samarbeid med Kulturverk – eller med andre publikasjonar for den saks skuld. Um einskildskribentar på eige tildriv sender innlegg og stykkje til andre medium, so er ikkje det noko som bladet Målmannen legg seg burt i eller heftar for. Det skulde i grunnen segja seg sjølv, men etter å ha lese Humanist nr 3 2014 so lyt me taka lærdomen um at det gjer det visst ikkje hjå alle. No er det i alle fall sagt klårt og tydelegt, og me reknar difor med at me slepp fleire slike mistydingar i framtidi.

Olav Torheim,
bladstyrar

 

Redaktør Didrik Søderlind har svart på dette her.