Kategorier
Konspirasjonstenkning og ekstremisme Politikk og samfunn

Radikalarane ser mot aust

Stadig fleire på den ytre høgresida ser austover, og delar av den radikale venstresida syner forståing for aggressiv russisk utanrikspolitikk. Lengsla etter eit alternativ fører radikale stemmer i armane på Putin.

Øyvind Strømmen

Øyvind Strømmen

Øyvind Strømmen (f. 1980) er journalist og forfatter. Han har skrevet bøkene Det mørke nettet, Den sorte tråden, og I hatets fotspor som alle omhandler høyreradikale og høyreekstreme bevegelser.
Øyvind Strømmen

Latest posts by Øyvind Strømmen (see all)

Frå 02/15.

Stadig fleire på den ytre høgresida ser austover, og delar av den radikale venstresida syner forståing for aggressiv russisk utanrikspolitikk. Lengsla etter eit alternativ fører radikale stemmer i armane på Putin.

I mars i år gjekk eit møte av stabelen i St. Petersburg. Det vart arrangert av det russiske høgreradikale partiet Rodina, eller Moderlandet.

Blant gjestane på konferansen var representantar for Svenskarnas Parti, spanske Democracia Nacional, Danskernes Parti, tyske NPD, italienske Forza Nuova, British Unity, bulgarske Ataka, belgiske Eurorus og italienske Lega Lombarda. Det same var dei greske europarlamentarikarane Eleftherios Synadinos og Georgios Epitideios frå partiet Xrysi Avgi, ‘Gyllent Daggry’, den tidlegare britiske europarlamentarikaren Nick Griffin, den skotske høgreradikalaren Jim Dowson og den amerikanske Taylor, redaktør for tidsskriftet og nettstaden American Renaissance.

Mange av desse namna vil nok vera ukjende for dei fleste. Med unntak av Xrysi Avgi er ingen av dei nemnde politiske partia store, og nokre av dei er knapt meir enn for fotnoter å rekna. Svenskarnas Parti – ei vidareføring av partiet med det rimeleg illustrerande namnet Nationalsocialistisk Front – fekk 0,07 prosent av røystene i det førre svenske riksdagsvalet, og endå mindre i kommunevalet. Partiet vart leia av Stefan Jacobsson, ein mann med lang fartstid i svenske nynazistiske miljø, og i si tid initiativtakar til ei gruppe som opent sympatiserte med den amerikanske, høgreekstreme terrorgruppa The Order.

Utruleg nok klarte Svenskarnas Parti å koma inn i nokre kommunestyrer. I valet i 2010 kom den førre partileiaren, Daniel Höglund, inn i kommunestyret i Grästorp – ein kommune med drøyt 5.600 innbyggjarar i Västra Götaland. Dreg du dit vil du finna ein typisk svensk småstad, utan særleg mykje anna enn ein pizzeria, eit samvirkelag og ei golfbane. Höglund måtte etterkvart forlata posten sin, då det synte seg at han ikkje var busett i kommunen. Det fanst ingen varamann.

Seinare fekk dei nokre få lokalpolitikarar på laget som hadde hoppa av frå Sverigedemokraterna (SD), og ein som hoppa av frå Nationaldemokraterna – eit no nedlagt parti som i si tid starta som eit utbrytarparti frå SD.

Men etter valnederlaget i fjor haust har partiet implodert. 10. mai 2015 vart det lagt ned.

Draumen om ein russisk-europeisk akse

Der Svenskarnas Parti var perifert er belgiske Eurorus beint fram obskurt, så langt ute på ytterkanten i europeisk politikk at ein må sjå godt etter for i det hele å oppdaga dei.

Likevel er det verdt å dvela litt ved nettopp EuroRus, og ved leiarfiguren Kris Roman. Roman starta si politiske karriere sist på åttitalet, som medlem av og aktiv i det høgreradikale og flamskseparatistiske partiet Vlaams Blok (no kjend som Vlaams Belang). Seinare vart han medlem av det belgiske Front National (som ikkje må forvekslast med det franske partiet av same namn), men medlemskapet varer ikkje lenge. Etter å ha vore mindre aktiv nokre år starta han det han kallar ein geopolitisk tenketank, EuroRus, i 2003.

Ifølgje Kris Roman sjølv forfektar EuroRus ideen om ein «europeisk geopolitisk akse» og det «frå Gibraltar til Vladivostok». Denne aksen er ifølge Kris Roman naudsynt for å ivareta fridom og for å kjempe mot den påstått undertrykkande atlantiske aksen. I Russland er ting betre enn i Vest-Europa, der har ein verkeleg demokrati, «[s]ann historisk terminologi» er stadig brukt, folk er glade i landet og nasjonen sin og kjenner historia si. Landet har dessutan ein president som er «ein aktiv tilhengjar av kontrollerbart demokrati».

Bak desse orda ligg ein grunnleggjande antiamerikanisme. I ei tale halden i november 2011 for det polske partiet Narodowe Odrodzenie Polski – eit ytterleggåande, nasjonalistisk miniparti som kanskje har fått mest merksemd grunna deira aggressivt homofobe kampanjar – sa Roman:

USA har alltid freista å øydelegga Europa. Dei går til åtak på gjennomsnittleg islamske land som Irak og Libya. Dei stør ekstremistisk islam i Saudi-Arabia og Qatar. No stør dei ekstremistrisk islam i Nord-Afrika. USA stør den ekstremistiske narkomafiaen i Kosovo.

Dei prosionistiske liberalnasjonalististane følgjer ein falsk antiislamsk veg. Problemet er ikkje islam. Problemet er masseinnvandring. I Belgia har me tusenvis av svarte folk frå Kongo. Dei er stort sett katolikkar. Sjølv om dei er katolikkar vil eg ikkje ha dei her.

Og vidare:

Det er merkeleg at alle som [stod] for retten i Haag i Nederland er heltar som har forsvart sine folk og sine tradisjonar. Ja, [Slobodan] Milosevic er ein helt. Ja, [Radovan] Karadzic og [Ratko] Mladic er heltar. Ja, [Vojislav] Seselj er ein helt!

Nokre vert drepne utan ein dom. Ja, Saddam Hussein er ein helt. Ja, Muammar Kadafi er ein helt!

Bak motstanden mot amerikansk utanrikspolitikk ligg samstundes mykje meir. Kris Roman si retorikk er lada med antiglobalisme og antikapitalisme, men også med ytterleggåande innvandringsmotstand og med antisemittisme – ofte under dekke av å vera antisionistisk.

Antisemittisme og biologisk rasisme

I bulgarske Ataka er det dekket langt tynnare. Partileiaren Volen Siderov, ein av gjestane på konferansen i St. Petersburg, har blant anna skrive to bøker med klårt antisemittisk innhald, Bumerangut na Zloto, (Vondskapens boomerang), og Vlastta na Mamona, (Mammons makt). I Bumerangut omtala han blant anna Holocaust som ein bløff, medan han i Vlastta na Mamoma skriv at «folkemordet mot russarar, bulgararar og andre ortodokse folkeslag har vorte utført under direkte leiing av talmudiske, vestlege sirklar, leia av Rothschild-familien».

Den amerikanske «raserealisten» Jared Taylor, som vaks opp som misjonærbarn i Japan, har eit anna fokus. Han har uttalt at han synest jødar er okay, og at dei «ser kvite ut for meg». Samstundes har han ei lang karriere bak seg på den aller ytste amerikanske høgresida, og han har sjeldan nøla med å samarbeida med glødande antisemittar.

Taylors eige fokus ligg på rase. På ein konferanse i Budapest i fjor sa han til dømes følgjande:

Herskarane våre forstår ikkje at ein nasjon ikkje har noko meir dyrebar gåve enn sin kultur og dei distinkte gena som gjer denne kulturen mogleg. Desse skattane må vernast gjennom dei mest kraftfulle midla som er tilgjengelege, og det er staten. Staten forråder si mest djuptgåande plikt når den tillét store mengder framande slå seg ned i eit land. Frå ein kulturell eller genetisk ståstad er innvandring ikkje forskjellig frå ein væpna invasjon.

Han sa også at han allereie hadde mista ein nasjon, Konføderasjonen (Sørstatane), og at han no var i ferd med å mista endå ein – USA.

Det største trugsmålet mot heile Europa er denne giftige mangfaldsideologien, som landet mitt ynskjer å dytta på dykk. Vest-Europa har allereie teke imot ein enorm dose av denne gifta. USA og Vest-Europa kjem til å nytta sin rikdom til å bestikka dykk, for å freista å få dykk til å omfamna mangfaldet. USA er også kjelde til mykje kulturell gift i form av filmar, fjernsyn og musikk. Eg trur dei tidlegare medlemene av Warsawa-pakta kan stå imot, men det er eit kapplaup mot tida. Vil dei etablere seg sjølve som nasjonar med kulturell og rasemessig sjølvtillit før dei vert forgifta av det sjukare, men rikare Vesten? Eller kanskje vil dei sunnare sentraleuropeiske nasjonane stø vestlege identitære, og slik redda heile Europa?

Jared Taylor og dei europeiske gjestane på konferansen i St. Petersburg har ikkje berre ein rasistisk ideologi til felles. Dei har også ein annan ting til felles: Dei vender blikket austover. Det er i aust håpet er å finna. I stor grad finn dei det i Russland.

«Dei sanne patriotane»

Nick Griffin er tidlegare leiar for British National Party, og tidlegare europarlamentarikar for partiet. Han har lang fartstid i ei rekkje ulike høgreekstreme prosjekt, fleire av dei opent inspirert av fascismen, og var lenge reine eineherskaren i BNP. Under hans leiarskap blei partiet omstilt frå eit opent antisemittisk parti til eit parti som la det meste av sitt fokus på muslimar (ifølgje Griffin sjølv fordi det var ein opportun ting å gjera). I fjor – etter å ha gått av som leiar – vart han kasta på hovudet ut av partiet. Han har sidan oppretta organisasjonen British Unity, som nyttar ein logo tydeleg inspirert av teikneserien og filmen V for Vendetta.

På konferansen i St. Petersburg – der han snakka på vegne av det ferske europeiske ytre høgre-nettverket Alliance for Peace and Freedom – var Griffin tydeleg om kva von han har for Russland:

USA, NATO, liberalkapitalismen, anglosionismen, den nye verdsordenen, nykonservatismen, uansett kva du kallar det, så er det same ting, det er ein fullblåst krig mot Russland […]. Men det er ikkje berre ein krig mot Russland, det er ein krig mot kristenheita i sin heilskap, og den vestlege delen av kristenheita har nesten tapt den krigen.

Han snakka om «påtvungen perversjon», om øydinga av nasjonal sjølvråderett, om masseabortar, om privatisering og om «konsentrasjonen av rikdom hjå ein prosent av befolkninga». Han snakka om masseinnvandring og om ei komande «demografisk katastrofe», og teikna eit dommedagsscenario for Vesten:

Det er no absolutt uunngåeleg at vest-Europa – innanfor livstida til dei fleste her – vil bli eit islamistisk kalifat eller at det vil koma ein forferdeleg borgarkrig, eller kanskje båe delar. Det er uunngåeleg, og det tyder at kristenheita si overleving berre er mogleg gjennom veksten og overlevinga til det tredje Roma, Moskva, og til Russland.

Det er, ifølgje Griffin, no Russland si historiske oppgåve å leia Europa. «Og difor er ein konferanse som dette viktig for å byggja samarbeid mellom dei sanne patriotane, mellom konservative».

For det er som konservative dei gjerne vil framstilla seg, heile «alliansen for fred og fridom», sjølv om dei inkluderer det eine partiet etter det andre med openlyse fascistiske røter. «Konservatismen» til trass var det ikkje nokre politikarar frå russisk mainstream å sjå på konferansen, fortel til dømes avisa Moscow Times. Den mest kjende russiske politikaren til stades var nok Aleksei Zhuravljov, Rodina-leiar og vararepresentant i den russiske dumaen. Den russiske leiaren Vladimir Putin hadde likevel sine klåre støttespelarar i salen. Blant dei var nemnde Jim Dowson. «I Vesten har me blitt hjernevaska til å hata Putin», sa Dowson, som meinte at Putin «forstår at majoriteten sin rett skal setjast føre minoritetane sine innfall og idear». Han la til at Vesten har blitt ureina av «dekadense, liberalisme, homoseksualitet og øydinga av familien».

«Russland er verdas håp»

Deltakarane på konferansen i St. Petersburg representerer ein ytterfløy i ytterfløyen, og er – igjen med unntak av greske Xrysi Avgi – ikkje noko særleg politisk kraft å rekna med. At dei ser mot Russland er likevel symptomatisk for mange av dagens europeiske høgreradikalarar, også politikarar frå meir etablerte politiske parti.

Den kanskje viktigaste av dei er Marine Le Pen, leiaren av franske Front National – eit leiarverv ho må seiast å ha arva frå sin far. Medan faren opp gjennom åra stadig har hamna i bråk, også etter antisemittiske fråsegner, har dottera freista å framstilla Front National som eit stovereint parti. Kampsakene er som før: EU-skepsis (Le Pen vil at Frankrike skal gå ut av unionen) og innvandringmotstand.

I eit intervju med den austerrikske avisa Kurier i fjor vår la Le Pen likevel fram eit synspunkt på Russland som liknar det til dei mindre populære og meir ytterleggåande figurane nemnd over: «Putin er ein patriot», sa ho. «Han er klår over at me [Front National] forsvarer dei same verdiane, den europeiske sivilisasjonen sine verdiar», heldt ho fram, og framheva at Putin nok ikkje kunne finna det same motet, den same oppriktigheita og den same respekten for «identitet og sivilisasjon» i andre politiske rørsler i Frankrike. Ho har også lufta ideen om eit fransk-russisk samarbeid innan både energi og forsvar.

Ein av rådgjevarane hennar, partikollegaen Aymeric Chauprad – som er statsvitar og i tillegg redaktør for Revue française de géopolitique – har gått monaleg lenger. I ei tale halden i den russiske dumaen i juni 2013 snakka han om eit vestleg – og meir spesifikt amerikansk – finansoligarki som fører krig mot både Russland og mot europeisk sjølvstende. Denne krigen vert ført mellom anna gjennom «fargerevolusjonane» i Georgia og Ukraina, via feministar som Femen og Pussy Riot og det å tillata homofile ekteskap i Frankrike. Alt dette, meinte Chauprad, er uttrykk for «ein allianse mellom vestleg globalisme og anarkistisk nihilisme» som går til åtak på sjølve «grunnlaget for sivilisasjon». «Ein ny form for terrorisme», kalla han det, før han heldt fram med å hylla Putin og russiske myndigheiter for å ha gjennomført ein eineståande snuoperasjon, både militært, geopolitisk og økonomisk, og i tillegg åndeleg. «Dette gjev krav på beundring frå franske patriotar», la han til.

Chauprad rosa også russisk antihomofil lovgjeving. «Russland har blitt verdas håp mot den nye totalitarismen», sa Chauprad. «Tida er komen for å danna ein internasjonale rundt Russland, og med patriotar frå alle land som elskar identiteten og familien sin og nektar å redusera personen til ei vare».

I nabolandet i nord – Belgia – har også politikarar frå det flamsk-separatistiske og høgreradikale partiet Vlaams Belang, som dei siste åra har vorte svekka, byrja å sjå til Russland. Fleire sentrale politikarar i partiet har også fungert som «valobservatørar», blant anna på Krim. På Twitter-profilen til den kanskje mest aktive russlandsvenen av dei, Frank Creyelman, vert antimuslimsk og antiinnvandringsretorikk blanda med støtte til russiske separatistar, både i Donetsk, Luhansk og Transnistria (ein de facto uavhengig del av Moldova). Med i miksen er også støtte til den syriske president Assad.

Creyelman var også blant deltakarane på ein konferanse med tittelen «Russland, Ukraina, Novorossiya: Globale problem og utfordringar», halden i slutten av august 2014. Også dit kom det representantar frå ulike høgreradikale parti. Frå Belgia var til dømes ikkje berre Creyelman tilstades, men også Luc Michel, ein representant frå det høgst obskure partiet Parti Communautaire National-Européen.

Dugins publikum

På den ytste høgresida i europeisk politikk er ikkje ideen om ein slags russisk-europeisk union noko nytt. Nemnde Luc Michel er ein representant for ein tradisjon som i Belgia skriv seg attende til Jean-François Thiriart. Thiriart, fødd i 1922, var fyrst sosialist, men gjekk i 1939 inn i Légion Nationale, ei fascistisk orientert rørsle. Medan fleire LN-medlemmer gjekk inn i motstandsrørsla under den tyske okkupasjonen av Belgia, valde Thiriart samarbeid, og han tenestegjorde også i Waffen SS. Etter krigen vart han dømd for landssvik.

Fyrst på 1960-talet vende Thiriart attende til politikken for alvor, og han skulle etter kvart utvikla ein ideologi som blanda ultranasjonalistiske idear og idear frå ytste venstrekant. Han såg føre seg eit europeisk imperium, styrt av ein elite, som skulle fungera som ein tredje pol, eit motvekt til USA og Sovjetunionen. Sentralt i ideologien, som blant anna fekk uttrykk gjennom organisasjonen Jeune Europe, «Unge Europa», stod både antiamerikanisme og påstått antisionisme. Trass i at Jeune Europe lukkast i å etablera seg i ei rekkje europeisk land, rann prosjektet likevel etter kvart ut i sanden mot slutten av 1970-talet.

På 1980-talet erstatta Thiriart ideen om eit europeisk imperium med ein endå meir ambisiøs idé. Han drøymde om eit «eurosovjetisk imperium» som skulle strekkja seg frå Vladivostok og like fram til Dublin. Det var ikkje før Sovjetunionen fall at ideen faktisk skulle få bein å gå på. Berre nokre månader før han døydde, i august 1992, reiste Thiriart til Moskva, saman med ein delegasjon frå nettopp det nemnde partiet Parti Communautaire National-Européen. Der møtte dei blant andre ei komande stjerne for den intellektuelle ekstreme høgresida. Namnet hans? Aleksandr Dugin.

Dugin har ei fargerik, politisk karriere bak seg, blant anna gjennom den ortodokse, ultranasjonalistiske gruppa Pamyat, via det såkalla nasjonalbolsjevikiske partiet og gjennom tidsskriftet Elementy, som han sjølv starta, og som var inspirert av blant andre Thiriart. Tidleg på 2000-talet stifta han Eurasia-partiet, eit parti der draumen om ein eurasisk akse, og – ikkje minst – ein djuptgåande antiamerikanisme stod sentralt, eller for å sitera ei av Dugin sine bøker:

Det nye eurasiske imperiet vil bli skapt med utgangspunkt i det grunnleggande prinsippet om ein felles fiende: forkasting av atlantisismen, av USAs strategiske kontroll og at me nektar å la liberale verdiar dominera oss. Denne felles sivilisatoriske impulsen vil utgjera grunnlag for ein politisk og strategisk union.

Kva rolle Dugin eigentleg speler i dag er litt vanskeleg å seia. Det som let seg slå fast er at han har gått frå å vera ein fullstendig perifer figur til i blant å dukka opp nær mainstream i russisk politikk. Han har vorte ein intellektuell av tyding, med mediagjennomslag, og det trass i at han ligg nært fascismen. Nokre meiner også at Dugin sine idear om eit russiskdominert Eurasia som motvekt til nordamerikansk hegemoni speler ei rolle for rådande russisk utanrikspolitikk. Når det er sagt kan nok Dugin si rolle i russisk politikk også overdrivast, og det er verdt å leggja merke til at han i fjor haust mista arbeidet ved statsuniversitetet i Moskva. Det skjedde etter at tusenvis signerte eit opprop mot han, i lys av beint ut blodig retorikk andsynes Ukraina.

Det er likevel liten tvil om at Dugin har eit publikum. Det finn han i Russland, det finn han blant pro-russiske separatistar i fleire tidlegare sovjetstatar, inklusive Ukraina, og det finn han også i Vesten. Nokre døme kan nemnast: Fleire av bøkene hans – inklusive The Eurasian Mission er utgjeve på det britisk-baserte forlaget Arktos, som også publiserer bøker av ei rekkje skribentar innanfor det såkalle nouvelle droite, ‘nye høgre’. Den norske nettstaden Kulturverk har publisert fleire artiklar skrive av russaren. Det tyske høgreradikale tidsskriftet Zuerst! – ein arvtakar etter eit tidlegare tidsskrift kalla Nation & Europa – har portrettert han. Flamske Nationalistische Studentenvereniging – ein studentorganisasjon som tradisjonelt har vore rekna å stå nært Vlaams Belang – inviterte Dugin til ein konferanse i april i år. I Ungarn har partiet Jobbik – eit av dei mest ytterleggåande og eit av dei største høgreradikale partia i europeisk politikk – ein klårt pro-russisk politikk. I 2013 drog partileiaren Gábor Vona til Moskva for å halda føredrag på statsuniversitetet i Moskva. Han var invitert dit av Aleksandr Dugin.

Men kanskje aller mest slåande: Sommaren 2014 fann ein konferanse stad bak lukka dører i Wien. Offisielt handla konferansen om den historiske Wien-kongressen, men den sveitsiske avisa Tagesanzeiger lukkast å få bekrefta frå fleire kjelder at ein hadde snakka meir om korleis liberalismen og den «sataniske» homolobbyen skulle staggast. Til stade var Aleksandr Dugin, men også Marine Le Pen si niese Marion Maréchal Le Pen – barnebarn av den no suspenderte partistiftaren, og dessutan tidlegare nemnde Aymeric Chaprade. Det same var også leiaren i det austerrikske høgreradikale partiet FPÖ, Heinz-Christian Strache, samt partikollegaen Johann Gudenus. Bulgarske Volen Siderov var der òg.

Prorussisk, antieuropeisk eller båe delar?

Om ein går gjennom lista over europeiske høgreradikale parti vil ein oppdaga at påfallande mange av dei har innteke prorussiske posisjonar i løpet av dei siste åra, medan andre – som bulgarske Ataka – har hatt det lengre.

Det finst unntak. Den latviske nasjonalliansen, som inkluderer det tidlegare høgreradikale partiet Visu Latvijai (‘Alt for Latvia’) er til dømes langt frå venleg innstilt til Russland. Rumenske Partidul România Mare, ‘Det storrumenske partiet’som fekk nesten 20 prosent av stemmene i 2000, men som fall ut av nasjonalforsamlinga berre åtte år seinare – har heller ingen prorussisk posisjon. I båe høve ville ein slik posisjon stå i klår kontrast til partia sin eigen nasjonalistiske politikk.

I somme høve ser denne vendinga ut til å vera mest opportunistisk, og knytt til partia sine haldningar til EU. I andre høve – og då særleg i dei mest radikale av partia – blir Russland konkret peika ut som eit alternativ, som eit land som står for ein annan, betre og påstått sunnare kurs. I nokre høve kan det også vere snakk om ein kombinasjon.

Dei siste månadane har det vakt oppsikt i Frankrike at Front National har tatt opp eit stort lån i den Moskva-baserte banken FCRB. «Pengar stinkar ikkje», kommenterte FN-politikaren Christian Bouchet, som meinte at det ikkje kunne vera noko problem å låna pengar frå ein russisk bank. Det som kanskje luktar litt strammare er at Bouchet sjølv vert omtalt som «ein leiande nasjonalrevolusjonær», og i eit intervju framhevar inspirasjonen han har fått frå både Thiriart og Dugin. I det same intervjuet, utført av ei ultranasjonalistisk nettside, seier han: «Når det gjeld Russland, ynskjer me ein sterk og djuptgåande allianse som strukturerer kontinentet vårt rundt aksen Paris-Berlin-Moskva».

«Putin-forståarene»

I Tyskland har uttrykket «Putinversteher» – Putin-forståar – dukka opp den siste tida. I august i fjor kom journalisten Reinhard Mohr med eit ramsalt åtak i Frankfurter Allgemeine:

Alle Putin-forståarane, fridomshatarane, kabarettalarane, måndagsdemonstrantane[1], hatbloggarane, opinionsagentane og konspirasjonsteoretikarane frå høgre til venstre har ein ting til felles: djup forakt for det vestlege demokratiet. Dei har tydelegvis meir forståing for machoautokraten Putin […].

Som andre europeiske land har også Tyskland høgreradikalarar med tydelege Putin-sympatiar, men Mohr peiker altså også på venstresida. Han vender seg her mot den «modne økoborgaren med fasjonabelt skjegg» som anten er ein «panseksuell veganar» eller «konspiratorisk utdanna», ein som veit at bankar, media og hemmelege tenester manipulerer oss alle, og at den planlagde frihandelsavtalen med USA vil føra til Europas undergang. Han stemmer vanemessig på Dei grøne, på Die Linke eller på piratane, sjølv om han kritiserer dei for å vera «for tilpassa» alt etter det tredje glaset Cotes du Rhone».

«Kva som er venstre ved det, er vanskeleg å seia», heldt Mohr fram, og hamrar laus på kaféstrategen som er ein del av «den globale konsumeliten». Denne inntek posisjonar som er lett å forveksla med ein annan politisk kant: «den prinsipielle, ofte antisemittisk begrunna motstanden mot Amerika og Israel, ‘Wall Street’ og ‘Hollywood’. I møtet med Putins Russland, som bestemt går i retning diktaturet, krev ein derimot ‘meir følsemd’».

Mohr si framstilling er sjølvsagt noko av ein karikatur, men karikaturen er ikkje heilt umogleg å kjenna att. Partiet Die Linke har eit noko komplisert tilhøve til Putin og til Putins Russland. På den eine sida kritiserer ein gjerne Putin, særleg i samband med russisk innanrikspolitikk. Partileiaren Katja Kipping har i eit intervju med Die Welt sagt at Russland er langt frå eit levande demokrati, og har slått fast at Die Linke ikkje har noko søsterparti i eit Russland der det einaste «breitt forankra og Kreml-uavhengige opposisjonspartiet er det gamle, rett ortodokse kommunistiske partiet». Tidlegare har Kipping også markert seg gjennom støtte til det russiske, feministiske punkrockkollektivet Pussy Riot.

På den andre sida vert Putins Russland ofte møtt med forståing av Die Linke, som har røter i det gamle austtyske kommunistpartiet. Partiet har innteke ein sterkt kritisk posisjon til dei økonomiske sanksjonane mot Russland, og har bede vestlege land godta folkeavstemminga på Krim. Samstundes har fleire politikarar frå Die Linke knytt kontaktar austover. I februar vitja to av dei – Wolfgang Gehrke og Andrej Hunko – den sjølverklærte folkerepublikken Donetsk, den russiske separatistrepublikken i aust-Ukraina. Der møtte dei blant anna Aleksandr Zakhartsjenko, «folkerepublikken» sin statsminister. Tidlegare har Die Linke-politikarar også delteke som «valobservatørar», både på Krim og i Transnistria, den russisk-støtta utbrytarrepublikken i Moldova. På Krim bestod den tyske delegasjonen av fire Die Linke-medlemer og eitt medlem av den sterkt høgreradikale grupperinga Neue Rechte.

Den amerikanske historikaren Timothy Snyder har gått så langt som å seia at partiet «opererer innanfor ein viss virtuell røyndom laga av russisk propaganda». Der har den europeiske venstresida som oppgåve å kritisera den ukrainske høgresida, men ikkje den europeiske, og iallfall ikkje den russiske.

Her er det på sin plass med ei lita avsporing: Ukrainsk høgreradikalisme er eit høgst reelt fenomen, og etter omveltinga i Ukraina har fleire høgreradikalarar – blant dei folk med ei direkte høgreekstrem fortid – kunne spela ei viss rolle, sjølv om dei vart svekka i parlamentsvalet i oktober.[2] Den såkalla Azov-bataljonen, ein friviljug ukrainsk bataljon med klåre band til høgreekstremisme, har – med rette – fått merksemd i ei rekkje vestlege media. Den kunne fått endå meir merksemd, som eit døme på korleis ytre høgrekrefter har utnytta krigen i det austlege Ukraina til sin fordel. Likevel er det underleg når høgreradikale krefter i Ukraina får stor merksemd frå ytste venstrekant, medan høgreradikale krefter i Russland får langt mindre.

Ei drivkraft for Putin-forståing ser ut til å vera, slik Reinhard Mohr er inne på, rein antiamerikanisme. På den ytste venstresida er antiamerikanismen ein lang tradisjon, men i Tyskland har den også vunne breiare terreng dei siste åra. Avsløringa av National Security Agency (NSA) si overvakingsverksemd i Europa har truleg bidrege til dette. Veksande skepsis til USA leier også til veksande skepsis til politikken både USA og EU fører andsynes Ukraina. Alternative forståingar vert betre salsvare, sjølv når dei er skapt gjennom russisk propaganda.

Kva heiter «Putinversteher» på norsk?

Noreg har ikkje noko høgreradikalt parti tilsvarande partia omtalt fyrst i denne artikkelen. Og på den parlamentariske norske venstresida skal ein leita lenge før ein finn Putin-forståarar.

Men ein finn dei likevel også her til lands. Den viktigaste av dei er kanskje historikaren Bjørn Nistad, tidlegare fyrstelektor ved Universitetet i Oslo; ein mann som har gjort seg merkt ved å innta ei svært venlegsinna haldning til Putin. Han meiner den russiske presidenten er ein stor statsleiar på line med Churchill, og ein mann som har redda Russland.

Nistad har også hevda at Russland er meir demokratisk enn Noreg, og at «[r]ussiske politikere hadde utvilsomt et større folkelig mandat til å forby propaganda for homofili rettet mot mindreårige enn norske politikere hadde til å innføre kjønnsnøytral ekteskapslovgivning». Han har omtala den folkelege omveltinga i Ukraina som eit vestlegstøtta statskupp, uttrykt støtte til den russiske annekteringa av Krim og meint at også det austlege Ukraina bør innlemmast i Russland.

Kort tid etter omveltinga beklaga Nistad at den tidlegare ukrainske presidenten, Viktor Janukovitsj, ikkje hadde hatt «mot og styrke nok til å sørge for en ‘kinesisk’ løsning på krisen i Ukraina», ved hjelp av «stridsvogner, maskingeværer og lignende». «Noen hundre drepte fascister og høyreekstremister hadde vært en liten pris å betale for at erklærte fascister ikke skulle kunne kuppe til seg makten i en av Europas mest folkerike stater», skreiv Nistad.

Også Christian Tybring-Gjedde i Frp har tedd fram som Putin-forståar, om enn på ein langt forsiktigare måte. «Jeg reagerer på den kraftige og kategoriske fordømmelsen av Putin. Jeg vil ikke angripe min egen regjering, men det må gå an å se at han står overfor et veldig vanskelig dilemma her», sa Tybring-Gjedde til Klassekampen i mars i fjor. «Jeg tilhører dem som mener at Vesten og spesielt USA burde ha tenkt seg mer om før man gikk ut med umiddelbar og voldsom fordømmelse».

I september fulgte Tybring-Gjedde opp med å be regjeringa distansera seg frå «den harde fordømmelsen» av Russland, men han understreka også at Putin har brote folkeretten, og at den russiske statsleiaren neppe er til å stola på.

På motsett side av norsk politikk finn ein røyster som ligg nærare paradokset i Die Linke; røyster som kombinerer tidvis kritikk mot Putin med stadig kritikk mot vestlege land og ukrainske myndigheiter.

Å framstille omveltinga i Ukraina som eit kupp har vore langt frå uvanleg på den utanomparlamentariske, radikale venstresida. Joakim Møllersen i Radikal Portal er blant dei som har lagt fram eit slikt syn, samstundes som han har skulda Noreg for å støtta «tvilsomme krefter», i lys av norsk støtte til dei nye myndigheitene i Kiev. Argumentet kviler på høgreradikale og høgreekstreme innslag i Ukraina. AKP-veteranen Pål Steigan går lenger. Han omtaler konsekvent ukrainske myndigheiter som ein junta og omveltinga i landet som eit CIA-støtta statskupp. Han vil likevel ikkje ha på seg at han er Putin-venleg:

Jeg ser ingen grunn for meg til å være Putin-vennlig. Putin er en kristen-konservativ kapitalistisk og imperialistisk politiker. Jeg mener Russland trenger en ny sosialistisk revolusjon for å styrte Putin og den monopolkapitalistiske klassen han representerer. På rullebladet sitt har Putin blant annet den svært blodige undertrykkinga av Tsjetsjenia og ødeleggelsen av hovedstaden Grozny.

Men det var ikke Putin som styrtet den valgte presidenten i Ukraina og innsatte et kuppregime med nazister. […] Det er et utvilsomt faktum at dersom vi ser på de siste 20 årene så er det ingen stat i verden som overgår USA når det gjelder å angripe og ødelegge land, krenke nasjonal selvråderett, rasere livsgrunnlag og drepe millioner av mennesker. Barack Obama føyer seg inn i rekken av krigsforbrytere fra presidentene Bush senior, Clinton og Bush junior. Enda så grove forbrytelsene til Putin har vært, så rekker ikke Russland USA til knærne når det gjelder masseødeleggelser og folkemord.

Heilt utan vener er Putin likevel ikkje. På nettsidene til den antimuslimske organisasjonen SIAN kan ein i ein artikkel frå mai 2013 – skrive av den dåverande SIAN-leiaren Arne Tumyr – lesa følgjande:

[Putin sa:] «Hvis vi vil overleve som nasjon bør vi lære av Amerika, Englands, Hollands og Frankrikes selvmord. De russiske skikker og tradisjoner er ikke forenlige med mangelen på kultur eller de primitive levemåtene hos de fleste mindretall. Når denne ærverdige lovgivende forsamling har påtenkt nye lover, bør den først tenke på våre nasjonale interesser – og se i øynene at mindretallene ikke er russere».

De folkevalgte i Dumaen ga Putin fem minutters stående bifall.

[…] Putin har skjønt det. Den russiske nasjonalforsamling har skjønt det – Stortinget har ennå ikke villet innse hva saken dreier seg om. […] Ikke bare SIAN – nå har også den russiske president – og faktisk hele det russiske folk – kommet med en advarsel til politikere over hele Europa.

For dei som misliker Europa som det er – uavhengig av kva dei vil ha i staden – har Russland forbausande ofte sigla opp som eit slags alternativ.

 

Fotnotar:

  1. Den tyske anti-muslimske gruppa Pegida demonstrerer på måndagar.
  2. Her gjekk imidlertid det populistiske, nasjonalistiske Radikale partiet fram. Det Radikale partiet er eit samansett fenomen, men har også innslag av høgreradikale krefter. Partileiaren Oleh Lyashko har med rette også fått kraftig kritikk for menneskerettsbrot mot krigsfangar frå russisk-separatistisk side

Av Øyvind Strømmen

Øyvind Strømmen (f. 1980) er journalist og forfatter. Han har skrevet bøkene Det mørke nettet, Den sorte tråden, og I hatets fotspor som alle omhandler høyreradikale og høyreekstreme bevegelser.