Utan gud – Ateismens historie i lommeformat

Hallgeir Elstad

Hallgeir Elstad

Hallgeir Elstad (f. 1964) er professor i kirkehistorie ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Han har særleg arbeidet med norsk kirkehistorie på 1800- og 1900-talet, og har skrevet flere lærebøker.
Hallgeir Elstad

Latest posts by Hallgeir Elstad (see all)

Frå Humanist 3/15.

Kor kjem ateismen frå? Kor gamal er han?

Ateisme er overtydinga om at det ikkje finst ein eller fleire gudar. Sjølve ordet kjem av gresk, og er sett saman av forstavinga a, som uttrykkjer nekting eller eit «ikkje», og ordet theos, dvs. «gud», altså «ikkje-gud» eller «utan gud».

Ateisme skil seg frå agnostisisme (av gresk agnosis = ikkje-vit, -kunnskap), som ikkje tek stilling til spørsmålet om Guds eksistens, fordi dette ligg utanfor det som er mogleg å erkjenne, og som ein dermed ikkje kan vite noko om. Agnostisismen kan såleis oppfattast som ei mindre bastant eller påståeleg tilnærming til spørsmålet om gud enn ateismen. Historisk sett er det ikkje alltid like lett å skilje desse oppfatningane frå kvarandre.

I denne artikkelen er føremålet å gje ein oversikt over nokre sentrale drag ved ateismens historie. Hovudvekta vil bli lagt på utviklinga i Vesten. Her er antikkens greske filosofi eit avgjerande utgangspunkt. Men også innanfor eldre indisk og kinesisk religion og filosofi finst ateistiske drag. Eit viktig spørsmål som vil få merksemd er når den konsekvente ateismen eigentleg oppstod.

«Ateistisk religion»

For den tidlege, gryande ateismen var religionen den sjølvsagte ramma. Tvil om gudar eksisterer og kritikk av religiøse fenomen markerer byrjinga. Innanfor religiøse tradisjonar er det ikkje uvanleg at det kan bli uttrykt tvil om guddommar eksisterer, men utan at det er snakk om ein konsekvent ateisme. Til dømes kan ein finne slike drag innanfor den eldre hinduismen, i den vediske religionen, som er den eldste indiske religionen med ein skriftleg tradisjon. Opphavet til denne skrifttradisjonen går truleg attende til om lag 1500-500 fvt. I dette skriftmaterialet finst det til dømes ein hymne til guden Indra, der det heiter: «Om han spør dei: Kvar er han? Og dei seier om han: Han er ikkje.»

Denne typen tvil om gudar sin eksistens finst også innanfor andre religiøse tradisjonar. I den jødiske bibelen (Det gamle testamentet) finst fleire tekstar som omtalar «dåren» som «seier i sitt hjarte: ‘Det finst ingen Gud’» (Sal 14,1; Jer 5,12). Strengt teke er det her truleg ikkje snakk om gudsfornekting, men at ein overser Guds bod. Dette er eit døme på samanhengen mellom religion og moral som finst i dei aller fleste religiøse tradisjonar. Gudar eller guddommelege prinsipp garanterer moralen, og ikkje uventa har denne forståinga ført til ein sterk kritikk av ateismen, ikkje berre for gudløyse, men òg for sedløyse. Dette har gjennom heile historia vore framført som innvending mot ei ateistisk oppfatning. Gud blir sett som garanten for den moralske ordenen.

I litt forskjellige utformingar kan moralargumentet bli framført mot ateismen den dag i dag. Samstundes er det mange med eit religiøst utgangspunkt som ikkje vil finne på å stille spørsmål ved om ein ateist kan handle moralsk.

I den tidlege historia kan det vere vanskeleg å påvise ateisme i vår forståing av ordet. Snarare må ein her snakke om ei form for «ateistisk religion». Denne forma for ateisme opererer innanfor ei religiøs ramme, til dømes knytt til særskilte former for gudsomgrep eller gudsforståingar som tenderar i retning av ateisme. Dette gjeld innanfor indisk religion og filosofi. Jainismen og den klassiske buddhismen (hinayana) til dømes kan karakteriserast som religionar med ateistisk innhald («ateistisk religion»). Dei avviser rett nok ikkje eksistensen av overempiriske eller guddommelege vesen, men desse blir ikkje rekna å ha nokon innverknad på verdsutviklinga og menneska si frelse.

Asiatisk ateisme

Ei meir konsekvent ateistisk haldning finn ein innanfor indiske filosofiske retningar. Den før-klassiske samkhva-retninga blir gjerne omtala som konsekvent ateistisk. Denne er eit av dei seks filosofiske systema i hinduismen, og hevdar at universet omfattar to grunnprinsipp: den skapande urmaterien (prakriti) og einskildsjelene (purusha), utan eksistensen av ein ordnande og skapande gud. Innanfor andre indiske retningar finst tilsvarande drag. Den ritualistiske mimampsa-retninga argumenterer mot ei teistisk gudsforståing, dvs. det synet at det finst ein (personleg) gud som står utanfor verda og eksisterer uavhengig av ho (det motsette er panteisme). Dessutan finst det elles filosofiske tradisjonar som har stått for ein teoretisk materialisme knytt til ei praktisk-ateistisk livsinnstilling.

Innanfor kinesisk religiøs filosofi er det mogleg å peike på ateistiske drag. Hos Konfucius (551-479 fvt.) er det ei klar skeptisk haldning til å rekne med gudar eller noko guddommeleg. I første rekkje var han oppteken av tilhøvet mellom menneska, til dømes den over- og underordnande relasjonen mellom herskar og undersått.

Ifølgje Konfucius var det ikkje tilstrekkeleg å vere herskar, ein måtte vere ein god herskar. Dersom ein ikkje var det, braut ein mot «det himmelske mandatet», og det innebar at undersåttane ikkje lenger var bundne til herskaren. Førestellinga om det himmelske mandatet peikar i retning av konfucianismen som religion, og ikkje berre som filosofi. I alle tilfelle synest det klart at Konfucius ikkje opererte med ei teistisk førestelling om ein personleg gud som grip inn i det som skjer.

Dette er også karakteristisk for taoismen eller daoismen, den tredje store retninga innanfor kinesisk religion og filosofi ved sida av konfucianismen og buddhismen. Også innanfor taoismen står den individuelle utviklinga til mennesket i fokus. Sentralt er opplevinga av einskap med det skapande prinsippet i verdsaltet, dao (= vegen), som er sjølve urkrafta i tilveret. Dao uttrykkjer universets harmoni, men kan ikkje seiast å vere guddommeleg. Taoismen inneber ei dennesidig forståing av tilveret; i sentrum står den personlege utviklinga til einskildmennesket med føremål å oppnå samklang med naturen.

Dei gamle grekarane

Grunnlaget for den vestlege utviklinga finn ein ved å gå attende til antikkens greske filosofiske tradisjon(ar). Tidleg oppstod kritikk av bestemte religiøse førestellingar, men utan at det er sakssvarande å karakterisere dette som ateisme i eigentleg meining. Det var visse sider ved religionen som vart kritisert, ikkje ei religiøs forståing i seg sjølv. Til dømes kom filosofen og diktaren Xenofanes (om lag 565-470 fvt.) med kritikk av dei tradisjonelle greske gudeførestellingane. Han avviste at gudane likna på mennesket i åtferd, form eller intellekt.

Dersom ein håna staten si gudsdyrking, kunne ein bli klaga for manglande religiøs ærefrykt. Dette var tilfelle med filosofen Anaxagoras (om lag 498-428 fvt.) Han skal mellom anna ha hevda at sola ikkje er ein gud, men ein stor gloande masse. Manglande ærefrykt for religionen var òg bakgrunnen for at Sokrates (om lag 470-399 fvt.) vart dømd til døden. Det vart hevda at han vanvørde gudane og førte ungdommen på avvegar.

Ulike forklaringar på religiøse fenomen kunne tendere i retning av ateisme. Filosofen Lukrets (96-55 fvt.) forklarte religion ut frå redsla for å døy, medan Kritas (300-talet fvt.) såg religion som dei herskande si oppfinning for å halde folket nede. Dette kan til forveksling minne om moderne religionskritikk. Innanfor seinare filosofiske retningar, til dømes platonisme og stoisisme, formulerte ein derimot eit filosofisk gudsomgrep. Dei såg gud som det fornuftsprinsippet som stod attom og organiserte tilveret. Dette var òg teken opp av kristendommen, slik ein til dømes finn i evangeliet etter Johannes (kapittel 1), der Kristus blir identifisert med det greske Logos (= verdsfornuft, verdsordning).

Det nærmaste ein kjem ateisme i den greske antikken er den materialistiske eller naturalistiske tenkinga hos somme av filosofane. Det er då rimeleg å stogge opp ved den første generasjonen av greske filosofar, omtala som naturfilosofar: Thales, Anaximander og Anaximenes, som levde på 500-talet fvt.

Desse naturfilosofane forkasta mytologiske eller overnaturlege forklaringar på tilveret til fordel for naturlege forklaringar. For dei var naturen eit sjølvtilstrekkeleg system som opererte etter lover tilgjengelege for den menneskelege fornufta. Dette representerer ein viktig milestein i ateismens historie. Det er ikkje naudsynt å gå utanfor naturen sjølv for å forstå korleis han verkar. Alle svara finst i naturen sjølv. Dermed kan ein òg seie at dette markerer byrjinga på vitskapen.

Den første ateisten?

Ei materialistisk grunnoppfatning av røyndommen avviser at det finst ein oversanseleg dimensjon. Ein konsekvent representant for eit slik syn er Demokrit (om lag 460-370 fvt.), ein av dei mest sentrale filosofane i antikken. Den materialistiske atomlæra hans kan karakteriserast som ateisme sidan ho ikkje har rom for å tenkje ein gud eller eit guddommeleg prinsipp utanfor seg sjølv. Naturen er tilstrekkeleg i seg sjølv, og alle endringane i naturen er mogleg å forklare på basis av naturen sjølv.

Demokrits materialistiske verdssyn stod i skarpt motsetnad til filosofien som vart den rådande i antikken og mellomalderen, tradisjonen frå Platon og Aristoteles. Men på 1500- og 1600-talet fekk Demokrit mykje å seie for grunnlegginga av den klassiske fysikken i renessansen med eit materialistisk syn på naturen og naturlovene.

Epikur (341-271 fvt.) hevda seinare at gudane ikkje interesserte seg for menneska. Dette grunngav han ut frå alt det vonde som hende i verda. Ein religionskritikk med dette utgangspunktet (det vondes problem) har seinare spela ei viktig rolle, ikkje minst som grunngjeving for ateisme. Epikureismen representerte elles ein naturfilosofi som tilsvarar Demokrits materialistiske atomlære. Alt blir sett som materielt, også gudane. Dermed er det ikkje grunn til å hefte seg med religiøse tankar.

Det er grunn til å nemne at dei tidlege kristne kunne bli klaga for ateisme (atheoi = gudløyse) fordi dei ikkje ville ta del i den offentlege gudsdyrkinga i Romarriket. Det er ei kjend sak at det vart sett i gang forfølgingar av kristne av den grunn. Særleg gjaldt det dei kristne si uvilje mot å tilbe keisarens bilete (keisarkulten), som dei oppfatta som avgudsdyrking.

I mellomalderen vart alle som avviste den trinitariske gudstanken skulda for gudløyse. Dette omfatta mellom anna islam. Kyrkja var på vakt overfor alle avvik frå den kristne trua. Ut etter mellomalderen vart forfølginga av kjettarrørsler hardare. Difor er direkte ateistiske haldningar vanskeleg å få auge på i denne perioden.

Nytida

På 1500-1600-talet kom nyvinningane til naturvitskapen til å utforde ei religiøs røyndomsoppfatning. Nikolaus Kopernikus (1473-1543) oppdaga at ikkje jorda, men sola var midtpunktet i universet. Dominikanaren Giordano Bruno (1548-1600) kom til at verdsrommet var uendeleg og utan midtpunkt. Dette sameinte han med ei panteistisk tenking om Gud som verdssjela i universet. På grunn av desse tankane vart han brent som kjettar.

Galileo Galilei (1564-1642) la vekt på eksperiment innanfor naturvitskapen, og hevda at Bibelen berre kunne vere autoritet i det som hadde med frelsa å gjere, ikkje i naturvitskap. For dette dømde kyrkja han til fengsel. Noko seinare formulerte Isaac Newton (1642-1727) den teoretiske mekanismens grunnprinsipp. Universet vart styrt som ein stor mekanisme av ubrytelege naturlover. Rett nok avviste ikkje Newton ei gudstru, men sameinte ho med det mekanistiske verdssynet han elles hadde utvikla.

Den franske filosofen René Descartes (1596-1650) sette tvilen som det metodiske prinsipp; ein må tvile på alt inntil ein kjem fram til eit prinsipp som det ikkje er mogleg å tvile på. For Descartes vart dette prinsippet uttrykt gjennom satsen: «Eg tenkjer, altså er eg.» («cogito, ergo sum») Det metodiske prinsippet innebar ikkje at Descartes avviste førestellinga om Gud. Han meinte at førestellinga om Gud representerte like sikker innsikt som cogito ergo sum. Men seinare har ein vurdert Descartes prinsipp som ein døropnar for ateismen.

Baruch Spinoza (1632-1677) utvikla ei tenking der han avviste førestellinga om ein personleg gud utanfor verda (teisme). Substansen let seg ikkje skilje frå Gud, substansen er Gud, formulerte han. Dermed vart han ståande ved eit panteistisk gudsomgrep, der Gud og naturen smeltar saman. Både Gud og naturen er såleis substansen. Sidan substansen ikkje er skapt, kan heller ikkje naturen vere skapt. Dermed kan ein heller ikkje seie at Gud har skapt naturen. I samtida vart Spinoza klaga for å vere «atheus» eller ein agnostikar som ikkje erkjente den sanne Gud, altså den treeinige Gud. Men konsekvent ateist var Spinoza ikkje. Han heldt fast ved eit abstrakt gudsomgrep som leidde til panteisme.

Når oppstod eigentleg ateismen?

Eit sentralt spørsmål når ein ser ateismen i eit historisk perspektiv, er kor tid han eigentleg oppstod. Som vi har sett, kan ein tidleg snakke om ateistiske drag både innanfor indisk og kinesisk religion og filosofi. Kritikk av religiøse førestellingar og eit materialistisk/naturalistisk grunnsyn finst hos fleire av filosofane i den greske antikken. Men når oppstod ateismen eigentleg?

I boka Western Atheism (2000) argumenterer James Throwes for at røtene til ateismen i Vesten går attende nett til gresk filosofi. Throwes legg vekt på samanhengen mellom naturalisme og ateisme. Dette gjer det nærliggjande å peike på røtene til ateismen hos filosofane i den greske antikken. Hos desse finst berre éi verd, og det er naturen si verd. Dette blir ført vidare av seinare filosofar, til dømes Demokrit og epikurearane. David Berman derimot hevdar i boka Atheism in Britain (1988) at ateismen ikkje fekk sitt gjennombrot før på 1700-talet med opplysninga.

Strengt teke treng ein ikkje å spele synspunkta til dei to forfattarane ut mot kvarandre. Det er mogleg å seie at ateismen (i vest) hadde opphavet sitt innanfor den greske filosofien, men stod ikkje fram som ein open og konsekvent ateisme før under opplysninga på 1700-talet. Dermed representerer opplysningstida eit avgjerande skilje i ateismens historie.

Opplysningstida

Avgjerande for ateismen sitt gjennombrot under opplysningstida var for det eine at kyrkja og kristendommen sitt kulturherredømme tok til å slå sprekkar, og for det andre den vitskaplege utviklinga. Naturalistiske og materialistiske synsmåtar var avgjerande. Her går det ei linje frå det materialistiske grunnsynet hos fleire filosofar i den greske antikken.

På 1700-talet forfekta fleire franske filosofar ein moderne sekulær naturalisme, utan rom for førestellinga om at ein gud hadde konstruert universet. Dei avviste dessutan den tradisjonelle tenkinga om at mennesket hadde fri vilje og ei udøyeleg sjel. Julien Offray de la Mettrie (1709-1751) og Paul-Henry Holbach (1723-1789) var særleg kjende for radikale naturalistiske og materialistiske synsmåtar. Mettrie skreiv ei bok med den talande tittelen L’homme machine («Maskinmennesket»). Holbach er rekna som ein av dei første konsekvente ateistane i Europa. Han meinte religion medverka til å hindre menneska si moralske utvikling. I Système de la nature (1770), den mest namngjetne boka hans, framførte han ein ateisme som var tufta på ein mekanisk materialisme. Holbach avviste at det var mogleg å prove Guds eksistens ut frå naturen, slik mange i samtida meinte. Boka vekte stor merksemd – og motstand, særleg frå Den katolske kyrkja.

Ein ateistisk materialisme stod også encyklopedistane Denis Diderot (1713-1784) og Claude Helvétius (1715-1771) for. Dei avviste ei kvar førestelling om ein åndeleg røyndom ved sida av den materielle. Helvétius polemiserte mot all moral basert på religion. Sjølv den religionskritiske Voltaire (1694-1778) fann dette for ekstremt. Han er mellom anna kjend for utsegna: «Dersom Gud ikkje eksisterte, var det naudsynt å finne han opp.»” Med dette sikta han til at religionen hadde ein viktig funksjon med å sikre moralen og samfunnsordenen.

Voltaire avviste kristne læresetningar som stod i strid med vitskapleg erkjenning. Han fann ikkje plass for ei guddommeleg openberring, men meinte at fornufta fortalde at det fanst ein Gud, som han omtala som «allfornufta» eller «allgodleiken». Han heldt fast ved tanken om at Gud hadde skapt verda og opprettheldt ho, og at mennesket hadde udøyeleg sjel. Voltaires oppfatning kan karakteriserast som naturleg religion, som var karakteristisk for tenkinga i opplysningstida.

Voltaire er eit godt døme på at ein radikal naturalisme ikkje var mainstream innanfor opplysningsfilosofien. Snarare freista ein å harmonisere gudstru og vitskap. Dette innebar at ein freista å tilpasse gudstrua til den verdsoppfatninga som den nye naturvitskapen fremja.

Ateismens stordomstid

Det er gode grunnar for å karakterisere 1800-talet som ateismens stordomstid.

Ein viktig filosofisk føresetnad for den moderne ateismen er filosofen Immanuel Kants (1724-1804) kritikk av gudsprova. Kant skil mellom kunnskap og tru. Ifølgje ham er det ikkje mogleg verken å prove eller motprove at Gud eksisterer, men vi kan tru på det eine eller det andre. Vidareutviklinga av den moderne naturvitskapen og den materialistiske grunnoppfatninga som denne favoriserte, spelte òg ei stor rolle på 1800-talet som grunnlag for ateismen.

Den materialistiske/naturalistiske røyndomsoppfatninga vart no knytt saman med trua på framsteget, og medverka til ei oppfatning av religion som eit tilbakelagt stadium. Viktig var her den biologiske utviklingslæra. Med Charles Darwins (1809-1882) evolusjonsteori, framført i den namngjetne boka Origin of Species (1859), vart ikkje berre fysikken, men òg utviklinga av artane forklart naturvitskapleg, utan å rekne med Gud som skapar. Utviklingslæra medførte at ateismen vann terreng. Newtons tankar om det mekaniske universet, styrt av naturlover, vart knytt saman med darwinismen. Den røyndomsoppfatninga som dette innebar, gjorde Gud overflødig. Ein trong ingen gud for å forklare livsspørsmåla om verda sitt opphav og meininga med livet.

Ei utviklingstenking finn ein hos Auguste Comte (1798-1857), positivismens far. Han meinte at naturvitskapen var einaste veg til sikker kunnskap, og at all religion var illusjon og ein leivning frå fortida. Comte freista å finne lovene for tankeutviklinga til menneskeætta. Denne utviklinga hadde gått gjennom tre stadium: det teologiske, det metafysiske og det positive stadiet. I den første stadiet blir røyndommen forklart gjennom at gudar grip inn. I det andre er det abstrakte idear som bestemmer røyndomsoppfatninga, medan tenkinga i det positive stadiet er orientert ut frå erfaringa. Forklaring av røyndommen kan einast byggje på erfaring. Ein konsekvens av dette synet er då at sanseerfaringa gjev heile biletet av kva som kan gjelde som røyndom.

Comte overførte denne tenkinga på samfunnet. Han blir omtala som grunnleggjaren av sosiologien, og la vekt på at samfunnet kunne skildrast som same måte som naturen, med utgangspunkt i erfaring og empiri.

Ludwig Feuerbach (1804-1872) representerer ein milestein i ateismens historie. I boka Kristendommens vesen («Das Wesen des Christentums») frå 1841 avviser han Guds eksistens. Han hevdar at mennesket i religionen berre har med seg sjølv å gjere. Religion er såleis ein projeksjon av det menneskelege: Menneska forstørrar dei beste menneskelege eigenskapane og kallar det Gud. Slik grunngav Feuerbach ateismen filosofisk. Utgangspunktet hans var reint materialistisk.

Marx og Nitezsche

Feuerbachs tenking influerte Karl Marx (1818-1883). Utgangspunktet for Marx var òg materialistisk. Dette fekk følgjer for samfunnsteorien og historiefilosofien hans, den såkalla historiske materialismen. For Marx er det materielle, økonomiske og politiske tilhøve som formar historia. Dette skjer i ein dialektisk prosess, som handlar om klassekamp: kampen mellom dei som ikkje eig og dei som eig produksjonsmidlane. Som Feuerbach oppfatta Marx religion som eit menneskeprodukt. Det var eit middel for overklassen nytta til å undertrykkje underklassen. Såleis var religion opium for folket, altså eit sløvande middel som heldt underklassen nede.

Både Feuerbach og Marx var viktige for 1800-talets religionskritikk. Det same gjaldt Friedrich Nietzsche (1844-1900), som hevda ein radikal ateisme. Utgangspunktet hans var at Gud er ein illusjon. Religion og gudstru er berre eitt av mange perspektiv på verda. Viljen til makt («Wille zur Macht») er det sentrale, og alle tolkingar inneber ein vilje til å makte verda gjennom å gje ei tolking av ho.

Det svake mennesket, seier Nietzsche, maktar ikkje sjølv å gje meining til verda. Dei svake slår seg i staden saman om myten Gud som ein garanti for at det finst ei meining attom den tilsynelatande meiningsløysa. Resultatet har vorte dyrkinga av «kristendommens slavemoral». Fordi Gud er ein illusjon, hevda Nietzsche, er det naudsynt å slå fast at «Gud er død». Guds død inneber ei omvurdering av moralen, ei «omvurdering av alle verdier». At Gud er død, impliserer for Nietzsche ein altomfattande nihilisme.

Nietzsche var ein av dei som mest tydeleg og konsekvent markerte ateismen på 1800-talet. I tillegg må nemnast Ernst Haeckel (1834-1919). Han førte vidare eit konsekvent naturalistisk standpunkt som ikkje gav rom for gudstru. Universet – og mennesket – er resultat av ein mekanisk utviklingsprosess styrt av eit årsak-verknad-tilhøve.

Det naturalistiske perspektivet er òg utgangspunktet for Sigmund Freuds (1856-1939) psykoanalyse. Freud oppfatta psykoanalysen som ein naturvitskapleg teori. Det psykiske livet er grunna på biologiske drifter. Sjelelivet til mennesket er drive av naturprosessar. Dette medførte eit reint naturalistisk menneskesyn, som ikkje hadde rom for ein særskilt status for mennesket i kraft av fornuft og viljefridom. Dette utfordra så vel eit religiøst som eit humanistisk menneskesyn. Psykoanalysen kom til å spele ei viktig rolle på 1900-talet.

Det naturalistiske livssynsperspektivet fekk i norsk samanheng gjennomslag med det moderne gjennombrotet. Darwinismen vart ivrig debattert i 1870-åra, og vann då òg innpass ved Universitetet. I Noreg som i Norden elles var litteraturkritikaren Georg Brandes (1842-1927) den mest sentrale agenten for dei nye tankane. Ei hovudsak for Brandes var kampen mot samfunnsautoritetane. Kristendommen var ein hovudfiende fordi han heldt folket nede i vankunne. Individet måtte frigjere seg frå dei religiøse illusjonane og undertrykkjande samfunnsinstitusjonar som kyrkje, ekteskap og kongedømme. Idealet var å leve eit vitskapeleg rasjonelt liv.

Brandes påverka sentrale norske forfattarar. I fremste rekkje stod Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910) med ei religionskritisk haldning. Bjørnson medverka mellom anna til å popularisere resultata frå den historisk-kritiske bibelforskinga. Han gjekk òg til åtak på kristne læresetningar, mellom anna trua på helvete og ein personleg djevel. Bjørnson vart etter kvart ein talsmann for Darwins utviklingslære. Andre gjekk til åtak på den kristne moralen, i første rekkje den restriktive seksualoppfatninga som kristendommens representantar stod for.

Kring den kontroversielle skribenten og samfunnsdebattanten Hans Jæger (1854-1910) samla det seg ei gruppe studentar, forfattarar og kunstnarar, den såkalla Kristiania-bohemen. Dei gjekk inn for å avskaffe ekteskapet og innføre «fri kjærleik». I boka Fra Kristiania-Bohêmen (1886) gjekk Jæger inn for «kristendommens og moralens udryddelse» for å kunne oppnå «et frit samfund af frie mennesker». Boka vart beslaglagt så snart ho kom ut, og Jæger sjølv måtte i fengsel.

Nyaste tid

I vestleg samanheng vart ein naturalismebasert ateisme ført vidare på 1900-talet. Frå 1920-åra av vart den vitskapleg baserte ateismen utfordra av kvantefysikken, som braut med den deterministiske årsaksforklaringa innanfor den klassiske fysikken. Ein årsaksprosess var berre mogleg å føreseie med eit visst sannsyn. Dette opna opp for religiøse så vel som ikkje-religiøse tolkingar.

Sjokket etter første verdskrig underminerte dessutan 1800-talets tru på framsteg og utvikling, og gav det irrasjonelle ny næring. Men den menneskelege katastrofen som andre verdskrig førte med seg, representerte eit utfordring for gudstrua. Auschwitz demonstrerte for mange Guds fråvere og dermed det umoglege i å tru på Gud.

I 1960- og 70-åra vart det innanfor teologien òg freista å tenkje ateistisk om Gud, mest tydeleg og konsekvent innanfor den såkalla Gud-er-død-teologien. Ein av dei sentrale representantane her var Gabriel Vahanian (1927-2012) og Dorothee Sölle (1929-2003). Også teologar som Rudolf Bultmann (1884-1976) og Paul Tillich (1886-1965) avviste tanken om at Gud er skilt frå verda. Bultmann hevda at det ikkje er mogleg å tale om Gud utan å tale om mennesket. Han kravde ei avmytologisering av bodskapen i bibelen, som han meinte måtte frigjerast frå ei mytisk førestellingsverd og bli uttrykt på ein måte som tok eit nytt verdsbilete og det moderne mennesket si eksistensforståing på alvor.

Innanfor filosofien var briten Bertrand Russell (1872-1970) ein av dei skarpaste kritikarane mot religiøse livstolkingar. Russell rekna seg sjølv som ateist. Trua på at Gud eksisterer står i strid med ei kvar fornuftig grunngjeving ut frå menneskeleg erfaring, meinte han. Gudstrua står og i vegen for framsteg, ikkje minst når det gjaldt å kome fram til meir rettferdige samfunn og ei fredelegare verd.

På 1900-talet spelte vidare den politiske ateismen ei rolle, først og fremst gjennom marxismen. Kommunismen førte til at det vart danna statar som var tufta på ateismen. Tvangssekularisering vart gjennomført i Sovjetunionen, Aust-Europa og Kina. I Vest-Europa gjekk utviklinga i retning at statane oppfatta seg sjølve som religiøst nøytrale, sjølv om dei nordiske landa framleis heldt seg med statskyrkjer. Her har det skjedd endringar etter år 2000. Dette året avvikla Sverige statskyrkjeordninga, medan viktige endringar i relasjonen mellom stat og kyrkje i Noreg vart gjennomført med grunnlovsendringane i 2012. Noreg har ikkje lenger ein statsreligion, og Den norske kyrkja får eit lausare tilhøve til staten.

Religiøst comeback og nyateisme

Kommunismens fall på slutten av 1900-talet synte at religion og tru ikkje var utrydda av ein tvungen ateisme. Men sekulariseringa har likevel hatt sin verknad. I det tidlegare Aust-Tyskland er medlemsprosenten i kyrkjesamfunn nede i 30 prosent. Auka innvandring har vidare ført til større religiøst mangfald i dei vestlege samfunna. Det har gjort religion langt meir synleg i det offentlege rommet. Ein snakkar derfor gjerne om «religionens attendekomst». Men tendensen er ikkje eintydig, for samstundes blir det fleire som ikkje trur. Det verkar som ein står overfor ei polarisering mellom religiøse og ikkje-religiøse livssyn.

Noreg er ikkje noko unntak i så måte. Religionsundersøkingar syner at sekulariseringa held fram. Det synest òg klart at religion og religiøsitet må tilpasse seg viktige premiss henta frå sekularismen for å kunne bli akseptert i allmenta. Det blir òg fleire som seier at dei ikkje trur. Ifølgje religionsundersøkinga 1991-2008 var 37 prosent ikkje-truande, mot 30 prosent i 1991. Over 10 prosent av den norske befolkninga er ikkje med i noka trus- eller livssynssamfunn. Oppslutnaden om Human-Etisk Forbund er stabil.

Dei seinare åra har det vore mogleg å spore ein tydeleg «nyateisme». Omgrepet vart lansert i 2006 og nytta om den sterke kritikken av gudstru og det kulturelle aspektet ved religiøs tru som mellom anna har kome fram i bøkene til den britiske evolusjonsbiologen Richard Dawkins (1941-). Mest kjend er The God Delusion frå 2006 (norsk omsetjing frå 2007: Gud, en vrangforestilling).

Karakteristisk for Dawkins og andre nyateistar er åtaka på religion og gudstru. Gjennom å omtale religion som «vrangforestilling» seier ein i realiteten at det einaste fornuftige er å vere ateist. Vidare blir naturvitskapen konsekvent mobilisert mot religion. Fordi naturvitskapen byggjer på rasjonalitet og objektivitet, motseier han all religion og gudstru. Nyateismen går langt i å krevje at religion, for å kunne ha truverd, må kunne legitimere seg vitskapeleg. Karakteristisk for nyateismen er såleis ein religionskritikk ut frå rasjonelle føresetnader. Dessutan er det ein tendens til å forklare samfunnsproblem med religion. Ei av innvendingane mot nyateismen er at han har reduksjonistisk og snevert syn på religion.

Oppsummering

I denne artikkelen har føremålet vore å gje ei kort innføring i sentrale drag ved ateismens historie. Vi har sett det finst ateistiske drag både innanfor eldre indisk og kinesisk religion og filosofi. For utviklinga i Vesten er gresk filosofi i antikken utgangspunktet.

Men gjennombrotet for ein open og konsekvent ateisme skjedde først langt seinare. Ei vanleg oppfatning er at dette i Vesten skjedde først under opplysninga på 1700-talet.

1800-talet representerer stordomstida for ateismen med den moderne naturvitskapen og darwinismen. Kommunismen på 1900-talet førte til at ateismen vann terreng. Auka innvandring dei siste tiåra har ført til større religiøst mangfald og «religionens attendekomst» i allmenta. Samstundes syner religionsundersøkingar at det er fleire som seier dei er ateistar.

Litteratur

Andersen, Per Thomas 2012. Norsk litteraturhistorie. Oslo: Universitetsforlaget.

Baggini, Julian 2003. Atheism. A Very Short Introduction. Oxford: Oxford University Press.

Berman, David 1988. Atheism in Britain: from Hobbes to Russell. London: Croom Helm.

Botvar, Pål Ketil og Ulla Schmidt (red.) 2010. Religion i dagens Norge. Mellom sekularisering og sakralisering. Oslo: Universitetsforlaget.

Brøntveit, Erik og Knut Duesund 2002. Filosofi, livssyn og etikk. Bergen: Fagbokforlaget.

Christensen, Torben og Sven Göranson 1969. Kyrkohistoria. Band 2. Stockholm: Scandinavian University Books.

Dietz, Walter R. 1998. ”Atheismus. II. Kirchengeschichtlich”. I: Religion in Geschichte und Gegenwart. Band 1. Tübingen: Mohr Siebeck, sp. 875-877.

Elstad, Hallgeir. 2005. Nyere norsk kristendomshistorie. Bergen: Fagbokforlaget.

Forfang, Åsmund 1996. Ateisme: ein dialog. Oslo: Samlaget.

Figl, Johann 1998: ”Atheismus. I. Religionwissenschaftlich”. I: Religion in Geschichte und Gegenwart. Band 1. Tübingen: Mohr Siebeck, sp. 873-875.

Hiorth, Finngeir 1997. Innføring i humanisme. Oslo: Oslo fylkeslag av Human-Etisk Forbund.

Marsh, Christopher 2011. ”Religion After Atheism”. I: Society, vol. 48, s. 247-250.

Schmidt, Martin 1979. ”Atheismus in der Geschichte des Abendlandes”. I: Theologische Realenzyklopädi. Band IV. Berlin: Walter de Gruyter, s. 351-364.

Skirbekk, Gunnar 1980. Filosofihistorie I og II. Bergen: Universitetsforlaget.

Thorstensen, Erik 2013. Ateismekritikk: om reduksjonisme, religion og samfunn. Oslo: Akademika.

Throwes, James 2000. Western Atheism: A Short History. New York: Prometheus Books.

Aadnanes, Per M. 2012. Livssyn. Oslo: Universitetsforlaget.

Del denne posten

Om forfatteren: Hallgeir Elstad

Hallgeir Elstad (f. 1964) er professor i kirkehistorie ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Han har særleg arbeidet med norsk kirkehistorie på 1800- og 1900-talet, og har skrevet flere lærebøker.