Undergravarane – Om antikatolsk konspirasjonstenking

Øyvind Strømmen

Øyvind Strømmen

Øyvind Strømmen (f. 1980) er journalist og forfatter. Han har skrevet bøkene Det mørke nettet, Den sorte tråden, og I hatets fotspor som alle omhandler høyreradikale og høyreekstreme bevegelser.
Øyvind Strømmen

Latest posts by Øyvind Strømmen (see all)

Frå 04/15.

Dei er barbarar som undertrykker kvinner og som ikkje passar inn i ein moderne nasjonalstat. Dessutan er dei undergravarar og forrædarar. Kven? Katolikkane, sjølvsagt!

I 1921 kom Aloysius (eller Alois) Menzinger på vitjing til Noreg. Han hadde blitt invitert til hovudstaden Kristiania og til Det norske studentersamfund for å halda foredrag om den katolske kyrkja sitt tilhøve til moderne teologi.

Alois Menzinger var ein spinkel og vever mann. Han kom opphavleg frå den vesle byen Straubing ved Donau i Bayern, men hadde utdanning frå Nederland. I 1909, då han var fyrst i tredveåra, hadde han blitt prestevia. Det hadde skjedd trass i at rektoren ved benediktinargymnasiet meinte at Meinzinger slett ikkje eigna seg som prest. Han var for mykje av ein kunstnartype, musikar, diktar og naturven, meinte rektoren.

Menzinger vart sendt til Danmark, der han fyrst underviste på den katolske skulen Sankt Andreas Kollegium i Ordrup, nord for København, og sidan vart kantor i Jesu Hjerte Kirke på Vesterbro. Han hadde slett ingenting i Noreg å gjera. Alois Menzinger var nemleg jesuitt, og i Grunnlova stod det – svart på kvitt – «Jesuiter maae ikke taales».

Jesuitt-rein

Den norske Grunnlova av 1814 var på mange måtar liberal, og var påverka av både den franske og den amerikanske. Religionsfridom var det likevel ikkje. Lova stengte ute både jødar, munkeordenar og den katolske presteordenen Societas Iesu, betre kjend som jesuittane.

Kva var årsaken til dette siste? I 1814 stod jesuittane svakt. Utover på 1700-talet hadde ordenen vorte utestengt frå ei rekkje katolske land, og i 1773 hadde pave Klemens XIV etter press oppløyst ordenen. Heilt borte var den likevel ikkje. Det er noko av eit paradoks at ordenen som ein gong hadde vore ein viktig maktfaktor internt i den katolske kyrkja, overlevde utanfor den katolske verda; i Prøyssen, i England, i Russland.

I august 1814 vart ordenen gjenoppretta av Pave Pius VII, og utover på 1800-talet skulle han få ei ny blomstringstid. Men då forbodet i Grunnlova vart innført, var jesuittordenen svak. Forbodet kan difor synast å fyrst og fremst vera motivert av fortida. Det var nemleg ikkje noko nytt: Både munkar og jesuittar vart sperra ute allereie i 1624, av kong Christian IV. Då var bakteppet den dansk-norske deltakinga i tredveårskrigen, og den generelle spenninga mellom katolikkar og protestantar i eit Europa som var prega av både reformasjon og motreformasjon.

I tillegg hadde fleire forsøk på hemmeleg katolsk misjonsverksemd funne stad både i Noreg og i dei andre nordiske landa, i von om å vinna Norden attende til pavekyrkja. Blant anna hadde den norskfødde jesuittpresten Laurids Nielsen, som hadde studert i Leuven i det som i dag er Belgia, gjort forsøk både i Noreg og Sverige. Nielsen er her til lands meir kjend som «Klosterlasse».

I Christian IVs lov av 1643 heitte det: «Muncke, Jesuviter oc dislige Papistiske Geistlige Personer, maa under deris Liffs Fortabelse, icke her udi disse Riger oc Lande lade sig finde eller opholde, som de imod voris Christelige Troes Bekiendelse, oc Kircke Ordninanse, Atskillige Vildfarende Noviteter og Superstitioner vilde Indføre oc paatrenge».

Nokre norske historikarar, blant dei Sverre Steen, har meint at jesuittforbodet i seg sjølv var prega av den tidas liberale strøymingar, og av liberal antiklerikalisme – motstand mot presteskapet. Men det er vanskeleg å finna dekning for dette i kjeldene.

Wilhelm Frimann Koren Christie, som kom med framlegget om å sperra jødar, munkar og jesuittar ute, synte attende nettopp til fortida, og til korleis «Fortidens viise Lovgivere med sand Fader-Omhue» hadde hindra «Jesuiter og andre mer eller mindre skadelige Munke-Ordener» i å trengja seg inn i landet. Christian Magnus Falsen forklarte i 1816 forbodet mot jesuittane med at dei var «Pavedømmets stærkeste Værn», som «ivrigen arbejdet mot Alt hvad der kunde indskrænke eller skade dette». Han mente det var nok: «Alene denne Omstændighet, forenet med den al Dyd nedbrydende Grundsætning, at ethvert Middel er tilladt og godt, naar Hensigten er god, maatte være nok til at holde Jesuiterne ude af en protestantisk stat».

Her finst ein skugge av den franske matematikaren og tenkjaren Blaise Pascals sin kritikk av jesuittane frå 1600-tallet, og av den interne katolske debatten mellom jansenistar og jesuittar. Der stod nettopp angrep på jesuittisk morallære, og karikering av deira såkalla kasuisme, sentralt. Likevel er det tydeleg: Det var for å verna om Norge som protestantisk at jesuittane måtte sperrast ute. Falsen skreiv vidare at ein kunne seia noko av det same om munkeordenar, som dessutan bestod av «en Hob Dagdrivere, afsondrede fra det øvrige menneskelige Selskab», som brukte tiden på «Ørkesløshed og alle de dermed forenede Laster».

Ei sovande lov

Då Menzinger vitja Noreg over hundre år etter dette, synte jesuittforbodet seg å vera ein sovande paragraf – den hadde ikkje blitt fjerna, i motsetnad til forboda mot jødar og munkeordnar. Morgenbladet hadde i forkant skrive at det ikkje kunne vera tvil om fortolkinga av lova – ein jesuitt måtte rett og slett ikkje setja sin fot over landegrensa, og langt mindre opptre offentleg. Men Menzinger vart ikkje stogga på grensa. Han vart ikkje kasta ut. Han vart heller ikkje utsett for rettsleg forfølging. Den opphavlege straffereaksjonen, livslangt straffarbeid, var nemleg ikkje lenger del av norsk lovverk i det heile.

Ein av dei som likte dette dårleg var entreprenøren, lekmannspredikanten og samfunnsdebattanten Albert Hiorth. Han melde Menzinger til Justisdepartementet «for bevisst overtredelse av Norges grunnlov».

Ikkje lenge etter Hiorth si melding sette departementet fram ein kongeleg proposisjon om jesuittforbodet, som i Dagbladet hadde vorte kalla både forelda og latterleg. Departementet meinte at det ikkje var noko poeng å ha eit forbod som ikkje let seg handheva. Dei vende seg til Kyrkjedepartementet, som tok kontakt med biskopane i den lutherske statskyrkja, samt både til Menighetsfakultetet og Teologisk Fakultet. På Menighetsfakultetet stilte dei seg negative til å oppheva forbodet, men både i Teologisk Fakultet sitt lærarråd og blant biskopane var ein positive til ei lovendring. Kyrkjedepartementet konkluderte med at dei ikkje kunne gå imot ei lovendring, då lova ikkje stemte overeins med «den forståelse av religionsfrihet som er den alminnelige i våre dager, og da det heller ikke kan antas at opphevelse av dette foreldede og i og for seg lite virksomme forbud vil kunne ha skadelige følger». I 1923 vart lova foreslått endra.

Berre to år seinare – då paragrafen vart diskutert i Stortinget – hadde stemninga snudd. Fleirtalet av biskopet var no imot å oppheva forbodet, og Den Norske Presteforening ytra seg også negativt. Ein sovande paragraf hadde vakna til live.

Sions Vises Protokollar – om jesuittar

I dei to åra som hadde gått hadde det vore debatt i ei rekkje norske aviser. Albert Hiorth var ein aktiv deltakar. I god tradisjon retta han åtak inn mot jesuittisk moralfilosofi i «dette [for] vårt land så vitale spørsmål». Det gjekk hardt for seg, faktisk så til dei grader at eit svar frå Hiorth til eit innlegg av den katolske presten K. Kjelstrup vart utstyrt med ei redaksjonell åtvaring i Sandefjord Blad: «Nedenforstående innlegg forekommer oss å være noe nær en rekord i overdrivelser og utilbørlighet i angrep på anderledes troende», skreiv avisa. «Når vi allikevel inntar det, skjer det fordi vi meget nødig nekter folk å komme til orde».

Hiorth var aktiv som både forfattar og forleggar. Han skreiv sjølv fleire pamflettar, og sytte dessutan for at andre vart omsett og gjeve ut på norsk. Fleire av dei hadde eit antijesuittisk og antikatolsk fokus, som hans eigne Spørsmaal til en katolsk ven fra en norsk protestant (1924) og Bør jesuiter taales? (1925) og ei omsetjing av eit utdrag frå George Howard-Wrights vesle bok Glastonbury or Rome, their true relationship, or, is Rome our Mother (1920)

Hiorth var også medlem av den britiske gruppa Prophecy Investigation Society (PIS), som var opptekne av å tolka bibelske profetiar inn i samtida. Og han hadde fokus på meir enn jesuittar. I 1920 gav han ut pamfletten En bibelstudents kommentar til «Jewish Peril», ei slags kommentarutgåve til det vidgjetne antisemittiske falsknarverket Sions Vises Protokollar. Sistnemnde kom ut også i Noreg tidleg på 1920-talet, fyrst på engelsk og sidan i norsk omsetjing. I 1921 heldt han eit føredrag for PIS som i tillegg vart trykt i medlemsbladet Aids to Prophetic Study, under tittelen «World Unrest».

Som historikaren Linda Aasvangen skriv om i si masteroppgåve om Hiorth og Sions Vises Protokoller, knytte Hiorth førestillingane i dette skriftet saman med trugsmålet frå bolsjevikane i aust og med jesuittane. «[W]e see the ‘false prophets’, the Jesuit Ultramontanes openly asserted to have fomented the French Revolution […], we see them creep into and pervade the Protestant Church of England, the last bulwark of the faith», heitte det i «World Unrest». Hiorth meinte at Sions Vises Protokollar feilaktig hadde fått namnet «Jewish Peril» på engelsk:

[The book] may be a fake, or it may be true. Practically all its predictions, from nearly twenty years ago, have come true so far, and it seems far fetched to imagine human power capable of such detailed prophecies of the future. Truth or no truth, it gives humanity the best man-made picture up to now (or perhaps more rightly Satan-made picture) of the coming […] [of] the Antichrist, expected by Christ’s followers. Should Jews and Christians suffer this book still to create antisemitism by being concealed from public – instead of being widely circulated and duly explained, exposing at is does the aims and means of Bolshevism, screening behind innocent Jewry […].

Hjå Hiorth vert med andre ord ideen om den jødiske konspirasjonen gjort mindre «jødisk». I En bibelstudents kommentar vert den i staden knytt opp mot sosialisme, spiritisme, teosofi, Christian Science-rørsla og – ei rekkje gongar – jesuittar. Ein stad syner Hiorth til tre antijesuittiske bøker, som han set opp som ein parallell til Sions Vises Protokollar: «I disse verker beskrives Ignatius Loyola og hans disciples [jesuittenes] færd i Vesterland, nærværende verk gir oss et indtryk av Østens kollegaers virke».

I 1924 gav Hiorth ut pamfletten Notater til et foredrag om Bibelens profetiers lys over verdenspolitikken i dag. Her utdjupa han synspunkta frå En bibelstudents kommentar, på ein måte Aasvangen skildrar som at Hiorth fusjonerer sin «motstand mot bolsjevismen med en tydelig antikatolisisme: den katolske kirke får rollen som konspiratør i forbund med bolsjevikene».

Hiorth koplar Roma og Moskva saman, og syner her blant anna til den italienske fascismen:

Mussolini og fascismen med avlæggerne i andre katolske lande er et typisk tegn paa muligheten av – selv i en yderst ‘demokratisk’ tid – at en diktator kan ta absolutt enevælde, likesaa Lenins og hans efterkommeres russiske historie. Disse, nu hæterogene, – ja, fiendtlige – bevægelser, er dog saavel i maal (makt), som i midler (makt), identisk og vil sikkert i sin tid finde hverandre og gaa saman undere een hersker, og endelig regjere og undertrykke alle annerledes-tænkende, fremforalt virkelige kristne, saavelsom virkelige jøder.

Hiorth hevdar vidare at det finst intime band mellom «de frafaldne jesuitiske jøder», «de yderliggaande revolutionære bolscheviker» og «den hellige stol – paven». Slik vart katolikkane – og ikkje minst jesuittane – gjort til ein del av ei vondskapsfull, undergravande kraft.

Ein vitjande kardinal

Andre motstandarar av å sleppa jesuittane inn i landet hadde sjølvsagt innfallsvinklar som kunne gå i anna retning. Soknepresten A. Gundersen var ein av dei. I eit innlegg i Aftenposten i mars 1925 gjekk han til åtak på jesuittane på dobbelt grunnlag.

For det fyrste synte han til den jesuittiske morallære, der han blant anna baserer seg på ei markant antijesuittisk bok om Kloster-Lasse, gjeve ut av Andreas Brandrud i 1895.

Vidare synte sokneprest Gundersen til konflikten mellom norske misjonærar og jesuittmisjonærar på Madagaskar, eit tema som hadde vorte omtalt i fleire bøker om misjonsverksemda.

Hvad jesuiterne i den tid fik øvet mot den protestantiske mission gjennem franske (og delvis infødte) embedsmænd, som de fik proppet med løgn, og gjennem fanatiske indfødte troesfæller, er saa haarreisende, at man maatte vægre sig tro det dersom man ikke hadde samstemmige vidnesbyrd om det baade frå engelske og norske missionærer.

Gundersen syner til Chr. Borchgrevinks Erindringer fra de første femtiaar af Det norske missionsselskabs arbeide paa Madagaskar frå 1917. I den skreiv Borchgrevink fleire sider om «Jesuiterforfølgelsen». Borchgrevink hevdar at jesuittmisjonærane ikkje sjølv tok del i overgrep, men i staden nytta seg av innfødde som hadde blitt «opfanatiser[t] til en Grad, der grænser til det utrolige». Slik stod jesuittane bak både valdelege åtak, ein kyrkjebrann, storming av kyrkjer, og drap.

Eit anna tema som vekte debatt rundt katolisismen i Noreg i fyrste halvdel av 1920-talet, var vitjinga frå den nederlandske kardinalen Wilhelmus Marinus van Rossum, som i 1923 drog på rundreise i alle dei nordiske landa. Det var fyrste gong ein kardinal vitja Noreg sidan Vilhelm av Sabina kom i samband med kroninga av Håkon Håkonsson i Bergen i 1247.

Blant nederlandske katolikkar vart Noreg rekna som misjonsmark. Det vart også samla inn pengar til misjonsverksemd gjennom St. Olavs-bøsser, og van Rossum var utvilsamt blant dei som vona på at Noreg skulle venda attende til «Moderkyrkja», sjølv om det berre var eit par tusen katolikkar i landet. Landsmannen Jan Smit, som hadde blitt apostolisk vikar for Noreg året før, og som hadde teke namnet Olav, åtvara van Rossum: Det var viktig at han framstod som kardinal under visitasen, men han måtte for all del ikkje framstå som ein propagandakardinal – då ville norske protestantar reagera.

Vitjinga til van Rossum, som i norsk presse vart omtala som «den røde pave», gjekk bra. Pressemerksemda var betydeleg, men van Rossum opptrådde forsiktig, unnlét å snakka om misjonsverksemd i avisintervju, og passa på å rosa nordmennene, norsk gjestfridom og norsk kultur. Sjølv om det fanst kritiske røster, var presseomtala i stor grad prega av nyfikne og ei velviljug haldning. Då van Rossum ikkje fekk moglegheit til å halda messe i Nidarosdomen, førte dette jamvel til kritikk frå enkelte norske, lutherske prestar.

Mot slutten av året skreiv Jan Smit til van Rossum:

Det beste er at me heldt fram å arbeida i det stille. For protestantane vert så redde for oss. Alt me gjer vert ettergått og kjem i avisa. Når dei vil kan dei ‘samla’ protestantane motarbeida oss grundig. Difor må me, tru eg, halda fram arbeidet i det stille i eit lite år, iallfall fram til jesuittparagrafen vert avskaffa. Om ikkje fell kanskje dette regjeringsframlegget, og det ville vera svært synd.

Når kritikken mot van Rossum kom, var det ikkje eit resultat av at protestantar samla seg, men eit resultat av van Rossum sjølv. Hausten 1923 utgav han eit lite skrift på nederlandsk, Aan mijne katholieke landgenoten (Til mine katolske landsmenn). Det kom ut i eit opplag på 10 000 eksemplar, og her skildra han reisa si i dei nordiske landa, med det propagandaspråket han hadde heldt seg frå å nytta på reisa.

I skriftet fortel han korleis den protestantiske kyrkja er i ferd med å falla saman i lærestrid, og korleis protestantane står att utan noko fundament. Han framstiller den lutherske liturgien som sjellaus og prega av dødskulde, og kjem med den merkelege og feilaktige påstanden om at konene til biskopane var involvert i bispeviinga ved å leggja hendene på ektemennene. Han fortalte også om korleis djevelen – «den helschen vijand» – ikkje lét noko vera uprøvd for å halda folk vekke frå katolsk tru.

13. mars 1924 nytta Aftenposten store delar av fyrstesida på denne boka, som dei omtala som «[e]t merkelig skrift», som «upaalidelig» og «vel ikke en kirkefyrste av forfatterens rang helt værdig». I april 1924 trykte avisa eit svar på kritikken mot den vesle boka, skrive av van Rossum sjølv. Han orsaka djupt, og skreiv at «nogen feil og unøiaktigheter» hadde snike seg inn i pamfletten mot hans vilje.

Men skaden var skjedd. På same tid som den vidgjetne forfattaren Sigrid Undset vende om til katolisismen, vende norsk opinion seg i antikatolsk retning.

Marta Steinsvik entrar scena

Marta Steinsvik

Marta Steinsvik

Dette var bakteppet då den norske samfunnsdebattanten Marta Steinsvik for alvor entra den antijesuittiske scena. Steinsvik hadde blant anna markert seg som ein forkjempar for kvinnelege prestar, men no var det altså kampen mot katolisismen som stod på dagsorden.

Steinsvik slo an tonen i eit intervju i Aftenposten 6. mai 1925, berre eit par månader før Stortinget skulle avgjera om forbodet mot jesuittar i Grunnlova skulle bestå. «Jøder og jesuiter», heitte artikkelen, der det gjekk fram at «den kjendte taler og skribent […] i den senere tid [har] behandlet spørsmaalet om jøder og jesuiter i en rækre foredrag hun har holdt utover landet». I intervjuet gjorde Steinsvik det klårt at ho meinte eidsvoldsmennene i 1814 var «de klokeste mænd», fordi dei hadde stengt grensene for både jødar og jesuittar.

Steinsvik nektar for at ho er jødehatar, og hevdar at ho har sympati for «dette merkelige og begavede folk», men heldt deretter fram med å formidla ei rekkje konspirasjonsteoriar om jødane. Blant anna meinte ho at dei hadde stått sentralt under alle revolusjonar, og at dei stod bak verdskrigen frå 1914 til 1918. Å sleppa «jesuiterordenen og den jødiske storkapital ind i landet» ville vera nasjonalt sjølvmord, meinte ho.

Det meste av intervjuet handla om jødane, og Steinsvik hadde då også reist land og strand rundt for å halda føredrag om Sions Vises Protokollar. Etter kvart dukkar likevel også jesuittane opp. Steinsvik knyter dei saman med jødane, før ho fyrer av mot både jesuittane spesielt og katolisismen generelt:

[Jeg] maa tilstaa, jeg ser med sorg paa at det intense propaganda-arbeide, de driver her i landet, synes at lykkes saa godt. Forleden dag blev det her i byen bare fra en enkelt loge døpt paa en gang femten protestanter, som altsaa gik over til katolicismen. Ja, for de maa nemlig døpes om igjen. Vor kristne daab er ikke god nok. Nu prøver katolikkene blandt annet at faa tak i vort lands ungdom ved at spille paa de nationale strenger. […] det skulde saamen ikke undre mig, om Stortinget nu gaar hen og slipper jesuittene ind. Det vil sikkert før ha jesuitene ind i landet en til eksempel kvindelige prester.

Steinsvik vart raskt kritisert av Olav Offerdahl, den norskfødde provikaren for den katolske kyrkja i Noreg. Ho svara med artikkelen «Jøder og jesuiter» som vart publisert i tre delar i juli 1925, like etter avrøystinga på Stortinget. Igjen nekta ho for å vera jødehatar, det einaste ho i denne artikkelen skreiv om jødar.

Åtaka på den katolske kyrkja er derimot mange. Fyrst går Steinsvik i strupen på den jesuittiske moralteologien, representert ved «en av deres største lærere, den berømte Liguori, som til og med har blit kanonisert». Ho tek utgangspunkt i Alfonso Liguori sitt forsvar for naudløgn, men føyer raskt til:

Liguori hævder likeledes, at man ikke alene kan, men skal skjule sin katolske tro, naar det passer, for eksempel naar man opholder sig i et kjættersk land og man ved at aabenbare den utsætter sig for ubehageligheter osv., eller man kan tene kirken betre ved at holde sin katolske tro hemmelig. At paven har ret til at løse enhver frå en hvilkensomhelst ed, er vel kjendt. Jesuitene lærer ogsaa den dag i dag, at kirken ikke bare har ret, men plikt til at dræpe kjettere og frafaldne.

Vidare skriv ho at det er «et uhyggelig historisk faktum» at «dette ældgamle paabud», sjølv om det «maaske ikke [er] almindelig kjendt» låg bak drapet på den amerikanske presidenten Abraham Lincoln, eit drap som ifølgje henne vart utført av jesuittar.

Pavekyrkja bak Lincoln-drapet

Det er ein interessant påstand, men ikkje fordi det har noko med røyndomen å gjera. Lincoln sin attentatmann, John Wilkes Booth, vaks opp med ei mor som var protestant og ein far som var noko av ein religiøs fritenkjar, og drapet var motivert av støtte til sørstatane samt motstand mot å avskaffa slaveriet. I staden er det interessant fordi det knyter Steinsvik opp til amerikansk antijesuittisk tradisjon. Påstanden om jesuittisk innblanding i drapet på Lincoln er noko ein finn att hjå blant andre den tidlegare katolske presten Charles Chiniquy. Canadiaren var ein av dei mest vidgjetne antikatolske skribentane i si tid, og vart omsett til norsk alt i 1892.

Steinsvik framheva også kva slags spørsmål kvinner fekk i skriftestolen, og synte igjen til Liguori, samt til Peter Dens, som døme. Også her er koplinga til utanlandsk antikatolisisme tydeleg. Som historikaren Denis G. Paz påpeiker, var nettopp Liguori og Dens sin kasuistiske moralteologi eit vanleg tema for viktorianske antikatolikkar. I likskap med Steinsvik såg desse på katolisismen som fundamentet for allslags umoral, ikkje minst seksuell umoral. Steinsvik siterer sjølv jarlen av Shaftesbury sine «rammende ord»: «Avskyelig bestialitet er for mildt et uttryk. Detaljene er utænkelige uten for den mest perverse».

Ho avsluttar tilsvaret sitt med endå eit sitat, frå den «store franske historiker I. De Récalde», som ho meinte «rammet like i blinken»: «Jesuitene hadde beklaget sig over, at der utspredtes saa mange løgne og bakvaskelser om dem. – Vær glad, viss man lyver og bakvasker dem, svartes der. Man kunde gjøre det som værre var. – Og hvad er saa det? – Man kunde si den fulde sandhet om jesuitene. Det vilde være døden for dem!».

Å finna fram til originalkjelda her er inga enkel øving, for pseudonymet I. De Récalde skjuler ingen stor, fransk historikar, men er tvert om eit av pseudonyma til den franske, katolske presten Paul Boulin. Han var ein glødande antijesuitt knytt til tidsskriftet Revue internationale des sociétés secrètes, og elles kjend – om ein kan kalla han det – for å ha formidla konspirasjonsteoriar rundt både jødar og frimurarar. Sitatet, som også er upresist, er henta frå etterordet til ei utgåve av Miguel Mirs Histoire intérieure de la compagnie de Jésus, omsett til fransk og utgjeven i 1922. Steinsvik var openbert godt kjent med utanlandsk, antijesuittisk litteratur.

Den nye antikatolske artikkelen frå Steinsvik la ikkje nokon dempar på den norske katolske responsen. Bondeparti-avisa Agder Tidend i Kristiansand hadde sitert innlegget hennar, og der svara den katolske pastoren Celestin Riesterer i ei krass tone. Han skulda Steinsvik for løgn, og spurte «om M.S. selv er løgnfabrikant i helvedes teneste, eller om hun kun er naiv forhandler en gros et en detail».

Det var meir enn kva Steinsvik ville finna seg i. Ho melde saka til politiet, utan at det førte fram, og gjekk deretter til privat injuriesøksmål mot Riesterer. Hjelp fekk ho frå tidlegare nemnde Albert Hiorth, som både lét Steinsvik nytta sitt omfangsrike bibliotek i Asker og dessutan gav henne pengestøtte.

Rettssaka gjekk av stabelen i Kristiansand i januar 1928, og fekk stor merksemd i pressa – som langt på veg framstilte ho som noko av eit oppgjer mellom den katolske og den protestantiske kyrkja. Resultatet vart ein paradoksal dom: Riesterer vart frikjend, men nokre av utsegnene hans vart likevel funne daude og makteslause. Steinsvik vart dømt til å betala sakskostnadene, noko ho slapp fyrst etter å anka likast til Høgsterett. I pressa, både i Noreg og i utlandet, vart saka i stor grad framstilt som ein siger for Riesterer.

Sankt Peters himmelnøkler

Bokomslag, Sankt Peters himmelnøkler

Bokomslag, Sankt Peters himmelnøkler

I 1928 – etter rettssaka – gav Steinsvik ut det fyrste av tre opplag av sitt antikatolske hovudverk, Sankt Peters himmelnøkler, ei bok på godt over 400 tidvis tettskrivne sider.

Boka består av fleire delar: Den fyrste delen er eit føredrag Steinsvik heldt landet over, «I Moderkirkens favn». Den andre delen er eit slags tilsvar til den katolske presten F. Krijn si bok Avsløringen av umoralen i den katolske kirke: en katolsk prests erfaringer, i seg sjølv ein kritikk av nettopp føredraget. Den tredje delen, «Litt pavehistorie», går gjennom dei historiske pavane slik Steinsvik såg dei. I den fjerde delen, «Hellig Olav og den norske statskirke», går Steinsvik til åtak på det ho oppfatta som eit katolsk forsøk på å kapra Heilag-Olav, som etter hennar syn ikkje representerte katolsk kristendom, men i staden stod for ein sann norsk kristendom av keltisk opphav.

Ein inngåande presentasjon av Sankt Peters himmelnøkler er det ikkje plass til her, men som i sin tidlegare artikkelserie er Steinsvik tydeleg påverka av både amerikansk og britisk antikatolisisme, og i noko mon også av tysk antikatolisisme. Ho låner frå eit utal ulike kjelder, og frå distinkt ulike diskursar.

For det fyrste hentar ho mykje frå reint antijesuittiske skribentar, inkludert både katolikkar og ei utbrytargruppe, dei såkalla gamalkatolikkane – som forlét den katolske kyrkja grunna motstand mot ideen om paven som ufeilbar autoritet. Blant kjeldene hennar er både gamalkatolikken Johann Friedrich og Ignaz van Döllinger, som ikkje sjølv var del av den gamalkatolske kyrkja, men som vert rekna som ein sentral bidragsytar til framveksten av henne.

For det andre hentar ho idear og døme frå litteratur med eit breiare antikatolsk fokus, både frå protestantiske skribentar som Charles Chiniquy og frå den engelske eks-presten Joseph Martin McCabe, ein glødande ateist.

For det tredje er ho inspirert av antiklerikalsk litteratur som var kritisk til kristendomen i seg sjølv. Til dømes er pavehistoria hennar i stor grad basert på Otto von Corvins bok Der Pfaffenspiegel – Historische Denkmale der christlichen Fanatismus, som også hadde vorte omsett til norsk i 1891. Omsetjinga hadde ei lita endring i undertittelen: Der den tyske boka sin undertittel synte til «kristen fanatisme», synte den norske omsetjinga til «fanatismen i den romersk-katholske kirke».

Kjeldekritikk er det lite av. Steinsvik blandar protestantisk kritikk av katolsk teologi med reine konspirasjonsteoriar, og låner også frå grufulle – og oppdikta – klosterskildringar som Maria Monks Awful Disclosures. Sistnemnde hintar om grove seksuelle overgrep, i tillegg til å fortelje om både brutale avstraffingsmetodar og drap. Ifølgje Richard Hofstadter var dette truleg den mest leste samtidige boka i USA før Onkel Toms hytte kom ut.

Ei av dei meir interessante kjeldene ho nyttar seg av er elles fleire pamflettar gjeve ut av Protestant Truth Society (PTS), av Paz skildra som «the last great Victorian no-popery society». PTS vart grunnlagt i 1899, og vart leia av John Kensit. Han var ein aktivist som ikkje berre kjempa mot katolisismen, men som også var iherdig motstandar av ritualisme innan den anglikanske kyrkja, representert ved blant anna den såkalla Oxford-rørsla. Dei einaste andre referansane til PTS eg har klart å finna på norsk er å finna i Hiorth sitt skrift Bør jesuiter taales, og i annonser for engelskspråklege pamflettar rykka inn i Aftenposten for Scheteligs bokhandel. Dette var den same bokhandelen som gav ut den fyrste utgåva av Sions Vises Protokollar i Noreg, utgåva Hiorth skreiv sin leseguide til.

Mange av PTS sine skriftsaker hadde eit tydeleg konspirasjonsteoretisk preg. Det same hadde også det antikatolske vekebladet The Menace, som vart gjeve ut i den amerikanske småbyen Aurora i Missouri, og på det meste hadde eit opplag på over ein million. Også dette bladet var ei av Steinsvik sine kjelder.

Faksimile av The Menace.

Faksimile av The Menace.

Marta Steinsviks salige blanding av kjelder og den fråverande kjeldekritikken vert presist oppsummert av historikaren Hans Fredrik Dahl i ein artikkel i det katolske kyrkjebladet St. Olav. Han skriv at Steinsvik blandar «likt og ulikt av argumenter og kildeutsagn», og det «uten forsøk på å sortere vesentlig fra uvesentlig, gammelt fra nytt, representativt fra tilfeldig», medan ho «forholder seg helt ukritisk til kildene».

Keltarar mot katolikkar

Det mest interessante snart nitti år seinare er nok kva konklusjonar Steinsvik trakk ut av det heile. Her er ein av dei mindre tekstane i Sankt Peters himmelnøkler tydeleg. I «Oprop til det norske folk» skriv ho:

Her i Norge begyndte den katolske propaganda i 1845. Der fandtes paa det tidspunkt […] ikke en eneste norsk katolik i landet, kun enkelte utenlandske katolikker, som hadde slaat sig ned hos et naivt, troskyldig folk, – ikke for at indforlive sig i vertsfolkets følelses- og tankeliv og omsider søke at bli et integrerende led av dette nye fædrelands folkeorganisme, – men for som forrædere at begynde sit ‘apostoliske erobringsarbeider’. […] De kom fra katolske land, hvor religionsfrihet var et hatet og bespyttet ord. Heroppe førte de det stadig i munnen. Religionsfrihet pukket disse religiøse ‘erobrere’ stadig paa. Frihet til at ødelægge og underminere vor egen religion og vor egen aandskultur, det maatte de ha.

Ho heldt fram med å seia at katolikkane fekk det som dei ville, gjennom at ein lettsindig hadde opna landet for dei. Så syner ho til korleis tiggarmunkar på 1300-talet – etter hennar syn – hadde sytt for at «et rakrygget, høit kultiveret og fromt keltisk-evangelisk kristenfolk» hadde vorte omdanna til eit uvitande, uopplyst og romersk-katolsk husmannsfolk, som til sist vart lagt inn under eit anna land. No kunne det skje på ny!

Løysinga var, slik Steinsvik såg det, å gjenoppretta forbodet mot munkeordenar. Og om ikkje den katolske kyrkja – som uansett var jesuittisk – kunne stengjast ute, ja, så burde ein iallfall trekkja ut «gifttennene», altså klosterskular og katolske sjukehus:

Hvis mennesker eller husdyr angripes av smittsomme sykdommer, da faar stat og kommune det travelt med at ta alle forholdsregler for at utrydde pesten. Men naar jesuiter maalbevisst arbeider paa at indpode vor norske ungdom langt farligere aandelige smittestoffe, da lægger den norske stat for tiden ikke to pinder i kors for at hindre denne jesuitiske ‘mission’ som ifølge Norges egen grundlov er helt ulovlig.

Marta Steinsvik var på mange måtar ei kvinne før si tid. Ho hadde vore aktiv innan teosofien og antroposofien, men hadde sidan teke utdanning som teolog. Ho var ikkje berre ein av dei fyrste som argumenterte for kvinnelege prestar her til lands, men òg den fyrste kvinna som heldt preike i ei norsk kyrkje.

Steinsvik hadde også spela ei ikkje uvesentleg rolle for målrørsla, som del av den såkalla Asker-krinsen, ei gruppe rundt Hulda og Arne Garborg. Ho omsette blant anna Walter Scotts Ivanhoe og Selma Lagerlöfs Jerusalem til norsk, var oppteken av egyptologi og hadde på mange måtar ein bakgrunn i eit liberalt og intellektuelt miljø. Men gjennom 1920-talet var ho ein sentral formidlar av både antisemittiske konspirasjonsteoriar og av ein djupt intolerant antikatolisisme med klårt konspirasjonsteoretiske trekk.

Dette kjem også til uttrykk i Steinsviks omsetjing av Joseph Hocking sin roman Edderkoppen (orig. The Jesuit), som kom ut i 1930. Her vert katolisismen utmåla som «ikke et religiøst samfund, [… men] først og fremst et veldig politisk maskineri, som arbeidet for kirkens overherredømme».

Kor stort faktisk gjennomslag Steinsvik hadde for sine idear kan nok diskuterast. Det andre og tredje opplaget av Sankt Peters himmelnøkler, samt Edderkoppen, hadde Eugen Nielsen som utgjevar. Han var sjølv ein markant konspirasjonsteoretikar og grunnla seinare – i 1932 – det marginale Norges Nasjonal-Socialistiske Arbeiderparti.

Men antikatolisismen hennar fann støtte hjå norske protestantar. Den kjende teologen Christian Ihlen støtta henne, sjølv om han nokre år tidlegare hadde vore motstandar av jesuittforbodet. Det same gjorde ei gruppe med ei rekkje prestar, fleire domprostar og tre professorar – som bad folk om å bidra med pengegåver etter at Steinsvik i tingretten vart dømd til å betala sakskostnadene i saka mot Riesterer. Steinsvik hadde – meinte dei – levert eit «forsvar for evangelisk tro og moral». Den svenske erkebispen Nathan Söderblom rosa for øvrig også Steinsvik for hennar kamp for sanninga.

Jesuittparagrafen fell

Jesuittparagrafen – som Stortinget vedtok å halda på også før Steinsvik sette i gang si antikatolske verksemd for alvor – vart verande ein del av den norske Grunnlova til midt på 1950-talet.

I 1952 tok regjeringa Torp, som sprang ut frå Arbeidarpartiet, initiativ til å oppheva paragrafen. Året før hadde Noreg underteikna den europeiske menneskerettskonvensjonen, men ein måtte ta atterhald i høve artikkel 9 om religionsfridom. Utanrikspolitisk hadde jesuittforbodet vorte ei pinleg affære, noko VG også tok opp på leiarplass i samband med 17. mai-feiringa i 1951:

[D]et er for oss først og fremst en plikt å fjerne et forbud som står i strid med de avtaler om menneskeretter som vi har sluttet oss til i det mellomfolkelige samarbeidet. Et irsk blad tegnet nylig et dystert bilde av norske rettstilstander på grunn av forbudet mot jesuittene. Vi ser jo helst litt lysere på vårt rettssamfunn og på Grunnloven. Men la oss stoppe opp et øyeblikk og tenke på hvor raske vi selv er til å dømme om de overgrep som andre stater gjør mot menneskerettighetene. Hundre år etter at vi ga adgang til jødene, har vi ennå et jernteppe for jesuittene.

Initiativet til endring av lovverket kom då også frå nettopp Utanriksdepartementet. Igjen gjekk regjeringa til biskopane for å få kyrkja sitt syn på saka. Sju av åtte biskopar i statskyrkja støtta ideen om å oppheva paragrafen, unnataket var Bjørgvin-biskopen Ragnvald Indrebø. På Teologisk Fakultet ville alle dei fire professorane kvitta seg med paragrafen, sjølv om ein meinte at ein i staden burde ha ein paragraf som sytte for myndigheitskontroll med alle katolske ordensrørsler. Også på det konservative Menighetsfakultetet støtta to av fire professorar ei oppheving av paragrafen.

Der debatten på 1920-talet vart utløyst av at paragrafen ikkje vart brukt mot Menzinger, vart debatten på 1950-talet også prega av at paragrafen faktisk vart brukt. I 1954 vart den danske jesuittpateren Heinrich Roos invitert til Noreg for å halda føredrag i den protestantiske Teologisk Forening om nettopp jesuittordenen. Ein søknad om løyve vart sendt til regjeringa, og Justisdepartementet konkluderte med at det rett og slett ikkje hadde høve til å tillata Roos å koma til landet.

I 1956 vart jesuittparagrafen endeleg oppheva. Det skjedde ikkje utan motstand. Kristeleg Folkeparti sine representantar på Stortinget både argumenterte imot og røysta imot ei oppheving, og fekk støtte frå enkeltrepresentantar i alle andre parti – med eit unnatak: NKP sine tre representantar røysta samla for oppheving. Vidare sende ei rekkje tillitsmenn i lekkristne organisasjonar eit brev til Stortinget der dei bad om at paragrafen vart oppretthalden. Teologane Ole Hallesby og Olav Valen-Sendstad engasjerte seg også sterkt imot oppheving av paragrafen.

Marta Steinsvik døydde sommaren 1950, og hadde dei siste åra før ho døydde markert seg gjennom bitande kritikk av landssviksoppgjeret. Kanskje nettopp difor vart ho liten grad nemnd i debatten om jesuittparagrafen på 1950-talet, sjølv om høgremannen Sverre Bernhard Nybø, utdanna på Menighetsfakultetet sist på 1920-talet, synte til Steinsvik-Riesterer saka i stortingsdebatten.

Ein del av momenta Steinsvik hadde løfta fram var likevel stadig nærverande. Erling Wikborg (KrF) var til dømes svært oppteken av jesuittisk moralteologi, og synte i den samanheng til blant anna Andreas Brandrud si bok om Kloster-Lasse frå 1895. Hovudfokuset hjå Wikborg låg på den faren han meinte jesuittisk moral utgjorde for særleg born og unge:

Vårt samfunn har vist megen omsorg for å beskytte barn og ungdom mot uheldig påvirkning. Vi har filmsensur og vi har hørt sterke røster heve seg i den senere tid for å motvirke den uheldige innflytelse av tegneserier. Jeg mener at en jesuittskole som bygger på den [jesuittiske] morallære […], vil være langt farlige for ungdommens moralske utvikling enn film og slike ting er.

Høgrekjempa Carl Joachim Hambro – som sat i Stortinget også under den førre debatten om jesuittparagrafen, hadde vorte endå meir overtydd motstandar av jesuittane sidan den gongen. Han sette dei i samband med ei rekkje totalitære rørsler: «Verken nazismen i Tyskland, fascismen i Italia, rexismen i Belgia, ledet av Degrelle, katolikkenes kjære yndingsdisippel, Petains bevegelse i Frankrike, Francos bevegelse i Spania hadde vært mulig utan jesuittenes støtte og aktive medarbeiderskap».

Hambro hevda vidare at også kommunismen lét seg inspirera av jesuittane, og snakka om «det nære slektskap mellom kommunismens oppbygning og nettopp den oppbygning jesuitismen har gitt store deler av den katolske almenhet».

Hambro gjekk i det heile så langt at kyrkjehistorikar Øyvind Norderval omtaler ståstaden hans som «konspiratorisk sprøyt fra ende til annen».

Dei fleksible konspirasjonane

Hambro var ikkje åleine. Olav Valen-Sendstad si bok Moskva og Rom: fjorten epistler om verdenspolitikken og det 20. århundres motrevolusjon (1952) består av ei rekkje artiklar skrive for avisa Dagen, samt av eit føredrag Valen-Sendstad heldt i NRK. Her finn vi fleire av dei same ideane. Ikkje berre samanlikna Valen-Sendstad jesuittane med Gestapo og med sovjetisk hemmeleg politi, han skreiv også at fascismen ikkje var «noe annet enn Romerpavens og det høyere katolske hiera[r]kis politiske reiskap for motrevolusjonen – fra første stund av».

Påstandane baserte han på stoff han hadde funne i tidsskriftet Converted Catholics Magazine, drive av den tidlegare katolske presten Leo H. Lehmann. Ifølge Valen-Sendstad var også Hitler katolikk, og antisemittismen hans var noko han hadde lært frå katolikkar og jesuittar.

Dermed er på nokre måtar ringen slutta: Både Hiorth, Steinsvik og Valen-Sendstad – tre vesentlege bidragsytarar til antijesuittiske framstillingar i Noreg på 1900-talet – framstilte jesuittane som ei undergravande og farleg politisk kraft.

Der Hiorth las dei antisemittiske Sions Vises Protokoller som ei åtvaring mot blant anna jesuittane, og der Steinsvik kombinerte antisemittiske og antijesuittiske konspirasjonsteoretiske førestillingar, inkluderte Valen-Sendstad ikkje berre fascismen, men også antisemittismen, i jesuittene sitt synderegister. Han lånte øyre til Lehmann, som meinte at Sions Vises Protokoller hadde vorte forfatta av «none other than the disciples of Ignatius Loyola».

Om ein løftar blikket frå dei tre enkeltrøystene, illustrerer dette ein slåande fleksibilitet i den antijesuittiske diskursen. Også det er til å kjenna att. Store, altomfattande konspirasjonsteoriar liknar ikkje sjeldan på eit puslespel der bitane ikkje eigentleg passar saman. Nokre bitar kan visa ein flik av røyndom. Andre bitar er rein fantasi. Når bitane ikkje går i hop må dei rett og slett hamrast på plass.

Om å hamra på plass

Og med det kan ein gå over til notida. Lat oss også der starta med Sankt Peters himmelnøkler. Ein stad i boka refererer Steinsvik til «den bekjende dr. J. Addison Smith», og ho siterer ein kommentar han kom med i avisa Kansas City Post, 25. mai 1913:

Der findes ikke en eneste intelligent borger i «De forenede stater» som ikke forstaar at situationen er forfærdelig. – Jeg kan ikke længer være likegyldig i denne sak. Det er et av de alvorligste problemer vi har at løse. Romerkirken har udviklet seg til en kraftig politisk organisation, som behersker valgene i dette land. Vi maa møte dette som mænd.

Å få tak på originalkjelda til dette sitatet var noko eg til slutt gav opp, men i ein artikkel frå New York Times i mai 1914 fann eg ei opplysing som gav meg ei kjensle av deja vu.

Artikkelen handla om ei tale same Addison Smith hadde halde, der han blant anna påstod at den katolske kyrkja hadde kontroll over pressa. Men opplysninga som fekk ei bjølle til å ringe i hovudet var at den antikatolske talaren kom frå Murfreesboro i Tennessee. Ei tid tenkte eg at eg hadde oversett noko, og byrja å leita etter antikatolsk litteratur gjeven ut i same by. Så slo det meg: Murfreesboro – ein by som i dag har rundt 100.000 innbyggjarar – har fått ein del mediamerksemd dei siste åra, knytt til strid rundt bygginga av ein moské.

Og fellestrekka mellom eldre antikatolisisme og moderne antimuslimsk tankegods er faktisk fleire. Religionssosiologen Jose Casanova peiker på fleire sentrale fellestrekk ved dei to diskursane: 1. ein teologisk-politisk distinksjon mellom «sivilisert» og «barbarisk» religion, der katolisismen eller islam vert gjeve rolla som barbarisk, 2. ei nativistisk grunnhaldning som seier at (katolske eller muslimske) innvandrarar ikkje let seg assimilera, då dei er usiviliserte, 3. eit fokus på tilhøyrsle til ein utanlandsk religiøs autoritet eller fellesskap som ikkje er kompatibel med den moderne nasjonalstaten, og 4. eit sett med moralsk funderte påstandar om korleis religiøse patriarkat fornedrar kvinnene, og då i motsetnad til protestantismen.

Mot dette kan ein sjølvsagt innvenda at kvinneundertrykking er eit reelt fenomen innan både islam og katolisisme, eller at det i dag ikkje er vanskeleg å finna døme på det ein oppfattar som barbari i den muslimske verda; båe delar gjev grunnlag for religionskritikk. Dei fire nemnde fellestrekka går langt vidare: dei reduserer religionane under åtak til ein essens av barbari, som – gjennom innvandring – representerer eit veldig trugsmål. Katolikkar eller muslimar vert ei automatisk motvekt til det moderne og det opplyste, uavhengig av kva dei faktisk står for. Dermed vert døra sett open for konspirasjonsteoriane. Bitane som ikkje passar skal hamrast på plass likevel.

Samstundes er det ikkje det antimuslimske tankegodset som er notidas antijesuittisme. Den finst nemleg framleis i si reine form, også i Noreg, om enn i dei litt meir snodige delane av det norske politiske landskapet. I det såkalla Norgespartiet, lever trua på ein jesuittisk konspirasjon som står bak det meste som er vondt og gale her i verda.

På nettstaden Nyhetsspeilet har det til dømes vorte publisert fleire artiklar om hemmelege jesuittiske komplott i Noreg og internasjonalt. Igjen syner antijesuittismen seg fleksibel. I ein artikkel vert for eksempel jesuittane knytt til både Illuminati, frimurarar, Bilderberger-møtene, nazismen, kommunismen, EU, FN, sionismen, islam, den amerikanske føderalbanken, Norges Bank og alle store etterretningsorganisasjonar! Ein av dei sentrale bidragsytarane på nettsida – Hans Gaarder – har også halde føredrag om jesuittane, og om ingen ringare enn Marta Steinsvik.

Og dermed er ringen slutta, og det heng moglegvis nokre himmelnøklar på han.

Del denne posten

Om forfatteren: Øyvind Strømmen

Øyvind Strømmen (f. 1980) er journalist og forfatter. Han har skrevet bøkene Det mørke nettet, Den sorte tråden, og I hatets fotspor som alle omhandler høyreradikale og høyreekstreme bevegelser.