Kategorier
Bok og annen omtale Humanisme og ateisme

Ein ateismekritikk-kritikk

Nyateistane har gått i strupa på religionen og, til ein viss grad, religiøse menneske. I tre nye bøker får dei motbør. Men kor relevant er nyateismen for norske forhold?

Frå 4/13. 

Nyateistane har gått i strupa på religionen og, til ein viss grad, religiøse menneske. I tre nye bøker får dei motbør. Men kor relevant er nyateismen for norske forhold?

Det begynnar å bli ein del av oss ateistar, noko som i sin tur gjer at det er fleire meiningar i vårt klubbhus.

I Noreg har nokon fortsett linja til Kristian Horn og hans indignerte akademikarar, og driv med litt seremoniarbeid, litt livssynssamfunn, og fortsett press på for å få bukt med denne hersens statskyrkja. Desse organiserer seg titt og ofte i Human-Etisk Forbund.

Andre følar at Human-Etisk Forbund tek litt hardt i, og får seg ikkje heilt til å kalle seg for humanist eller ateist – kanskje ikkje ein gong agnostikar. Det kan vere litt vanskeleg å finne ut heilt kor dei organiserer seg, men det er ikkje uhøyrd at dei er med i Den norske kyrkja. Berre ikkje tru at dette betyr at dei er kristne, altså.

Det finst også ei tredje retning. Dei er ofte manglesne personar, gjerne med ei hang til realfag. Mange av dei har vore innom religion, men religionen dei såg, gav ein bismak som har sat seg. Det som kjenneteiknar dei best, er gjerne ein krass, uforsonleg religionskritikk, gjerne argumentert frå ein reint naturvitskapleg ståstad. Dei har au ofte sans for brautande journalistar som Christopher Hitchens eller arrogante biologar som Richard Dawkins. Du finn dei i Human-Etisk Forbund, Hedningsamfunnet eller kanskje utanom alt, fordi det å organisere seg i livssynssamfunn har ein smak av «religion light».

Dei går under fleire namn, som sinnaateistar, anti-teistar, militante ateistar, kanskje til og med scientistar. Det vanlegaste er likevel å kalle dei nyateistar.

Nyateismekritikk

Det er nok i hovudsak desse nyateistane Erik Thorstensen ynskjer å kritisere med si Ateismekritikk – Om reduksjonisme, religion og samfunn (2013). Erik Thorstensen er religionshistorikar har arbeidd ved Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar, men er i dag ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA).

Ateismekritikk riv laus på påstandar og haldningar frå Richard Dawkins og Christopher Hitchens, Sam Harris og Michel Onfray. Første del av boka er ei oppsummering av Dawkins, Hitchens, Harris og Onfray sine syn på religion og samspelet mellom religion og vitskap. Thorstensen peikar blant anna på den utdaterte forståinga deira av religion. Dette er interessant nok, men er diverre prega av ein kritikk som i seg sjølv følest relativt utdatert.

Thorstensens sparkar hardt. Eit døme er Sam Harris sitt syn på islam:

«Harris’ krigshisserretorikk, best uttrykt i hans slagordaktige argument «We are at war with Islam», bør settes sammen med hans forakt for islam generelt. Idet Harris argumenterer for at islam er laverestående kultur, og at vi er i krig med denne kulturen, mener jeg at han oppfyller kriteriene for å skulle tvinges til å tie ut fra de generelle grensene for en persons ytringsfrihet. […] Harris argumenterer både for en krigføring og for at de vi kriger mot, er laverestående. Min erfaring fra Holocaust-senteret er at denne formen for argumentasjon er et sentralt element i folkemord.»

Det er mykje ein kan kritisere nyateistane for. Det er derfor litt synd når framstillinga fleire gongar følest sterkt karikerande av nyateistane. Dawkins (som eg elles sjeldan ser noko poeng i å forsvare) blir fleire gongar framstilt med ei vrangvilje som ikkje er nødvendig, og Thorstensen les kanskje litt vel mykje inn i påstandar og haldningar framstilt av nyateistane. Når Thorstensen omtalar Dawkins’ syn på religionsundervisning, får ein inntrykk av at Dawkins har få (eller ingen) gode poeng her, utan å reflektera rundt poeng frå Dawkins som kan vere verdt å ta tak i: Som tendensen til å tenke på små barn som kristne, muslimar, jødar, heller enn nett barn. Eller dei etiske problema med å late barn bli utsette for helvetespropaganda.

Det merkast eit taktskifte når Thorstensen ikkje lenger skildrar motstandarar, men går over til å snakke om problema rundt religionen sin plass i samfunnet. Her presenterer han John Rawls, Charles Taylor, Jürgen Habermas og Amartaya Sen, som alle er vesentleg mindre fiendtlege mot religion enn nyateistane. Her seier Thorstensen at han vil unngå ein kritisk gjennomgang, og heller framstille dei meir harmoniserande. Så her saknar eg kritisk distanse igjen – om enn med motsett forteikn.

Er ateisme materialisme?

Men Thorstensen tar lite tak i konkret kritikk av ateisme og ateistiske livssyn, som ein gjerne skulle sett i ein slik bok. Kort og godt er det skuffande lite ateismekritikk i Ateismekritikk.

Først etter meir enn 170 sider kjem Ateismekritikk endeleg inn på kva som leggjast i ateisme. Her trekk Thorstensen fram Lars Gule, som påstår at ateismen «ikke [er] noe livssyn, men bare et filosofisk standpunkt i spørsmålet om det finnes noen guder eller ikke» før han sjølv postulerer at «[a]teisme kan inkludere et filosofisk standpunkt, og hos alle de nyateistiske tenkerne jeg har trukket frem, er standpunktet basert i en fullstendig materialisme».

Eg finn det merkeleg korleis Thorstensen her ser ut til å legge ateisme til grunn for nyateistane sitt filosofiske standpunkt, utan å reflektere noko vidare om kva som faktisk ligg i ateisme og nyateisme. Dette er noko som er svært grunnleggjande i denne debatten, og burde vore reflektert over lenge før dei siste tretti sidene. Han kjem så vidt innom dette, om enn med eit relativt merkeleg utsegn:

«Selvfølgelig kan vi holde oss til Gules definisjon av ateisme, men da vil de fleste av de nyateistiske forfatterne ikke være ateister, siden de så åpenbart forkynner budskapet om en bedre verden fundert på sine forskjellige lærer.»

Gule sin definisjon er referert over. Så vidt eg ser er det lite som tydar på at dette er noko som vil ekskludere forkynning av noko bodskap. Det er derimot ope for tolking, og ein kan leggja andre ideologiar til for å få eit meir fullenda livssyn, som då til døme nyateisme – eller humanisme, kanskje. Diverre ser ikkje Thorstensen dette og fortsett med å sette likskapsteikn frå ateisme til nyateist.

Det som er av større interesse, er kanskje at Thorstensen endeleg kjem litt innom kontekst som desse nyateistane uttalar seg i, og rosar faktisk Dawkins arbeid mot kreasjonisme i skuleverket. Men utover dette har Thorstensen lite forståing for standpunkta til nyateistane. Ateismekritikk inneheld lite om kva samanheng, og kva samfunn dei nyateistiske tankane spring ut av.

For ein kvar som ser litt på situasjonen utanfor Norden, står det klart at det ikkje alltid er så lett å vere ateist. I Egypt blei Alber Saber arrestert i 2012, etter å ha ringt politiet fordi ein mobb stod utanfor huset hans og trua han. Men politiet arresterte han, fordi han hadde brote loven – han var ateist. Dette kunne like gjerne skjedd i Afghanistan, Iran, Maldivane, Mauritania, Pakistan, Saudi-Arabia og Sudan, kor det au er forbode å vere ateist. I Burma, Djibouti og Maldivene blir ein nekta stemmerett og rett til tilsetting om ein ikkje er med i bestemte religiøse retningar. I USA er det sju delstatar som har lovbestemt at ateistar ikkje han ha offentlege verv. Når ein kjenner til denne konteksten, er det lettare å forstå nyateistane. Men sånt tek Thorstensen altså ikkje opp.

Det er sjølvsagt mykje ein bør ta tak i blant nyateistane, og det meste Thorstensen faktisk tar opp er interessant og relevant. Slurvete omgang med fakta og stråmenn skal og må kritiserast. Det er heller ikkje til å komme unna at nyateistane gjer ein relativt elendig jobb med å forstå religion og religiøse menneske, og at det tidvis verkar det som dei har lite interesse av å forstå. Det er interessant å sjå kor ofte sjølv nyateistar (som gjerne kallar seg skeptikarar i tillegg) fell i vanlege tankefellar og er utsett for bekreftingsskjeivheit.

Diverre er Ateismekritikk tungt skrive, i eit språk som ikkje kan kallast for noko anna enn «høgakademisk», og som tar lang tid til å komme til eit ikkje fullt så spennande eller nytt poeng. Det sterkaste argumentet for å lese akkurat Thorstensen er vel at akkurat no ser eg få andre bøkar som går akkurat på nyateistar og ein viss (norsk) kontekst rundt dei.

Ei fornuftig kristentru?

Eit av unntaka frå mangelen på bøker om nyateisme på norsk er kanskje Terry Eagleton si Reason, Faith, and Revolution: Reflections on the God Debate (2009). Boka kom nyleg ut i norsk språkdrakt som Fornuft, Tro og Revolusjon: En kritikk av nyateismen.

Terry Eagleton er professor i engelske litteratur ved Universitetet i Lancaster. Fornuft, tro og revolusjon er basert på ein førelesingsrekke han gav i april 2008.

Fornuft, tro og revolusjon er på mange måtar eit føredøme for korleis kritikk bør være. Eagleton leverer grundig, velfundert kritikk, basert på faktiske forhold framfor stråmenn. Boka har ei lett tone og kan kanskje irritere på seg kritikarar allereie rett i starten når han slår saman Dawkins og Hitchens til ”Ditchkins”; eit slags troll med to hovud. Og det seier jo mykje om Eagletons syn på kristendomskritikken deira.

Men Eagleton held heller ikkje tilbake når han kritiserer det som må kritiserast med religion. Til tider blir han vel så skarp som Ditchkins:

Likevel kan det ikke være noen tvil om at kristendommen selv er hovedansvarlig for den intellektuelle slurven hos sine kritikere. […] Denne typen fromhet reagerer med forferdelse ved det blotte syn av et kvinnebryst, men tar forholdsvis lett på de obskøne ulikhetene mellom rik og fattig. Den beklager fosterdød, men lar seg tilsynelatende ikke affisere av barn som brennes til døde i Irak eller Afghanistan som en del av USAs globale hegemoni. I det store og hele tilber den en Gud som på blasfemisk vis er skapt i dens eget bilde – en glattbarbert, kortklipt, bevæpnet og sexfisert Gud med en spesiell omsorg for den privilegerte delen av kloden rett sør for Canada og nord for Mexico i stedet for den Jahve som er hjemløs, ansiktsløs, statsløs og identitetsløs, som jager sitt folk ut av deres komfortable boliger og inn i ørkenens veiløse redsler, og som bryskt informerer dem om at deres brente offergaver brer en vond stank i neseborene.

I det store og det heile er det ikkje berre morosamt og provoserande å lese Eagleton, men og interessant og lærerikt. Om det så skulle vere slik at du er ute etter (ny)ateismekritikk, (reell) kristendomskritikk, eller kanskje bare ei orientering om landskapet, kan du knapt gå for ei betre bok enn Fornuft, tro og revolusjon. Ho er definitivt meir interessant enn Thorstensens Ateismekritikk, og det sjølv om ho er fire år gammal allereie.

Ynskjer du eit litt norsk perspektiv, kan det kanskje vere greitt å leggje til grunn Eagleton, og så kanskje fylgje på med siste del hos Thorstensen. Men forordet til Fornuft, tro og revolusjon er skrive med utgangspunkt i nett denne delen av Ateismekritikk. Og teolog og filosof Marius Timmann Mjaaland legg frem Thorstensens argument betre enn Thorstensen sjølv gjer.

Finst Gud?

Boka Eksisterer Gud? er Atle Ottesen Søvik og Bjørn Are Davidsen sitt forsøk på å ta tak i eit av dei grunnleggjande spørsmåla ein gong for alle.

Atle Ottesen Søvik er førsteamanuensis i systematisk teologi ved Det teologiske Menighetsfakultet. Bjørn Are Davidsen er ein ivrig skribent (bland anna her i Humanist), og ei markant kristen røyst her til lands.

Søvik og Davidsen startar med å legge til side mykje av den krasse kritikken religion får frå nyateistane, og byggar boka opp som eit einaste langt argument for å svare på spørsmålet i tittelen: Eksisterer Gud? Forfattarane tek utgangspunkt i den lutherske Gud, då dette er den guden som ligg dei nærmast, samt at det er den kristne (i vidare tyding abrahamske) Gud som har vore til gjenstand for størst og mest kritikk frå nyateistar.

Rundt kvart hjørne tar forfattarane oss med gjennom tankeprosessen for å ende opp i neste steg. Dei forklarer enkelt og greitt kvifor dei endar opp med å ta den eine eller andre svingen, og dei gjer det med eit relativt enkelt språk, som nok bør vere greitt å henge med på, sjølv om ein ikkje er utdanna teolog eller filosof.

Det er fornøyeleg å sjå nokon av fruktane av dette lange argumentet av ein bok. Gjennomgangen av designargumentet er betre enn noko eg har sett før; både kritisk og støttande. Å sjå forfattarane (akkurat her representert ved Davidsen) gå laus på kreasjonisme og ”intelligent design” er svært underhaldande å lese.

Kapittelet om religiøse erfaringar og mirakel er eit av dei svakare i denne boka. Eg trur at ein del andre enn meg vil ha vanskar med å la dette argumentet ligge:

Når kristne tror at Gud har skapt verden, er det naturlig at verden peker mot Gud, slik at også folk som aldri har hørt om kristendommen, kan ha tanker om en skapergud som står bak.

Forfattarane er opne på at religiøse erfaringar handlar om personlege vurderingar, og at dette gjerne er ein av dei større utfordringane med å overtyde ikkje-religiøse. Dermed reddar dei seg greitt inn.

Refleksjonen rundt det onde sitt problem er elles strålande med tanke på å slå ned ein del fordommar. Det er likevel noko ein stoppar litt opp ved:

Det viktige poenget her er at hvis Gud kunne skape både en risikofri verden og vår verden i tillegg, var det godt av Gud å skape begge deler. Hvorfor? Det er godt for Gud å kunne ha en annen type fellesskap med oss enn han har med andre i en annen verden, og det er godt for ham å skape en verden der helt unike goder kunne oppstå.

Her (og fleire andre stader) er det refleksjon rundt kva som er «godt for Gud». Det blir ikkje vidare forklart kvifor, og som ikkje-kristen undrar ein kvifor.

Dette får meg uansett til å savne eit konkret mål: Kva kunne gjort Guds eksistens så usannsynleg at dei to potensielt måtte revurdera sitt standpunkt? Forfattarane er såvidt inne på det, men eg skulle gjerne sett dette som ein del av oppsettinga av argumentet, heller enn noko som ein endar opp med å avvise undervegs.

Det skal vere sagt at akkurat dette er noko eg sjølv har store problem med, då dette er å leggje premiss for kva som heilt grunnleggjande hadde gjort at eg måtte revurdere heile mitt livssyn – noko som er svært vanskeleg å vere oppi, og endå verre å postulera før det skjer.

Boka tek og opp argument frå ateistar, alle samla av Michael Martin og Ricki Monnier i The Impossibility of God (2003). Det er korte argument, og Søvik og Davidsen avviser dei på rekke og rad:

Det tredje, fjerde og femte argumentet er alle basert på at Gud er uforanderlig. Siden gudsbildet vi presenterer i denne boken, ikke inkluderer at Gud er uforanderlig (selv om han ikke kan endre sin natur, rammes dermed ikke det gudsbildet av disse argumentene). Det tredje argumentet er at Gud som uforanderlig ikke først kan ha intensjon å skape, så skape, og så ikke lenger ha intensjon om å skape. Det fjerde argumentet er at Gud som uforanderlig ikke kan være allvitende fordi han ikke kan vite forskjellige ting til forskjellige tider. Det femte argumentet er at Gud ikke kan være uforanderlig og kjærlig fordi kjærlighet forutsetter at man lar seg bevege av ting som skjer. Vi er enige, men mener altså ikke at Gud er uforanderlig.

Det er diverre bare så mange gongar ein kan synast at det er morosamt, og når ein kjem til det tjuefjerde argumentet (tjuetredje, så vidt eg kan telje, dei hoppar av ein eller annan grunn over det tjueførste), er ein ganske lei.

Mesteparten av avvisinga av argumenta går nemleg på det same: Argumenta er stråmenn for det gudsbilete dei postulerer i boka. Det er vel og greitt, men det gjer eit lite inntrykk av at det ikkje finnest nokon innvendingar mot gudsbiletet deira, i kvart fall ingen innvendingar som held. Eg har vanskeleg for å tru det er tilfellet, og skulle gjerne sett dei ta opp meir relevant kritikk i staden for å bruke eit heilt kapittel for å avvise stråmenn.

Ein kan og meine at refleksjonen rundt kor representativt synet til forfattarane er blant kristne, ikkje er spesielt grundig, og det kan sjå ut som Søvik og Davidsen litt vel fort konkluderer med at gudsbiletet deira er det rådande i Den norske kyrkje – og blant norske kristne generelt. Det er forståeleg at forfattarane vil konkludera slik (og gudsbiletet deira er eit eg absolutt trur Dnk kan vere godt tent med), men høgt uvitskapleg. Søvik og Davidsen er dei første eg har sett med dette konkrete gudsbiletet. Ein kan og håpe at denne boka er med på å gjere noko med det

Søvik og Davidsen har gjort ein fantastisk jobb med å dra argumenta ned til eit nivå som er forståeleg for både ateistar så vel som teistar. Faktisk leverer Eksisterer Gud? det beste trusforsvaret eg har vore borti. Den klarar og å vise kvifor folk trur, og korleis det å vere kristen og det å tenke rasjonelt kan vere ein grei miks. På mange måtar håpar eg nesten at denne boka sett tona for framtidige diskusjonar – for kristne så vel som ateistar – så me får gjort unna med mange av dei nyateistiske karikaturane ein gong for alle.

Nyateistiske Noreg

Det eg saknar i desse bøkene, er refleksjon rundt nyateismen i Noreg. Bøkene tar gjerne utgangspunkt frå utlandet, som er lite talande for korleis det er med nyateisme blant ateistar (og humanistar) her til lands.

Det er heilt klart at nyateistar som Dawkins, Hitchens og Harris har eit publikum i Noreg. Alle bokhandlarar har minst ei bok av ein av desse, og det er ikkje utan grunn at Dawkins trekker til seg ein full sal på Sophus Lies auditorium på Blindern, og blir invitert til eit publikum på 700 000 på Skavlan (det kan vere verdt å nemne at Dawkins nok har møtt større interesse i Sverige). Det er heller ikkje langt mellom humanistar i både Human-Etisk Forbund eller ungdomsorganisasjonen Humanistisk Ungdom som har vore innom Dawkins på eit eller anna tidspunkt.

Samtidig er det ikkje slik at nyateismen har smitta over på resten av arbeidet. Det er få – interessant nok spesielt blant ungdomen i Humanistisk Ungdom – som endar opp på linja til nyateistane. Mykje av det Dawkins skildrar, er for karikerande for norske forhold.

Når ein ser kor mykje Human-Etisk Forbund er ute og kritiserer statskyrkjeordning, skulegudstenester, konfirmasjon i skuletida og liknande, kan ein jo tru at forbundet er på linje med Eagletons tohoda «Ditchens». Men når ein ser litt nærmare, ser ein at ingenting av dette er religionskritikk, og det er heller ikkje slik at forbundet har den uforsonande tonen ein gjerne kjenner frå nyateistar.

I tillegg er det verdt å merke seg nyateistane si forståing av religion, og Gud er kraftig kritisert innetter desse organisasjonane. Det er og vanskeleg å sjå korleis eit syn på religionar som grunnleggjande vonde kan foreinast med Human-Etisk Forbund sin posisjon som medlem i Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn og Humanistisk Ungdom sitt medlemskap i UngDialog.

Eg vil og påstå at det er vanskeleg å sjå for seg at nyateismen er forsonleg med humanismen, i kvart fall slik han no er definert i Norsk humanistmanifest 2006. Særleg formuleringa «Humanismen er uten forestillinger om guder eller andre overnaturlige makter, men understreker verdien av respekt for andre menneskers livssynsvalg og toleranse for innholdet i deres livssyn» kan snøgt komme på kant med nyateismen slik vi finn han hos til dømes Sam Harris.

Det er elles spesielt at Thorstensen i løpet av 200 sider med Ateismekritikk ikkje kjem innom Det norske Hedningsamfunn. Hedningsamfunnet er svært interessant som eit slags nyateistisk prosjekt, om enn med eit (som oftast) klart humoristisk tilsnitt. Det er gjerne hedningane som er dei mest nyateistiske i Noreg, og det hadde vore interessant å sjå ein analyse av korleis Hedningsamfunnet og nyateismen faktisk har utarta seg i Noreg.

Sånn frå eiga erfaring etter seks år i humanistmiljøet vil eg meine at nyateismen får litt mykje dekning, kontra kor utbreidd det faktisk er.

Ei ateistisk gudsteneste?

Eg vil ta for meg eit siste perspektiv her, som går litt på sida av resten av debatten. Nemlig det som kjem fram i filosofen Alain de Botton si Religion for Atheists: A non-believer’s guide to the uses of religion (2012).

Botton nærmar seg religionsdebatten meir pragmatisk. Han ser ikkje så mykje på om religion er rett eller gale, i staden spør han om religion kan ha noko for seg. Kva har religion tilført oss, kva positive eigenskapar det kan ha, og korleis dette eventuelt kan passe inn med ateistiske livssyn?

Ein kan meine mykje om boka og om Botton, men eg vil her heller dra frem dette som ei innleiing til ein vidare diskusjon. Eg er av ei oppfatning av at religion og religiøse har mykje å komme med, og det kan vere interessant å sjå meir på det, framfor å hevda forskjellar og slåss om å kalle kvarandre dummast.

I Noreg er dette ein prosess som allereie er så godt i gong at Human-Etisk Forbund er fleire gongar i året ute med eit forsvar for å kunne arrangere markering for overgangsritar (konfirmasjon) og for å kunne feire jul (kristmesse har ikkje same appell i humanistiske kretsar, av ein eller anna grunn). Fødselsmarkering (namnefest), viingsmarkering, og gravferdsmarkering er godt integrerte i det norske humanistmiljøet allereie.

Men det er fleire ting som kan vere interessante å ta opp. The Sunday Assembly, eit lite, London-lokalt tiltak for å bringe noko tilsvarande søndagsgudstenester til ateistar, har starta å ta av, og har ført til lokale avdelingar i USA og Australia. Slike tiltak er ikkje ukontroversielle blant ateistar, mange ateistar ønskjer å kunne sleppe unna nett sånt. Tross det ser det ut til å vere eit ønske blant nokre om å ha ein type humanistiske samlingar. Det er fleire ting som kan peike i denne retninga, også her i Noreg.

Etter skipinga i 2007 har Humanistisk Ungdom vekse til 1 800 medlemmar, og har masse lokale, regionale og nasjonale seminar, og ganske mange engasjerte medlem som skrik etter meir. Dette kan sjåast som noko som har ført til ringeffektar ut i Human-Etisk Forbund. I Rogaland har filosofikveldar, spelkveldar og dets like snike seg inn som månadlege aktivitetar. Dette er det og tendensar til i Bergen og Trondheim. I Oslo har dette vore ein ting lenge.

Gjennom forbundets si nye kampanje «Gi plass til tanken» er det tydeleg at HEF gjerne kan utvide sitt medlemstilbod. Podcasten knytta til kampanjen – som blei gitt ut ein gong i veka til alle ni episodane var gitt ut – nådde fort fleire tusen avspelingar. Det var slik at fleire eg møtte under HEF si landskonferanse i oktober 2013, uttrykte litt lett irritasjon over å vere på konferanse når det låg ein ny episode ute, klar til å lyttast på. Så vidt eg veit så var det og fleire førespurnadar om å få dette inn som ein fast greie kvar veke.

Betyr det at det er på tide med humanisttenester kvar søndag? Kanskje ikkje. Eg synest at det eg har sett av forsøk så langt, verkar småleg pressa, og med ein litt autoritær tone som eg ikkje følar passar med humanismen. Men mange humanistar (og kanskje spesielt ateistar) kan ha ei nytte av å sjå litt meir pragmatisk på religion; å sjå kva det har for seg, heller enn bare kva det har mot seg.

 

Litteratur:

Erik Thorstensen

Ateismekritikk – Om reduksjonisme, religion og samfunn

Akademika Forlag, 2013

Terry Eagleton

Fornuft, Tro og Revolusjon: En kritikk av nyateismen

Verbum Forlag, 2013

Atle O. Søvik og Bjørn Are Davidsen

Eksisterer Gud? En drøfting av argumenter for og mot

Cappelen Damm Akademisk, 2013

Alain de Botton

Religion for Atheists: A non-believer’s guide to the uses of religion

Vintage, 2012

Av Dea-Renate

Dea-Renate Husebø Miranda (f. 1990) studerer litt religion og samfunn, og jobber til daglig i Human-Etisk Forbund. Hun er tidligere leder av Humanistisk Ungdom, og driver bloggfelleskapet Tankeferd.