Kategorier
Konspirasjonstenkning og ekstremisme

Arkiv: Troll og stridsmenn på nettet

Verdsveven hadde eit potensial for å opne opp offentlegheita og styrke debatten som eit sunt demokrati er avhengig av. Nå må vi erkjenne at debatten ikkje fungerer. Kva skjedde, og korleis kan vi tryggje den gode samtalen på verdsveven?

Kristian Bjørkelo

Kristian Bjørkelo

Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist. Han har gitt ut bøkene Gi meg en scene! om norsk blogghistorie og Ekstremisme, etter å ha fulgt ulike ekstreme miljøer i 15 år.
Kristian Bjørkelo

Latest posts by Kristian Bjørkelo (see all)

Frå 1/13, som var vigd til innlegg frå Human-Etisk Forbunds landkonferanse i 2012, med temaet ekstremisme.

Verdsveven hadde eit potensial for å opne opp offentlegheita og styrke debatten som eit sunt demokrati er avhengig av. Nå må vi erkjenne at debatten ikkje fungerer. Kva skjedde, og korleis kan vi tryggje den gode samtalen på verdsveven?

Vi ønskjer ei god offentlegheit. Ei sunn offentlegheit. Ei der vi kan ta dei viktige debattane på eit skikkeleg vis, og som inkluderer så mange som mogleg. Dette er eit demokratisk ideal. Internett såg ut til å opne dørene for dette. Kva gjekk gale?

Det har lenge vore klart at nettdebattar i Noreg har vore vanskelege å gjennomføre. Det var berre å ta ein kikk innom kommentarfelta til dei store avisene og sjå den enorme mengda ignorant, rasistisk oppgulp som folkehopen presenterte for lesarane der. Muslimar og sigøynarar fekk her skulda for alt som var gale i samfunnet. Anten måtte dei ut av landet, elles ville landet vårt verte øydelagd. Andre ville til og med meine det var greitt om dei døydde.

Utsikt mot terror. Bomben i Oslo 22. juli 2011 gikk av omlag der personene midt i bildet befinner seg. Foto: Arnfinn Pettersen
Utsikt mot terror. Bomben i Oslo 22. juli 2011 gikk av omlag der personene midt i bildet befinner seg. Foto: Arnfinn Pettersen

Så ille kunne det vere, og er framleis, at folk gjerne unngjekk kommentarfeltet, med mindre dei følte for å stadfeste at dei var betre enn den gemene hop. Å vitje kommentarfelta var som å slumme.

Etter 22. juli 2011 vart dette debattklimaet satt på dagsordenen. Ikkje berre kommentarfelt, men heile samtala om utviklinga i Noreg vart satt i eit etterlengta fokus. Dette fordi gjerningsmannen tilsynelatande hadde sitt opphav i dei mange kommentarfelta der ute. Ikkje berre hadde han sjølv vore ein aktiv kommentator, men dei ideane han forfekta var vanvittige konsept som ein kunne kjenne att frå rabiate kommentatorar i avisar, frå bloggpostar og obskure nettsider, og YouTube-videoar. Anders Behring Breiviks ideologi er hovudsakleg ein nettbasert ideologi.

Ikkje mor di sine nazistar

Nazistane har i stor grad forsvunne frå norske gater etter drapet på Benjamin Hermansen i 2001.

Ingen vil assosiere seg med opne nynazistar i Noreg i dag. Det er ein grunn til at den pittelille organisasjonen “Den norske motstandsbevegelsen” vert møtt med flir når dei publiserer sine “kamprapportar” om at dei har satt opp klistremerke på Nordfront.net. At leiaren deira, Håkon Forwald (kjendt frå black metal-bandet Disiplin) tidlegare har gått ut med at hans mål som ”luciferiansk satanist” er å opne helvetes porter for Satan og Cthulhu får Den norske motstandsbevegelsen til å minne om ein skurkeorganisasjon frå ein åttitals actionfilm.

Samstundes har ein det siste tiåret sett framveksten av ei ny gruppe høgreekstreme. Dei overlappar både med etterkrigstidas nyfascisme og nynazisme, har knytt seg politisk til det såkalla “nye høgre” og har i stor grad funne sin heim i nettdebattane. Dei framstår, eller dei ønskjer i det minste å framstå, som langt meir intellektuelle og ikkje-rasistiske enn dei eigentleg er, og det vi venter av dei. Dei er simpelt hen ikkje mor di sine nazistar lenger.

Den såkalla kontrajihadismen er eit uttrykk for denne nye høgreekstremismen. Fokuset deira ligg på kulturelle og religiøse utfordringar ved innvandring og multikulturelle samfunn, og syndebukkane deira er islam og vestlege regjeringar som ikkje ser faren ved å sleppe muslimar inn i Europa. Der islam og muslimar er representert ved den umiddelbare faren ved jihad, heilag krig (gjennom “snikislamisering”, terror og demografisk krigføring) står organisasjonar som Norwegian Defence League og Stopp Islamiseringen av Norge for ein motjihad som freistar å slå attende “invasjonen” av muslimar. Dei driv aktiv motjihad.

På eit nivå stammar dette miljøet frå grasrotsrørsler mot innvandring, som Folkebevegelsen mot innvandring i Noreg (FMI), som har lært å skifte fokus frå “framandinnvandring” til islam. Sida 11. september 2001 har islam vore den nye folkefienden, og det er lettare å argumentere mot ein religion med radikale tilhengjarar, enn mot hudfarge, men retorikken er ikkje ulik. Så har då også Øyvind Strømmen gjort ein god jobb i å spore linjene mellom tidlegare innvandringsmotstandarar og dagens kontrajihadistar[1]. Eit klarare ideologisk opphav har dette miljøet på sjølve verdsveven, særleg har ”krigsbloggarane” på byrjinga av 2000-talet vore sentrale[2].

Etter terroråtaka mot USA i 2001 vart mange engasjert i trugselen representert av radikal islamisme. Det var breid støtte for den såkalla krigen mot terror, som retta seg mot valdelege grupperingar som spring ut frå politiske tolkingar av islam. Frå denne støtta oppstod krigsbloggarane, bloggarar som ville fortelje den sanninga om islam og om terror som dei meinte venstreorienterte medier ikkje våga å gjere. Det var særleg i opptakta til invasjonen av Irak at det var livleg i dette miljøet, då dei alle stilte seg bak Bush-regjeringa sine påstandar om masseøydeleggingsvåpen og Iraks tilknytting til Al Qaeda. Gjennom bloggar, nettsider og kommentartråder og ulike nettfora danna dei eit nettverk for etableringa av ein alternativ kunnskap og forståing av islam. Dette dannar kjerna av den “kunnskapen” som kontrajiadistane baserer sine meiningar på.

Kontrajihadismen hevder at vi er i ein sivilisasjonskrig, der vestlege verdiar må forsvaras mot barbariske mellomaldartradisjonar haldne i hevd av muslimar verda over. Dette er ein krig som har vart sidan islam først kom til verda, og har hatt tidlegare toppar som kringsetjinga av Wien i 1529, då Vesten først stogga muhammedismens frammarsj. I nyare tid har denne krigen fått sitt uttrykk i Eurabia-prosjektet, der vestlege myndigheiter i samarbeid med leiarar i muslimske land undergraver vestleg kultur for å erstatte den med islam gjennom masseinnvandring og “snikislamisering”.

Fra lanseringen av Kristian Bjørkelos bok Ekstremisme, utgitt på Humanist forlag i 2016. Her intervjues han av Didrik Sødelind. Foto: Arnfinn Pettersen.
Fra lanseringen av Kristian Bjørkelos bok Ekstremisme, utgitt på Humanist forlag i 2016. Her intervjues han av Didrik Sødelind. Foto: Arnfinn Pettersen.

Dette er eit paranoid og konspiratorisk verdsbilete der islam er ein uforanderleg fiende, og muslimen dens representant.[3] Det er eit verdsbilete som gjer harde verkemiddel naudsynte. Som Peder “Fjordman” Jensen si eksplisitte oppmoding om å ta til våpen. Dette er ein brutal logikk som er så altfor lett attkjenneleg i Breivik sitt nettdistribuerte manifest.

Via NDL, SIAN og andre organisasjonar har kontrajihadistane klart å få eit synleg, om enn stusseleg lite, nærvær i gatebiletet. Den antirasistiske nettstaden Vepsen registrerte 4-5 oppmøtte på SIAN sin førre demonstrasjon, og ein reknar med at om lag 200 dukka opp på kontrajihadistane si store internasjonale markering i Århus i 2012.[4] Det er framleis på nettet at denne ekstremismen står sterkast.

Nettekstremisme

Internett er eit fantastisk verktøy for marginale og ekstreme grupper. Her kan dei finne kvarandre, utveksle informasjon og skape eit sosialt samhald over store avstandar. Nettet gjer det òg lettare å organisere seg. Utan nettet hadde neppe English Defence League blitt noko meir enn organisert pøbel i småstaden Luton utanfor London, og ikkje ei internasjonal rørsle med avleggjarar som dei ulike variantane av Norwegian Defence League.

På YouTube kan ein leggje ut enkle, men retorisk effektive videoar som kan tena til å overtyde nokon, eller til å hamre inn poeng i debattar. Meir vidarekomne vil oppsøkje bloggar som Anti-Jihad Norge. Meir kjend er Gates of Vienna som følgjer nyhende verda over, og formidlar dei vidare med ein kontrajihadistisk vri. Her vert “forræderiet” avslørt og demonstrert av skribentar frå heile verda, deriblant norske Fjordman. Språket og bodskapen er tydeleg: Vi er i krig. Og nokon må gjera noko.

I tillegg kjem veldig aktive Facebookgrupper og mailinglister, der desse sidene og videoane vart spreidd og diskutert. Slik sprer det kontrajihadistiske verdsbiletet seg over nettet, og forsterkar seg i lukka miljø. Og dei har sjølvsagt funne vegen til kommentarfelta til større nettaviser og andre nettsider der det er vanskeleg å skille mellom eit gjengs muslimhat og kontrajihadistisk ideologi. I tillegg vankar ein del høgreradikale islamkritikarar i utkanten av desse diskusjonane. Dei er ikkje ekstremistar, og dei tek avstand frå det mest hatefulle og aggressive, men både på idéplan og i uttrykksform vert dei vanskelege å skilje.

Stopp Islamiseringen av Norge skal til og med ha nytta Facebook for å organisere kommentarfeltdugnadar og stafettar, slik at dei sørger for at ei sak som er viktig for dei vert dominert av deira kommentarar om muslimar og islam. Ettersom dette ikkje er ulikt dei dugnadane som vart organisert etter 22. juli 2011 for å ta til motmæle mot ekstremistar, er vi vitne til ein krig i kommentarfelta som minner om eldre dagars gatekampar. Det er kanskje ikkje brunskjorter og raude kommunistar som herjar utanfor butikkvindauga våre, men den gode debatten vi kunne hatt vert forstyrra av ekstremistane og dei monomane islamhatarane, dei som kan gjere ein kvar debatt om til ein debatt om muslimar og islam. Uavhengig om utgangspunktet er skattereform, kunst eller Justin Bieber, så kan dei snu debatten om til å handle om kor bakstreverske og fæle muslimane er, og korleis sosialistane i Arbeidarpartiet har latt dei ta over landet.

Troll

Som ein kan forstå av dette er kommentarfelta på nettaviser og hjå Facebookgrupper sjølve frontlinja i kampen mot hat og framandfrykt. Å vandre inn i kommentarfelta og ein del andre arenaer for nettdebatt er som å reise attende til mellomalderen – då kloakken var open.

Kommentarfelta der folk skal komme til orde har blitt utrivelege arenaer dominert av dei mest motbydelege aktørane. Oppegåande, fornuftige debattantar vert skremt vekk herifrå, og den digitale offentlegheita vert i praksis kuppa av dei verste tenkjelege blant oss.

Det er ikkje berre kontrajihadistar og islamofobar som herjer i kommentarfelta. Dei har selskap av utallige andre underlege grupper. Monomanien er å ta og føle på i diskusjonar om sigøynarar òg. Om vi trudde at landet vårt hadde lært noko om toleranse og korleis ein ordlegg seg om andre etter 22. juli 2011, var sommaren 2012 ei klar påminning om at nokon generell lærdom har vi ikkje fått.

Ein kan seie mykje om kva problem rumenske sigøynarar representerer i form av tigging og anna ukultur, men når ein byrjar å samanlikne dei med skadedyr og brunsniglar har ein trådd over ei viktig grense. Med enkle tastetrykk tek ein frå dei både menneskeverd og livets rett. Det umogleggjer den vidare samtalen. Premissen har blitt flytta langt forbi det anstendige.

I tillegg er kommentarfelta fylt av konspirasjonsteoretikarar og folk som i ulike grader har bisarre idear og ei alternativ røyndomsforståing. Dei får ideane frå amerikanske konspirasjonsteoretikarar som Alex Jones, og nettsider som Nyhetsspeilet og Folkets info. Dei tviler på den “offisielle” forklaringa om 11. september, invasjonen av Libya og hendingane 22. juli. I deira verd er Stoltenberg ein hemmeleg jøde, og vaksiner er eit folkemordsvåpen eller inneheld mikrochips for å kontrollere folket. Pressa er styrt av ein skjult elite, og Illuminati styrer alt. Barnevernet gjer ikkje feil, dei gjer medvitne overgrep mot sanningssøkjarar og norske dommarar er ikkje “ekte”. Her møter ein til dømes homeopaten Rolf Erik Hanssen som kan påstå at Human-Etisk forbund husar organiserte pedofile satanistar.

Og så har vi troll då, som henta rett frå den norske folketradisjonen, men no for å avspore ein kvar diskusjon. Det er dei som har glede av å rote med hovuda til folk, plage dei og øydeleggje samtalen.

Vi har hatt troll så lenge vi har hatt samtaler på nett. Det har vekse opp ein heil kultur rundt det å trolle, gjerne sentrert rundt nettstadar som 4chan og Reddit. Organisasjonar som Gay Niggers Association of America (GNAA) hevdar at dei er laust samansatte forbund av aktive troll. Dette er beint fram ekte nettpøbel. Tidvis er dette uskuldig nok, men når det vert omfattande kan det faktisk øydeleggje tilliten til diskusjonen i det heile. Den ekte trollinga, som uttrykk for ein subkultur, er eit komplisert fenomen som det ikkje er rom til å gå inn i her. Kort oppsummert er dette menneske som er villig til å gå ganske langt for å underhalde seg sjølv, ein talar gjerne om at ein gjer det «for the lulz», altså for lattaren sin del. Dei fleste troll er neppe så medvitne om kva dei gjer eller kvifor dei gjer det. Alt dei vil er å velte ei maurtue og sjå kva som skjer. Dei er altså pøblar.

Desse gruppene vi har snakka om her har forsøpla nettoffentlegheita. Og vi klagar og spør oss kva vi kan, og bør, gjere med det. Hittil har vi gjort ingenting. Absolutt ingenting. Slik skapar vi eit debattklima der alt vert lov. Og når det ekstreme språket vert legitimt, vert dei ekstreme ideane legitime. Ved å gjere ingenting sender vi eit signal om at det er lov å gå ut frå at muslimar valdtar og at sigøynarar er meir dyr enn menneske. Dette er signalet vi òg sender til publikum. Ved å la slikt stå uimotsagt seier vi at dette er greit.

Eg slår gjerne eit slag for fargerik språkbruk og for krasse utspel, men ein stad må vi sette grensa. Og det gjer vi når vi legitimerer drap eller sverter heile folkegrupper.

Filterbobler og ekkokammer

For å forstå korleis miljø som dette kan oppstå, og kor lett det er for oss alle å hamne i ei slik felle, bør vi tenkje på kor viktig det er å verte utsatt for motstemmer. Vi treng å høyre motførestillingar til det vi trur på, vi treng å høyre på dei som har eit anna perspektiv og andre erfaringar enn kva vi har sjølv.

Filterbobler er eit uttrykk for kva som skjer når vi lar moderne media filtrere informasjon til oss. Den sender oss det vi har vist at vi er interessert i, og det vi har likt. Vi slepp då å få servert det vi ikkje har lyst til å lese, eller det vi ikkje er einige i. Det same gjeld for våre sosiale nettverk. Vi søkjer menneske som er interessert i det same som oss, og som har dei same meiningane som oss sjølv. Om vi held oss til dei for å orientere oss i verda, er det ein fare for at vi ikkje får høyre om noko anna enn det vi allereie er kjent med. Slik forsterker vi det verdsbiletet vi har. Dette er det same som skjer i ekstreme miljø og sekter.

I debattsamanhengar snakkar ein gjerne om ein ekkokammereffekt. Vårt sosiale nettverk vert eit ekkokammer der like idear vert kasta fram og attende, repetert i det uendelege. Motførestillingar slepp ikkje inn, eller vert i beste fall overdøyvd, fordi alle som deltar i utvekslinga har dei same tankane og ideane. Slik kan idear vekse til å verte uimotseielege sanningar. I den såkalla “debatten om debatten” som har herja etter 22. juli 2011, har ein ofte nytta ekkokammereffekten for å forklare korleis desse konspiratoriske kontrajihadistmiljøa har vakse fram på nettet, men det er viktig å forstå at vi alle kan ta del i slike ekkokammer. Det er ein naturleg del av måten vi sosialiserar på, både i og utanfor nettet. Nettet lar oss berre straumlinje og effektivisere informasjonen vi tar til oss, og risikoen er at vi då får eit særs einsretta bilete av komplekse situasjonar.

Motgifta til dette er sjølvsagt å bruke nettet aktivt til å oppsøkje motargument og motførestillingar til våre eigne meiningar. Å oppsøkje miljø og situasjonar som utfordrar det vi meiner er sant.

Dugnad eller sensur?

Stoltenbergregjeringa har nyleg tatt til orde for ein eigen lov mot netthat. Det er jo flott at politikarane vil syne at dei bryr seg, men hat på nett er ikkje noko som må verte handsama på eit særskilt vis.

Ytringar på nett er ikkje så ulike ytringar i andre offentlege samanhengar, som på ein kafé, på ein talarstol eller i ei avisspalte. Vi har lovverk mot injurier og rasisme som ville ha kunne vore gyldige dersom lova frå 2005 hadde fått tredd i kraft effektivt. I staden for må vi visstnok vente til politiet har naudsynt datautstyr i 2017. I mellomtida lir vi med eit lovverk for straffbare ytringar som stammar frå 1902, og som ikkje gjeld nyare digitale medier. Korleis eit ekstra lovverk skal kunne bøte på dette, er uvisst. Det er heller ikkje alt som kan verta løyst ved lov. Vi kan ikkje forby folk å ha meiningar, sjølv idiotiske eller horrible meiningar. Vi kan heller ikkje forby alle ytringar vi ikkje liker eller finn lite produktive, det er ikkje slik eit opent og sunt demokrati kan fungere. Vi kan ikkje ha tankepoliti, vi må finne eit anna vis å handtere debattfora på når dei har spora av.

Anonymitet har vore eit stikkord for mange når det kjem til å løyse problema i kommentarfelta til avisene. Problemet, vert det sagt, er at folk ikkje føler det same ytringsansvaret når dei ikkje må signere under fullt namn, til dømes med Facebook-kontoen sin. Ta frå kommentatorane høve til å vere anonyme, og dei vil oppføre seg. Problemet er at dei verste kommentatorane gladeleg står inne for det dei seier. Dei som til dømes frykter for jobben sin har gjerne eit pseudonym på Facebook.

Fokuset på anonymitet vitnar om ei manglande forståing på ulikskapen mellom anonymitet og pseudonymitet. Pseudonym vert her oppfatta som det same som å vere namnlaus eller identitetslaus. Men alle som har litt fartstid på nettet, i bloggar, irc eller forum, veit at eit «nick» (brukarnamn) er ein identitet. Ein identitet like viktig som, eller viktigare enn, ditt døypenamn. Det er namnet du har valt, og det er rolla du har valt å ta på deg. Konsekvent bruk av eit nick gjev deg eit rykte på godt og vondt. Dei fleste kommentarsystem nyttar registrerte nick, og desse nicka vert ein vedvarande identitet i systema. Vi veit “kven” dei er, og kva dei står for i andre samtaler.

Forkjemparane for å fjerne anonymitet og pseudonymitet argumenterer for at det vil hjelpe på stoda dersom ditt nick kan knyttast til din offline person, slik at familien din, naboane dine og sjefen din kan sjå kva du står for. Det kan hende, men med tanke på kva folk får seg til å skrive på Facebook eller kommentarfelt der fulle namn er påkrevd, så er det mykje som tyder på at dei verste trolla anten opererer under falskt namn, ikkje meiner det dei skriv er gale, eller rett og slett er umedvitne om det faktum at det dei skriv på nett kan få konsekvensar.

Andre har hevda at det er bra å få dei ekstreme ytringane fram slik at dei kan verta tilbakeviste. «Troll sprekk når det vert lys», seier dei. Folkloristen i meg fryder seg, men kan ikkje seie seg heilt einig. Troll vert gjerne til stein, og då vert vi aldri kvitt dei. Korkje ekstremistar eller internettroll vil verte særleg mindre ivrige av å få merksemd. Ved å gje dei talarstolar i aviser og andre fora har vi legitimert meiningane deira.

Vi må gjere det rake motsette av å legitimere dei: Vi må avvise ytringane deira. På sett og vis er dei som små barn eller unge som har sagt noko dumt, og vi må irettesette dei med all den myndigheit vi har. Vi må vise dei at det er lov å ha radikale og kritiske meiningar, men at dei òg må oppføre seg om dei skal få respekt for desse meiningane. Dei må lære spelereglane for debatt, og dei må lære seg anstendigheitas grenser. Vi må altså oppdra dei.

Tiltak

Nokre grep kan vi gjere med nettforum for å skape eit betre debattklima. Det viktigaste er at vi må ta innover oss at eit kommentarfelt krev ressursar. Det er ikkje berre å kjøpe ei løysing og hekte på nettsidene til avisa di, det krev vedlikehald. Dei to følgjande forslaga er langtfrå billige, så har ein ikkje råd til dette bør ein la vere å ha eit kommentarfelt. Det er meir skadeleg for debattkulturen å ha eit sirkus av eit kommentarfelt enn å ikkje ha eit kommentarfelt i det heile tatt.

Eit kommentarfelt krev for det første aktiv moderering. Ein må faktisk halde eit lite auge med det som går føre seg, og passe på at det held seg innanfor akseptable grenser. Nokon må ha myndigheit til å irettesette dei som er ufine eller respektlause. Nokon må konfrontere troll, og sette dei til skamme i full offentlegheit om naudsynt. Om det ikkje hjelp på oppførselen må dei kastas ut.

Moderering er bra, men ein må òg vere til stades og delta i debattane ein sjølv startar. Det vil seie at redaktørar og journalistar i aviser med kommentarfelt faktisk må nytte deler av arbeidstida si på å drøfte dei sakene dei sjølv har skrive. Professor i digital kultur ved Universitetet i Bergen, Jill Walker Rettberg, har eit fabelaktig bilete på dette: at du neppe vil invitere til fest heime hjå deg og så gå din veg og vone det går bra. Då er det garantert at du kjem til å finne ein ramponert heim i etterkant. Det vert ein betre fest om du tar folk i handa når dei kjem og synar dei at dette er nokon sin heim, at nokon faktisk har ansvaret. Det same gjeld for kommentarfelta. Ikkje berre sleng ut ei sak på nett og tru at alt ordnar seg, delta, syn at du bryr deg om saka og om kommentarfeltet. Syn at du eig det.

Eit generelt råd når det gjeld å debattere med troll og ekstremistar er at du aldri vil klare å overtyde dei til å endre meining. Ditt mål må vere å tale til det publikummet slike debattar alltid har. Syn at du er i stand til å argumentere både sakleg og emosjonelt, syn kvifor ditt perspektiv er det beste. Det er eit publikum av vanlege folk du skal overtyde, ikkje fanatikarar og pøblar.

Eit opent og interaktivt internett sådde frø til ein draum om ei utvida offentlegheit, på tvers av sosiale og fysiske skilje. Og du finn denne offentlegheita her og der på nett, på Twitter og lukka kretser på Facebook, men jo meir opent eit kommentarfelt og eit forum er, jo meir skremmande er inntrykket. Ein kan miste trua på menneskeheita av mindre. Winston Churchill skal ein gong ha sagt at det beste argumentet mot demokratiet fekk ein etter fem minutt med den gjennomsnittlege velgar. Du treng neppe heile fem minutt i eit kommentarfelt for å oppnå same effekt.

Nettet har framleis eit potensial for å styrke offentlegheita, og det ligg der meir eller mindre uforløyst. Det vi manglar er ein danna debatt. For ein danna debatt treng vi danna menneske. Om vi er anonyme, pseudonyme eller bruker fullt namn speler inga rolle, det viktigaste er at vi kan verte einige om spelereglane og premissane for diskusjonane. Om vi er krasse og tidvis slemme gjer ingenting, så lenge det ufine, det vulgære og det rasistiske vert luka ut. Til det treng vi gartnarar. Gode debattleiarar, aktørar og redaktørar.

Internett byr på gode høve til å utvide samtalen. Vi må berre verte flinkare til å føre han.

 

Fotnotar:

  1. Øyvind Strømmen (2011) Den mørke nettet og Øyvind Strømmen (2013) Den sorte tråden.
  2. Som bloggaren Bjørn Stærk har utforska i fleire samanhengar.
  3. For ei drøfting av skiljet mellom islamkritikk og paranoid islamofobi kan de lese «Kva er egentlig «islamofobi»? av Arnfinn Pettersen i Humanist 2/2012. Tilgjengeleg på Humanist.no.
  4. Sjå http://www.vepsen.no/2013/01/nedsnodd-sian-pa-stand/ og http://www.vepsen.no/2012/04/ekstremistsirkus-i-arhus/

Av Kristian Bjørkelo

Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist. Han har gitt ut bøkene Gi meg en scene! om norsk blogghistorie og Ekstremisme, etter å ha fulgt ulike ekstreme miljøer i 15 år.